Alternativ behandling og meirverdiavgift

Oslo 27. april 2018 Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) er kjent med at det går føre seg ein debatt om meirverdiavgift eller ikkje knyta til naturmedisin og alternativ behandling – sist på Dagsnytt atten 25. april. Polariseringa i debatten viser at behovet for nyansering er nødvendig. Registeret og meirverdiavgift Litt historikk. Finansdepartementet gjorde i 2008 vedtak om at alle terapeutar som er registrert i Registeret for utøvarar av alternativ behandling har fritak frå meirverdiavgift på sine tenester, gjeldande frå 1. jan. 2009. Regelen gjeld også autorisert helsepersonell som tilbyr slike tenester, utan at desse treng stå i nemnde register. Inntil denne datoen var det berre enkelte terapifag som hadde fritak. NNH har heilt sidan dette vedtaket blei gjort gjeldande, vore kritisk til at det samstundes ikkje blei knyta offentlege fagkrav til å vera med i register. Helseforvaltninga kunne brukt dette som eit styringsverktøy for både å styrka fagkompetansen og pasienttryggleiken, eit mål som er tydeleg formulert i Ot.pr. nr. 27 Om lov om alternativ behandling. Slik registeret fungerer i dag, bryt dette med det som blir oppfatta som vanleg standard innan arbeids/samfunnsliv: ulike rettar/privilegium – løn, tittel osb. – blir tildelt dei som kan visa til eller dokumentera ein forventa innsats i form av utdanning, arbeidstid osb. Dagens reguleringsregime svekkjer motivasjonen til å ta lengre utdanningar, når ein veit at terapeutar med nokre weekend-kurs får dei same rettane: mva-fritak og offentleg tittel Registert terapeut. Offentleg «subsidiering» av uforsvarleg kunnskapsnivå er ingen tent med – og er ein fare for pasienttryggleiken. NNH […]