Etter "Folkeopplysninga" | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

03.02.2013
Etter "Folkeopplysninga"

    
John Petter Lindeland
Leiar NNH
NRK-programmet Folkeopplysningen skapte i fjor haust eit sterkt engasjement blant både motstandarar og tilhengarar av naturmedisin og alternativ behandling. Ordskiftet i dei ulike media var ei salig blanding av alt frå usaklege og syrlege merknader til støtteerklæringar og av og til nyanserte innspel. Retorikken bar også preg av det eg vil kalla fundamentalistiske haldningar når det gjeld forholdet til vitskap og tilnærming til fenomen ein sjølv ikkje har sett seg inn i.


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
 
Om eg tek utgangspunkt i min eigen kronikk på NRKs nettside Folkeopplysning som ironi, var det påfallande mange motstandarar som hadde mobilisert, med dertil få støtteerklæringar frå brukarar og terapeutar. Sjå http://www.nrk.no/ytring/folkeopplysning-som-ironi...
 
Retorikken bar også preg av det eg vil kalla fundamentalistiske haldningar når det gjeld forholdet til vitskap og tilnærming til fenomen ein sjølv ikkje har sett seg inn i. Det er ingen tvil om at vår digitaliserte verden har skapt ein arena for stuntargumentasjon der generalisering er ofra til fordel for nyansering. Om folk flest blir klokare av ei slik tilnærming, er vel heller tvilsamt. For meg vekkjer det minne om tidlege ungdomsår der målet ikkje primært var ny innsikt, men å vinna debatten. Den ungdommelege iver kan ein unnskylda, verre er det med vaksne som endå ikkje har etablert eit danningsnivå som står i stil til alderen.
 
Retorisk underhaldning
Mine samtalar med etablerte forskarar i etterkant av programmet kan i få ord samanfattast slik: media, og spesielt fjernsyn, er av vesen lite eigna til å skapa innsikt i område ein ynskjer å undersøkja.
 
Programskaparane er stort sett oppteken av polarisering og ikkje av nyansering. Eg spurte om nokon av dei blei inviterte til slike debattar av det slaget ein såg på Litteraturhuset i samband med Folkeopplysningen. Svaret var nei, fordi nyansering som regel skapar dårleg underhaldning og fordi reproduksjon av dei same debattaktørane slik som Jørgen Skavlan og Kristian Gundersen, skapar ein føreseieleg ramme for den retorikken som dei trur alle likar. For programskaparane er sjåartal avgjerande for om dei får fornya sitt engasjement.
 
NRK som allmennkringskastar, burde vera høgt heva over slike vurderingar og heller skapa ein journalistikk som var reelt folkeopplysande – og samstundes la underhaldning vera underhaldning.
 
Sjølvransaking
Når bransjen vår likevel har blitt «ramma» av eit slikt tabloid blikk, er ei sjølvransaking nødvendig om ein skal koma vidare. Om ein kjenner seg råka av programmet, er det kanskje på tide å vurdera kva framtoning ein sjølv har overfor pasientar og det offentlege rom. Eg gjentek gjerne det eg skreiv i kronikken min: «Bransjen har utan tvil mykje å vinna når det gjeld å utvikla ein etisk/juridisk forsvarleg kommunikasjon med både pasientar og det offentlege rom.» Såleis er Folkeopplysningen eit legitimt innslag som kan setja fokus på måten einskilde utøvarar sper språklege skoddeheimar og naivisme når det gjeld prognose, diagnose og andre forklaringsmodellar.
 
Med det kvalitetsregime som NNH har etablert, er det svært få, om nokon i det heile teke av våre medlemmer, som burde føla seg råka av retorikken. Som organisasjonsleiar er eg godt nøgd med at korkje NNH eller nokon av våre medlemmer har vore involvert i programmet. NNH stillar gjerne opp i media, men grensa går ved innslag der det underliggjande motivet enten er latterleggjering eller «roteromunderhaldning/vitskap».
 
Vegen framover
Vegen framover bør etter mi meining berre ha ein retning når det gjeld vår bransje: auka satsing på fagutvikling både når det gjeld grunnutdanningar og kontinuerleg fagleg oppdatering. 
 
Politikarane sitt krav om dokumentasjon som grunnlag for auka integrering, må sjølvsagt skje i samsvar med akseptert vitskapleg metode og gjennom samhandling med utøvarane i dei einskilde faga. Og når det gjeld vitskapleg metode, må heile registeret av tilnærmingar brukast for å oppnå auka kunnskap om det som skjer i ein terapeutisk kontekst med ulike intervensjonar. 


Vedlegg:
NT 04 2012 - Etter "Folkeopplysninga"


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers