Kjenslemessige låsingar er eit stort problem i diskusjonen kring homøopati | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

11.05.2013
Kjenslemessige låsingar er eit stort problem i diskusjonen kring homøopati

   
Robert Hahn
Lege og forskar
- Professor Vinjar Fønnebø påstår at ti gjennomgongar av meta-analysar når det gjeld homøopati, viser at behandlinga saknar effekt. Eg har sjølv berre sett fire meta-analysar der ein strevar etter å summera alle blinde randomiserte kliniske prøvingar (RCT) om homøopati . Om det finns fleire rimeleg aktuelle gjennomgongar vil eg gjere bli tipsa om desse.


 
 
 
Av
Robert Hahn
Lege og forskar 
 
Her vært vist til Fønnebøs artikkel "Ikke fullt så raskt, Hahn" i Naturterapeuten nr. 4/2012 http://nnh.no/article.aspx?id=9&subid=920
 
Den einaste som er truverdig av desse, er Linde (1997). Sjå referansar 1 - 4 nederst på sida.
 
Studie 2 (Ernst 2002) gjev seg ut for å vera ein meta-analyse, men er i røynda ein systematisk oversikt. Den er rimeleg partisk, men det fører for langt å diskutera saka her.
 
Dei øvrige to meta-analysane konkluderer at homøopati saknar effekt fyrst etter at forfattarane har ekskludert meir enn 95 % av alle RCTane. Når ein forskar uttalar seg om effekten av ein medisin ved ulike sjukdomar og samstundes ignorerer mest alt eksisterande datagrunnlag, så har det oppstått tre problem:
   a. Ein uttalar seg ikkje lengre om datagrunnlaget, utan om ein ubetydeleg brøkdel.
   b. Med alle eksklusjonar mistar ein gradvis den statistiske moglegheiten for å påvisa reelle skilnader.
   c. Den endelege vurderinga blir styrt utelukkande av dei sjukdomar som rakk å inngå i dei resterande studia.
 
Ein illustrasjon av det siste punktet er at meta-analysen av Shang (Referanse 4) skulle ha gjeve ein statistisk signifikant fordel for homøopati om forfattaren ikkje hadde ekskludert 96 % av materialet utan å ha fjerna ytterlegare ein studie (Referanse 5). Eg kallar slikt for ”flip-flop” fenomen – materialet er så ustabilt at ein minimal forandring av føresetnadane vender opp-og-ned på resultatet. I dette tilfellet hadde datagrunnlaget blitt gjort statistisk ustabilt med vilje. Eg kan seia dette av di hovudforfattaren allereie for fleire år sidan bandt seg opp med konklusjonen om at homøopati saknar effekt (Referanse 6).
 
Kor mange studie er det gjort med homøopati ved einskilde sjukdomar?
Nå bytter professor Vinar Fønnebø emne. Mitt ærend var å granska meta-analysane av homøopati der resultatet frå alle sjukdomar og typar av homøopatisk behandling var samla. Eg tek ikkje stilling til kva det fins for evidens for homøopati ved spesifikke sjukdomar.
 
Eg vurderar sjølv at meta-analysar basert på samla (poolade) materiale er tvilsame. Det mest korrekte er å studera sjukdomar kvar for seg. Figurane i Linde sitt studie frå 1997 gjev eit bra hint om i kva sjukdomstilstandar homøopatisk behandling kan ha nokon verdi, til dømes allergisk rhinit (Referanse 7).
 
Kor stort bortfall kan ein akseptera i ein vitskapleg studie?
Jo størrre bortfall, jo lågre validitet (gyldigheit). Spørsmålet gjaldt her ved kva nivå ein heilt kan sjå bort frå (ekskludera) ein studie. Tala som er nemnt i min artikkel er gjeve av den svenske Sosialstyrelsen sin eigen epidemiolog. Bortfall som er mindre vurderar han at ein kan handtera med statistiske metodar (slik som intention-to-treat) eller heilt enkelt ta mindre omsyn til studiets resultat.
 
