Fagleg oppdatering og pasienttryggleik

Gjennom NNH sitt etiske regelverk er alle terapeutmedlem i organisasjonen forplikta både etisk og moralsk til å oppdatera seg fagleg. Innan akademia ville dei kalla dette Continuing Professional Development (CPD). På godt norsk kunne ein kalla dette for Kontinuerleg Fagleg Oppdatering (KFO). Ordet kontinuerleg er det sentrale i dette omgrepet, fordi det peikar på at denne oppdateringa ikkje er tidsavgrensa, men skal vera prega av jamn innsats og påfyll i heile yrkesperioden.