
Forslag til ny lov om alternativ behandling i Sverige
- bransjen er bekymra for strengare lovgjeving
Sverige har fått ny SOU om alternativ medisin - Komplementär och alternativ medicin och vård – säkerhet, kunskap, dialog. Til utgreiinga ligg det også forslag til ny lov om alternativ - og komplementær medisin. Begge dokumenta er omfattande. Den fyrste er på heile 642 sider, og den som omhandlar ny lov, er på 268 sider.
- Komplementär och alternativ medicin och vård - säkerhet, kunskap, dialog
- Komplementär och alternativ medicin och vård - ny lagstifting
Det er ikkje fyrste gongen dei svenske helsestyresmaktene har laga SOU-rapportar om komplementær og alternativ medisin. Den fyrste kom i 1989. Sidan er det laga to andre som kom høvesvis i 2004 og 2010.
Kanskje ikkje heilt overraskande, var det berre ein representant frå komplementær/alternative bransjen med i utvalet - diplomert homiatriker Irén Svensson-Nylén, frå Kommittén för komplementär och alternativ medicin (KAM). Når dette ikkje er heilt overraskande, er det fordi Sverige tradisjonelt har ein meir hierarkisk kultur i høve maktstrukturar. Den norske utgreiinga NOU Alternativ medisin 1998:21, hadde forutan fleire legar, med fem representantar frå den naturmedisinske sektoren – og fleire akademikarar frå den humanistiske kunnskapstradisjonen.
Hovudelement
Føremålet med utgreiinga og forslag til ny lov er:
- Å gje brukarar betre grunnlag for velinformerte val når dei vurderer å nytta komplementær og alternativ medisin, og samstundes styrka pasientrettar og tryggleik ved slik bruk.
- Integrering av nye behandlingsmetodar – t.d. dei ein finn innan den naturmedisinske tradisjonen – bør vera opphavsnøytrale og fylgja dei same kriterium for dokumentasjon som er gjeldande i dag.
Forslaga og tilrådingane kan ein summera opp i nokre få punkt:
- Kunnskapen om alternativ og komplementær medisin skal styrkjast for dei som arbeider innan det offentlege helsevesenet. Det bør setjast ned eit utval som skal koma med forslag korleis dette kan implementerast i utdanninga, og kva omfang dette skal ha.
- Betre og meir nøytral offentleg tilgjengeleg informasjon for publikum og pasientar.
- Forbod mot å utgreia og behandla barn under 15 år – og sjukdom i samband med graviditet, uansett alvorsgrad. Det skal likevel vera lov å gje symptomlindrande behandling.
- Forbod mot å behandla alvorlege lidingar. Men som nemnt ovanfor, er symptomlindring lov.
- Utvalet er negativ til å etablera eit offentleg register for utøvarar av alternativ behandling – slik ein har både i Norge og Danmark.
Høyringsrunde
Forslag til ny lov, som er utforma som ein straffelov liknande det ein har i Norge, er nå ute til høyring. Ein av bransjeorganisasjonane, Kommittén för komplementär och alternativ medicin (KAM), held på med sitt tilsvar. Camilla Lodin, homøopat og medlem av styret i organisasjonen, kan på eit nyleg møte i Nordisk SamarbeidsKomite for komplementær og alternativ medisin i København (NSK), opplysa at KAM har ein del bekymringar som dei ynskjer å setja fokus på:
– Vi er sjølvsagt bekymra for kor stor gjennomslagskraft dei ulike høyringsinnspela vil ha, sidan dagens forslag er meir liberal enn den gjeldande. Den svenske legeforeninga problematiserer blant anna med at dei ikkje ser korleis ein kan skilja mellom kva som er behandling av sjølve sjukdomen og kva som er symptomlindring – og at dette blir endå vanskelegare for dei som ikkje autorisert helsepersonell. Dei ynskjer eit totalforbod når det gjeld behandling av barn under 15 år, gravide og alvorlege lidingar. Vår organisasjon ynskjer liknande lover som i dei andre nordiske land.
Ei anna bekymring er informasjonen om alternative behandlingsmetodar. Det er forslag om å leggje dette inn i ein offentleg behandlingsgaid – såkalla 1177. Spørsmålet er kven som skal
leggja inn fakta – leger, terapeutar, organisasjonar eller eit samarbeide mellom desse?
Register
Utvalet er negativ til eit offentleg register for utøvarar av alternativ behandling, slik ein har både i Norge og Danmark.
– Ja, det stemmer. Dei har ikkje grunngjeve kvifor dei har landa på eit slikt standpunkt. Det kan vera at dei ikkje vil ha diskusjon omkring moms eller ikkje-moms knyta til ei slik ordning, sier Camilla Lodin.
Etter høyringsrunden blir det laga ein proposisjon som blir førelagt Riksdagen for vedtak – forhåpentlegvis til neste år.
Det kan opplysast at NNH har støtta KAM med nyttig informasjon om prosess og reguleringsregimet i Norge, noko dei har vore takksame for.