Bruk RESF!
Meld pasientkasus i registeret ved UiT/NAFKAM.
Hovudbodskapen i denne artikkelen er at registeret nå er åpent for historiar frå pasientar som har opplevd eit eksepsjonelt sjukdomsforløp, sjølv om det ikkje er snakk om kronisk eller alvorleg sjukdom – og sjølv om det ikkje har vore ein medisinsk dokumentert diagnose. I tillegg er registeret utvidet til også å omfatta sjukdomsforløp knytta til psykisk sjukdom, som tildømes depresjon eller fobier.
I praksis vil dette seia at me som terapeutar kan oppmoda våre pasientar til å registrera sine historiar uavhengig av diagnose frå lege og uavhengig av sjukdomskarakter. Dette gjeld sjølvsagt både positive og negative forløp.
Dokumentasjon og innsamling av data er svært viktig med omsyn til både fagleg utvikling, pasienttryggleik og samfunnet sitt krav til kunnskapsbasert behandlingsval når det gjeld våre tenester. Om det til dømes kjem inn fleire pasientkasus som omhandlar liknande sjukdomsuttrykk (cystitt, sinusitt, allergi, endometriose osb.) ved bruk av same terapiform eller kombinasjonsterapi, kan dette danna grunnlag for pilotforsøk og vidare studiar.
Det er pr 30.09.2012 registrert 365 sjukdomsforløp: 295 frå Norge, 63 frå Danmark og 7 frå Sverige. Dei største sykdomsgruppene er kronisk utmattingssyndrom/myalgisk encefalopati (CFS/ME, 79), multippel sklerose (MS, 75), kreft (60) og astma/allergi (20). Tjueein sykdomsforløp er registrert som uvanlig dårlege sjukdomsforløp, resten er uvanlig gode sjukdomsforløp. Slike tal er berre ein brøkdel av det som burde vore innmeldt og variasjonen av sjukdomsuttrykk er liten i forhold til vår terapeutiske kvardag. Difor: ver aktiv med å oppmoda pasientar til å senda inn si historie!
Dokumentasjon og innsamling av data er svært viktig med omsyn til både fagleg utvikling, pasienttryggleik og samfunnet sitt krav til kunnskapsbasert behandlingsval når det gjeld våre tenester.




