NNH internasjonalt
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) har i lengre tid engasjert seg i internasjonalt samarbeid. Organisasjonen får gjennom eit slikt arbeid høve til å utveksla informasjon som alle partar kan ha nytte av. Dette gjeld blant anna innsyn i ulik regulering og juridisk status, fagstandard, forsking og generell profesjonell utvikling.
NSK - Nordisk SamarbeidsKomite for komplementær og alternativ medisin
Organisasjonen er eit samarbeid mellom ledande naturterapeutiske organisasjonar i Sverige, Finland, Danmark, Norge og Island. Desse møtes to gonger årleg. Hovudmålet er utvikling av utdanningstandarar , utveksling av informasjon om politikkutvikling i dei nordiske landa, stimulera til forsking og arbeida for auka aksept av naturterapien.
NSK er også corresponding member i ECHAMP (European Coalition on Homeopathic and Anthroposophic Medicinal Products) som arbeider for at både homøopatiske og antroposofiske medisinar blir tilgjengeleg for både terapeutar og pasientar i framtida. Arbeidet rettar seg spesielt mot ulike EU-direktiv.
Kontaktpersonar i NNH:
Britt Mengkrogen britt@mengkrogen.no
John Petter Lindeland leiar@nnh.no
ETCMA - European Traditional Chinese Medicine Association
Ein paraplyorganisasjon for profesjonsforbund som representerer ulike område innan tadisjonell kinesisk medisin (TCM) med hovudmålsetting om å fremje aksepten av TCM hjå europeiske styresmakter og folk flest. ETCMA utveklsar erfaringar av felles interesse, slik som lovreguleringar av terapiformer og utvikling av utdanningsprogram innan TCM. NNH sine fagretningslinjer for akupunkturutdanning er eit viktig bidrag i så måte. No også omsett til engelsk av Jaigi Enar Tidemand.
NRN - Nordic Reflexology Network
NRN er en nordisk samarbeidsplattform for organisasjoner med medlemmer som er refleksologer og soneterapeuter.
Kontaktperson i NNH:
Anne-Mette Eriksen Hjemaas ameriksen@h-nett.no
Facebook-gruppe: Nordic Reflexology Interest Group
Freie Heilpraktiker
Ettersom Tyskland gjennom heilpraktikarlovgjevinga har lengst erfaring i Europa med offentleg regulering av naturterapi, har det vore naturleg for NNH å ha kontakt med eit av dei større forbunda som organiserar denne yrkesgruppa.