Draumen om den kontekstsfrie og verdinøytrale sanninga
Bokomtale av "Evidensbasering – det nye sannhetsmaskineriet" av Trond Skaftnesmo.
Med NRK-programmet ”Folkeopplysningen” friskt i minne, er denne boka eit kjærkome innslag når det gjeld å skapa kunnskap om korleis me i framtida kan byggja bru mellom såkalla objektiv og subjektiv vitskap.
For me som til dagleg arbeidar med individuelle behandlingsstrategiar, er boka høgaktuell og gjev solid innsikt i dei utfordringane som gjer seg gjeldande når ein ynskjer å dokumentera slik praksis.
I motsetnad til boka Snåsakoden av Kristian Gundersen, der føremålet var å slå fast at naturmedisin og alternativ behandling saknar eit kvart vitskapleg fundament og difor bør kastas på den medisinske likhaugen, set Skaftnesmo si bok fokus på vitskapshistoria og prøver å forstå den såkalla evidensrørsla (les gjerne: hard science) i ein større kulturhistorisk kontekst. Boka fyller etter mi meining ”det vitskaplege tomrommet” som oppsto etter Folkeopplysninga og Foreningen Skepsis sin kampanje mot vår sektor. Vona er at me i framtida kan få eit meir nyansert ordskifte og spesielt at diverse mediefolk les denne boka.
Boka har også eit interessant og klargjerande forord av professor i psykologi ved Høgskulen i Volda, Tor-Johan Ekeland. Han skriv blant anna:
”Evidensrørsla har klart å skape ei oppfatning av at dei er meir på parti med vitskapen enn sine kritikarar, mens den i praksis har fleire dogmatiske trekk og er lite open for kritikk. Det dogmatiske ligg mellom anna i trua på at å sortere kunnskapen etter eit bestemt hierarki av metodedesign vil gi rangering av kva kunnskap som er best for bruk i praksis. I vitskapshistoria er ikkje dette nokon ny tanke, men blant vitskapsteoretikarar rekna som å vere oppgidd for lengst, og ei kvar moderne metodebok vil leggje vekt på at det er fenomena og problema ein studerer sin eigenart som må avgjere metodebruken. Ingen metodar er teorinøytrale – dei impliserer førestillingar om den verda dei vil (be) gripe”.
Forfattaren viser under temaet evidensbasering i skule og samfunn, at ei slik tilnærming har fleire tangeringspunkt med den metodediskusjonen me har innan naturmedisin og alternativ behandling. Hierarkiet av ulike metodar der RCT (randomized clinical trials) tronar øvst, kan gje eit resultat som ikkje fangar opp dei individuelle og meir komplekse forholda som kan ha betydning for resultatet. Og i vår praksis møter vi sjeldan dei pasientane som er mest tilpassa ein RCT-metode. Dei fleste pasientar har eit komplekst sjukdomsbilete og vil krevja ein individualisert behandlingsstrategi. Kombinert med at ein slik forskingsmetode er svært ressurs– og kostnadskrevjande, tilseier dette at det stort sett er aktørar med store økonomiske «musklar» som har høve til å gjennomføra slik forsking og som dermed kan skaffa seg store økonomiske fordelar på sikt. Sanninga om kva som i eit kvart tilfelle er best praksis, er såleis ikkje berre avhengig av best forskingsmetode og kvalitet, men også storleiken på pengebingen dei ulike aktørane forvaltar. At biokjemien er dominerande innan vestleg medisin, er difor ikkje noko overrasking. At dette er ei demokratisk utfordring og på sikt eit svært kostnadskrevjande prosjekt, burde ikkje overraska nokon som fylgjer litt med i helsedebatten.
Sjølv om forfattaren er kritisk til RCT-metoden, utelukkar han ikkje metoden:
«RCT er åpenbart et kraftig verktøy for å gi statistisk belegg for visse effekter, spesielt slike som er relativt svake, universelle og lite kontekstsensitive. Men det betyr ikke at slike studier er best egnet til alle typer spørsmål og faglige kontekster».
Til det siste kunne ein kanskje tilføya: når lidinga blir oppfatta som sjølve sjukdomen, blir behandlingsstrategien fragmentert og me får ei oppdeling i spesialitetar som hindrar ein å sjå heile menneske – både som heilskapleg organisme og biografi.
Konklusjon
Om eg skulle koma med ein liten kritikk, kunne eg ynskja meg eit stikkordsregister og ei oversiktleg forklaring på einskilde sentrale ord og omgrep.
Trond Skaftnesmo har i år takka ja til å vera med som forelesar ved Nordisk naturmedisinsk fagkongress på Sundvolden i slutten av oktober. Nytt høvet til å bli undervist av ein dyktig pedagog som eg trur også kan gje heile sektoren vår eit anna og meir nyansert syn på kvar me står i forhold til den vitskapsteoretiske tradisjonen – og ikkje minst i forhold til den ofte nedlatande og ironiske mediedebatten.