NNHs historie

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjons logo

NNH ble etablert som en selvstendig organisasjon 12.11.1994, og var resultat av en reorganisering av Sentralrådet for Norske Naturterapeuter (SFNN). Om Aarbakkeutvalgets arbeid, Lov om alternativ behandling og andre endringer av forskrifter og lover som berører vår bransje. Internasjonalt arbeide, nasjonale samarbeidspartnere og arbeidet innen organisasjonen fram til feiringen 20 års jubileumet.

Lov og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling er mogen for revisjon (03.07.2014)

NNH støttar Forbrukarombudet sitt ynskje om revisjon av lover og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling – jfr. pressemelding i samband med møte med Helseministeren. Dette bør gjerast ved å setja ned eit breitt samansett utval som blant anna bør koma med forslag om standard fagprofesjonalitet og organisasjonskompetanse knyta opp til Registeret for utøvarar av alternativ behandling

Eit register til ettertanke

I § 1 i Forskrift om frivillig registerordning blir det stadfesta at ”Registerordninga skal vere med på å vareta pasientvernet og forbrukarrettane for den som oppsøkjer ein registrert alternativ behandlar. I tillegg skal ordninga medverke til seriøsitet og ordna forretningstilhøve blant utøvarar av alternativ behandling.”

NNH godkjent som organisasjon av Sosial- og helsedirektoratet (21.07.2006)

Oslo, 21. juli 2006 I samband med opprettinga av den frivillige registerordninga for utøvarar av alternativ behandling, er Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon godkjent som utøvarorganisasjon. Forslaget til oppretting av dette registeret kom frå eit utvalg oppretta av Sosial- og helsedepartementet i april 1997. Dei leverte ein rapport – NOU 1998:21 Alternativ medisin – som seinare danna grunnlaget for både rettslege og utanomrettslege tiltak gjennom Ot.prp. nr. 27. Av rettslege tiltak blei det gjennom denne odelstingsproposisjonen bestemt at bl.a. kvakksalverloven skulle opphevast og erstattast av ein ny Lov om alternativ behandling og ei frivillig registerordning for utøvarar av alternativ behandling skulle etablerast. Om føremålet for ordninga heiter det i registerforskrifta § 1: ”Registerordningen for utøvere av alternativ behandling skal bidra til økt ivaretakelse av pasientsikkerhet og forbrukerrettigheter for den som oppsøker en registrert behandler, samt bidra til seriøsitet og forretningsmessige ordnede forhold blant utøvere av alternativ behandling”. Kravet til godkjente organisasjonar er bl.a. at dei har vedtekter som stillar faglege krav når det gjeld medlemskap, etisk regelverk, forretningsmessig forsvarleg verksemd, informasjonsplikt overfor brukarar, journalføring og forsvarleg oppbevaring av pasientopplysningar og klageorgan for pasientar. Godkjenninga stadfestar ikkje noko om effekt/kvalitet når det gjeld alternativ behandling eller den einskilde utøvar. Ei godkjenning av NNH som organisasjon, inneber at kvart terapeutmedlem har registreringsrett i dei medlemsgrupper/terapiformer som Sosial- og helsedirektoratet har godkjent. For publikum/pasientar er det nå høve til å søkja opplysningar både om organisasjonar og terapeutar i Brønnøysundregistrene – Registeret for utøvarar av alternativ behandling. Ettersom NNH fekk si godkjenning 30. juni d.å., vil […]