SABORG med offensiv mot politiske partiar og styringsverk | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

19.09.2012
SABORG med offensiv mot politiske partiar og styringsverk

Per Gunnar Swahn (SABORG), stortingsrepresentant Sonja Irene Sjøli (H), Anne-Mette Eriksen (SABORG) og John Petter Lindeland (SABORG)

Hovudagendaen for denne offensiven er å gjera SABORG kjent som legitimt kontaktorgan for det alternativ medisinske feltet.


Av 
John Petter Lindeland
leiar NNH
 
I den vedtekne handlingsplanen til samanslutninga er det tre punkter som blir prioritert i desse samtalane:
 
  1. Arbeida for ei forskriftsendring som stillar formale fagkrav til terapeutar som ynskjer å registrera seg i det frivillige utøvarregisteret i Brønnøysund. Slik registeret fungerar i dag, er ordninga direkte undergravande i forhold til intensjonane om auka pasienttryggleik innan feltet. Det bør setjast ned eit breitt utval med representantar frå SABORG, NAFKAM og representantar frå styringsverket, der mandatet er ei evaluering av nemnde ordning og forslag som gjer at registeret blir oppfatta som legitimt og gjev tillit blant publikum/pasientar.
  2. Finansiering av eit felles klage-/ankeorgan for bransjen – Rådet for etikk innan alternativ behandling. Retningslinjer blei vedteken på representantskapsmøte 15. januar 2010.
    SABORG har søkt om fullfinansiering av rådet til departementet, men fekk avslag. Grunngjevinga var at det førebels ikkje var midlar over statsbudsjettet til ei slik finansiering.
  3. Få alle politiske parti til å setja naturmedisin/alternativ behandling på dagsorden gjennom sine politiske partiprogram, og at feltet også blir teke med i sentrale helsedokument og i nasjonale helseplanar. I dag er feltet mest fråverande i offentlege dokument. Det same gjeld i partiprogramma for fleire parti – t.d. Høgre og Arbeiderpartiet.
Fyrst ute i denne offensiven, var møte med stortingsrepresentant Sonja Irene Sjøli frå Høgre. Etter ei grundig orientering frå SABORG sine representantar, lova Sjøli å ta opp sakene som gjaldt registeret og ankeorganet i Stortingets spørjetime. Spørsmålet og svar frå statsråden vil ein etter kvart kunne finna ved å gå inn på http://www.regjeringa.no og legge inn spørjetime i søkjarfeltet. Det vil også bli teke kontakt med programkomiteen til Høgre i denne samanhengen.


Vedlegg:
NT 02/2012 - SABORG med offensiv mot politiske partiar og styringsverk


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers