Tysdag 17. september
kl. 9 - 12 på Teams
PROGRAM
- 09.00 - 09.10 Informasjon
- 09.10 - 09.30 Pharma Nord: Mediene har fokusert på to næringsstoffer
- 09.30 – 9.50 Mycotech Pharma: AndoSan - et nytt paradigme innen komplementær behandling
- 09.50 – 10.00 Pause
- 10.00 – 10.45 Heidi Brorson, Kreftforeningen: Generelt om Kreftforeningen sitt arbeide
- 10.45 – 12.00 Spørsmål og ordskifte
Me har denne gongen fått med oss Heidi Brorson frå Kreftforeningen. Ho vil informera generelt om Kreftforeningen sitt arbeide - deretter vil ho fokusera på faresignaler i høve kreft, og når tid ein bør oppsøkja lege. Dette er nyttig kunnskap for ein naturterapeut som også bør vita når ein skal senda pasientar vidare til meir adekvat behandling. Vidare kjem ho også inn på kosthald - kva som er sant og kva som er usant i denne samanhengen.
NNHs nettseminar er ein viktig del av vårt arbeid med kontinuerleg fagleg oppdatering, som kvart medlem er pliktig til i høve våre yrkesetiske retningslinjer. Nettseminarene er åpne for alle. Me ynskjer at mange blir med oss denne dagen.