Legemiddelforbruk og naturmedisin - tid for nytenking? | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

01.04.2013
Legemiddelforbruk og naturmedisin - tid for nytenking?

Foto: dima v (stock.xchng)

Apotekforeningen har nyleg publisert ei oversikt over legemiddelforbruket i Norge som syner at det i 2012 blei omsett legemidlar for 18,6 milliardar, ein auke på 3,3 % frå 2011. NNH er uroa av kva verknad eit slikt høgt legemiddelforbruk vil ha for den einskilde med omsyn til biverknadar/resistens og for miljøet.


Pressemelding
 
Legemiddelforbruk og naturmedisin – tid for nytenking?
Apotekforeningen har på si web-side presentert ein artikkel om legemiddelforbruket i Norge i 2012. Artikkelen slår fast at det i nemnde år blei omsett legemidlar for 18,6 milliardar, ein auke på 3,3 % frå 2011. Reseptpliktige midlar forordna av legar utgjer 88,4 % av samla omsetning. Totalt omsette apoteka for 24,7 milliardar kroner i 2012, noko som tilsvarar kr. 3.654 pr. innbyggjar.
 
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) erkjenner at god helse er avhengig av mange faktorar. Sidan me alle er individuelle skapningar og responderer ulikt på ulike forhold, er det difor viktig å ha eit mangfald i det terapeutiske feltet. Livsviktige legemidlar i samband med alvorlege eller akutte sjukdomar er ein del av dette mangfaldet som alle burde vera glade for at me har tilgang til.
 
Når det gjeld kroniske sjukdomar av mindre alvorleg karakter, meiner NNH at både den einskilde og samfunnet som heilskap ville vera tent med å vurdera andre tiltak enn biokjemiske legemidlar. Det bør framover brukast langt større ressursar for å dokumentera effekten av ulike behandlingsmetodar ved same sjukdom/diagnose – her inkludert metodar innan den naturmedisinske tradisjonen som både omhandlar behandling og førebyggjande tiltak.
 
NNH er uroa av kva verknad eit slikt høgt legemiddelforbruk vil ha for den einskilde med omsyn til biverknadar/resistens og for miljøet. Det er etter kvart blitt meir merksemd kring legemidlar sitt omfang i sjø/drikkevatn og kva verknad dette har på menneske og anna liv.
 
Kontakt:
For ytterlegare kommentar, kontakt NNHs leiar John Petter Lindeland, 94890152/ jplindeland@gmail.com
 
------------
 
Se også
Apotek og legemidler 2013 [Apotekforeningen]
det nærmeste man kommer en komplett oversikt over legemiddelforbruket i Norge i 2012.


Vedlegg:
Legemiddelforbruk og naturmedisin - tid for nytenking?


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers