Bruk RESF! | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

05.03.2013
Bruk RESF!

   
Meld pasientkasus i registeret ved UiT/NAFKAM.


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
 
Eg viser i denne samanhengen til artikkel i Naturterapeuten nr. 1/2011 – NAFKAM endrer inntakskravene for Registeret for eksepsjonelle sykdomsforløp http://nnh.no/article.aspx?subid=714
 
 
Hovudbodskapen i denne artikkelen er at registeret nå er åpent for historiar frå pasientar som har opplevd eit eksepsjonelt  sjukdomsforløp, sjølv om det ikkje er snakk om kronisk eller alvorleg sjukdom – og sjølv om det ikkje har vore ein  medisinsk dokumentert diagnose. I tillegg er registeret utvidet til også å omfatta sjukdomsforløp knytta til psykisk sjukdom,  som tildømes depresjon eller fobier.
 
I praksis vil dette seia at me som terapeutar kan oppmoda våre pasientar til å registrera sine historiar uavhengig av diagnose  frå lege og uavhengig av sjukdomskarakter. Dette gjeld sjølvsagt både positive og negative forløp. Vi har laga eigen menyknapp til RESF på høgre menyfelt for å gjera det lettare for brukarar å nytta denne tenesta.
 
Dokumentasjon og innsamling av data er svært viktig med omsyn til både fagleg utvikling, pasienttryggleik og samfunnet sitt krav til kunnskapsbasert behandlingsval når det gjeld våre tenester. Om det til dømes kjem inn fleire pasientkasus som omhandlar liknande sjukdomsuttrykk (cystitt, sinusitt, allergi, endometriose osb.) ved bruk av same terapiform eller kombinasjonsterapi, kan dette danna grunnlag for pilotforsøk og vidare studiar.
 
Det er pr 30.09.2012 registrert 365 sjukdomsforløp: 295 frå Norge, 63 frå Danmark og 7 frå Sverige. Dei største  sykdomsgruppene  er kronisk utmattingssyndrom/myalgisk encefalopati (CFS/ME, 79), multippel sklerose (MS, 75), kreft (60) og astma/allergi (20). Tjueein sykdomsforløp er registrert som uvanlig dårlege sjukdomsforløp, resten er uvanlig gode  sjukdomsforløp. Slike tal er berre ein brøkdel av det som burde vore innmeldt og variasjonen av sjukdomsuttrykk er liten i forhold til vår terapeutiske kvardag. Difor: ver aktiv med å oppmoda pasientar til å senda inn si historie!
 
Dokumentasjon og innsamling av data er svært viktig med omsyn til både fagleg utvikling, pasienttryggleik og samfunnet sitt  krav til kunnskapsbasert behandlingsval når det gjeld våre tenester.


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers