Til
Helse- og omsorgskomiteen
NNH er blitt gjort merksam på Prop. 63 L (2023-2024) Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (administrative reaksjonar, karantenetid før søknad om ny autorisasjon mv.) – gjennom oppslag i Dagens medisin. Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre blir her sitert fylgjande:
Han erkjenner imidlertid at det finnes gråsoner og behandlingstilbud som faller utenfor autorisasjonssystemet og de «vanlige» helsetjenestene som reguleres etter helselovgivningen.
– Lovforslaget vil ikke hindre at helsepersonell som har mistet autorisasjonen, gir alternativ behandling eller bruker titler som ikke krever autorisasjon, sier Vestre.
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) stiller strenge krav til medlemskap, og krev også omfattande dokumentasjon i høve utdanning og andre forhold. Samstundes er søknadsprosessen eit tillitsforhold mellom søkjar og organisasjon. I nokre tilfelle vil dette kunne omfatta informasjon som søkjar burde ha opplyst om, og som kan ha betydning for medlemskap.
I saksutgreiinga kjem det fram at HOD meiner at det må gå fram av helsepersonellregisteret (HPR) at ein person er pålagt forbod mot å yte helsehjelp. Departementet foreslår derfor ei endring i helsetilsynsloven § 10 der forbod mot å yte helsehjelp inngår som ein administrativ reaksjon som skal kome fram av HPR.
NNH vil gjerne støtta opp under dei forslaga som HOD kjem med. Ein føresetnad er at me som organisasjon også har tilgang til informasjon i eit slikt HPR-register, enten direkte eller gjennom registerorganet frå sak til sak.
Legg ved lenke til våre Yrkesetiske retningslinjer som i pkt. 2 omhandlar Naturterapeuten og offentlig regulering/lovverk/vedtekter.
Med helsing
John Petter Lindeland
Styreleiar
Bente Wemundstad
NNH Dagleg leiar
21. mai 2024