Slik har ein ikkje gjort i metaanalysar som hjå Cucherat (3). Der tok forfattarane bort alle studie som hadde eit bortfall på meir enn 5 %. Blei det rettferdiggjort? I fylgje ekspertar i Sverige så er det ikkje rettferdiggjort. Om Cucherat hadde akseptert endå eit litt høgre bortfall, opp til 10 %, så viser han sin metaanalyse at risikoen er mindre enn 1 på 100 for at homøopati ikkje er betre enn placebo. Dette går ikkje fram før ein les artikkelen nøye. Og endå baserast resultatet på dei 9 beste av totalt 150 studie.
 
Verkar det homøopatiske midlet?
Kjenslemessige låsingar er det største problemet i diskusjonen kring homøopati. Tradisjonelt avfeiar den akademiske medisinen behandlingar der ein ikkje kjenner mekanismen eller oppfattar den som ulogisk. Men etter introduksjonen av ”evidensbasert medisin” på midten av 1990-talet, så får ein nå føra diskusjonen på ein annan måte. Nå rekk det å visa til at ein behandling fungerer for at den skal kunne brukast. Dette faktumet har sjølvsagt utfordra skulemedisinen når det gjeld homøopati. I fleire av dei meta-analysane som eg refererer til, er difor ideologiske og kjenslemessige låsingar openberre.
 
Den beste måten å handtera situasjonen på er tydeleg å skilja mellom evidensvurdering og tilrådingar og la dei utformast av ulike personar. Evidensvurdering er ein objektiv prosess og handlar om å finna ut om ein effekt eksisterer og kor stor den er. Å formulera tilrådingar handlar om å vurdera nytten. Den skal vera subjektiv. Kanskje finnes det andre medisinar som er meir effektive? Kanskje homøopatien har biverknader? Kanskje manglar det personar som kan utføra behandlinga? Kanskje den er for dyr? Og kanskje det mest kritiske spørsmålet – blir homøopatien i praksis brukt på same måte som det går fram av meta-analysane?
 
Dei som blandar saman desse rollene forvrenger gjerne beviset med det for auga å kunne gje ei spesifikk tilråding. Meta-nalysane av samla homøopati-materiale er eit bra døme på dette dilemmaet.
 
Referansar
  1. Linde K, Clausius N, Ramirez G, Melchart D, Eitel F, Hedges LV, Jonas WB. Are the clinical effects of homeopathy placebo effects? A meta-analysis of placebocontrolled trials. Lancet 1997;350:834– 43. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/9310601
  2. Ernst E. A systematic review of systematic reviews of homeopathy. Br J Clin Pharmacol 2002;54:577–82. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/12492603
  3. Cucherat M, Haugh MV, Gooch M, Boissel J-P. Evidence for clinical efficacy of homeopathy. A meta-analysis of clinical trials. Eur J Clin Pharmacol 2000;56:27–33. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/10853874
  4. Shang A, Huwiler-Münterer K, Nartey L, Jüni P, Dörig S, Sterne JA, Egger M. Are the clinical effects of homeopathy placebo effects? Comparative study of placebocontrolled trials of homeopathy and allopathy. Lancet 2005;366:726–32. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/16125589
  5. Ludtke R, Rutten AL. The conclusions on the effectiveness of homeopathy highly depend on the set of analyzed trials. J Clin Epidemiol 2008;61:1197–1204. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/18834714
  6. Sterne JAC, Egger M, Smith GD. Investigating and dealing with publication and other biases, variability within and between studies. In: Eggers M, Smith GD, Altman DG, eds. Systematic Reviews in Health-care: Meta-analysis in Context. 2nd ed. London: BMJ Publishing Group; 2001:201–206.
  7. Taylor MA, Reilly D, Llewellyn-Jones RH, McSharry C, Aitchison TC. Randomised controlled trial of homeopathy versus placebo in perennial allergic rhinitis with overview of four trial series. Br Med J 2000;321:471-6.http://www.bmj.com/content/321/7259/471


Vedlegg:
NT 01 2013 - Kjenslemessige låsingar er eit stort problem i diskusjonen kring homøopati


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers