Kinesiologi

Generelt om NNH-terapeuters behandlingstilbud

Ein godkjent NNH-terapeut er pålagt i si marknadsføring spesielt å nemna den eller dei terapiformene vedkomande har godkjenning i, slik at pasientar kan være trygge på å få kvalifisert behandling i dei terapiformene som blir nytta - uansett om dette er ein eller fleire. Når det gjeld tilleggsterapiformer som blir nemnt og som NNH ikkje har godkjenning for, har terapeuten ansvar for nødvendig og forsvarleg kompetanse. Dette er også stadfesta i ansvarsforsikringa som kvar einskild terapeut har.

Dei ulike faggruppene eller sentralstyret/landsmøtet i NNH har hovudansvaret for å fastsetja utdanningsnivå i dei ulike faga. Omsynet til at dei fleste integrerar fleire terapifag i sin praksis, har gjort at NNH satsar på å kvalitetssikra solide grunnutdanningar tilpassa ein naturterapeutisk praksis og med gode føresetnadar for vidare spesialisering - jfr. dei ulike fagkrava under terapibeskrivelsane.

Fagkrava i dei allmenndannande faga er i dag på minimum 300 undervisningstimar eller tilsvarande 30 studiepoeng i høgskulesystemet for grunnmedisinske fag (anatomi, fysiologi, patologi osb.), 50 undervisingstimar i Generelle fag (etikk, kommunikasjon osv.) og 110 timar i Naturmedisinsk grunnutdanning.

Hovudmålet med desse allmenndannande faga er å utdanna terapeutar med ein høg etisk standard, gjera dei i stand til å kommunisera med andre fagprofesjonar og utvikla ei kritisk tenking til både seg sjølv, sitt eige fag, etablerte sanningar og nyare forsking/kunnskap. Vidare å skapa ei forståing for hovudprinsippa innan ulike klassiske naturmedisinske system for dermed å tydeleggjera den naturterapeutiske identiteten og komplettera forståinga og utøvinga av dei ulike terapiformene.

NNH har vedtektsfesta etiske regler som medlemma er forplikta til å fylgja.

Organisasjonen har også eit klageorgan/etisk råd som pasientar kan bruka om dei meiner seg feilbehandla i forhold til nemnde regelverk. Terapeutmedlem pliktar å ha oppslag om dette på venterom/kontor.