Møte om behandling av barn: Auka tendens til sjukleggjering er urovekkjande

Etter TV2 programmet Helsekontrollen, der eit av innslaga hadde fokus på behandling av barn med alternative medisinske metodar, tok NNH initiativ til dialogmøte mellom Norsk barnelegeforening, Landsgruppen av helsesøstre NSF og NAFKAM.  Føremålet var informasjonsutveksling knyta til reaksjonar på nemnde program, kommunikasjon/etikk og elles erfaringar i møte med denne behandlingstradisjonen.