Alternativ medisin blir teke seriøst innan EU | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

05.12.2012
Alternativ medisin blir teke seriøst innan EU


Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) var, saman med vår nordiske samarbeidspartner Nordisk Samarbeidskomite for Komplementær- og alternativ medisin, deltakar ved EUs Cambrella’s Final Conference den 29. november i Brussel.


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
 
Cambrella involverar eit konsortium av 16 akademiske forskingsinstitusjonar frå 12 europeiske land. Prosjektet er fylgt opp av eit rådgjevande organ av 12 organisasjonar som representerar ulike interessegrupper innan feltet alternativ medisin.
 
Utgangspunktet for prosjektet frå EU si side, er at ein reknar med at om lag 150 millionar menneske i Europa brukar alternativ medisin årleg. Med ulike reguleringstradisjonar, er det av stor verdi å få ein oversikt som kan danna grunnlag for tilrådingar når det gjeld framtidig forsking og andre tiltak som kan sikra pasienttryggleiken og forbrukarrettar. Målet for Cambrella er å leggja til rette for eit berekraftig forskingsamarbeid av høg kvalitet og der eit koordinerande nettverk mellom ulike interessegrupper, finansieringskjelder og terapeutar er eit av virkemidla. Strategien på lengre sikt er å få institusjonalisert arbeidet innan EU sine helsepolitiske organ.
 
Norge var elles sterkt representert ved konferansen. Professor Jarle Aaabakke, rektor ved Universitetet i Tromsø, og tidlegare leiar for den fyrste offentlege utgreiinga om alternativ medisin i Norge, sa i sin opningstale at kritikarar av alternativ medisin må innsjå at denne medisinske tradisjonen er komen for å bli. Vegen framover er å auka kunnskapen om feltet og skapa gode rammevilkår for integrering og samarbeid til beste for befolkninga. Professor Vinjar Fønnebø, dagleg leiar ved NAFKAM i Tromsø, har vore og er ein sentral aktør i prosjektet.
 
Kontakt:
For ytterlegare kommentarar, kontakt NNHs leiar John Petter Lindeland
Tlf. 948 90 152 - Epost jplindeland@gmail.com
 
Vidare presseinformasjon finnes på http://www.cambrella.eu/home.php?il=195&l=deu


Vedlegg:
Cambrella 2012 : Alternativ medisin blir teke seriøst innan EU


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers