Tenkjer du på å studera naturmedisin? | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

25.06.2012
Tenkjer du på å studera naturmedisin?


NNHs landsmøte 2004 gjorde vedtak om at NNHs Utdanningsdokument og kvalitetssikringsprogram skulle vera gjeldande som vegvisar og strategidokument når det gjeld behandling av studieplanar og andre forhold som knyttar seg opp til ei slik verksemd.


Av 
John Petter Lindeland
Leiar NNH
 
Sentrale element i godkjenningsprosedyren av studieplanar er vurdering i forhold til innhald når det gjeld verdigrunnlag og målsetjing, struktur på studieplan, fag/emneoversikt, klinikk/praksisordningar, lærarkvalifikasjonar, undervisningsmetodar, fordjupingsoppgåve, sensorarbeid, metodar for kunnskapsmåling, vitnemål/diplom, opptakskrav og realkompetanse, skulestruktur, skulereglement/studiekontrakt, lokalitetar/hjelpemiddel, pensumlitteratur.
 
Kompetanse og juss
NNH er gjennom dette arbeidet med på å skapa ei kompetanseutvikling i dei ulike utdanningsinstitusjonane og samstundes ha fokus på dei rettar og krav studentane har når det gjeld studietilbod. Når undervisningsinstitusjonane får ei godkjenning frå NNH er dette samstundes ein aksept av at alle relevante dokument som er med i søknaden får ein juridisk status. Dette blir grunnlag for eventuelle klager frå studentane. Ved eventuelle klager skal fylgjande prosedyre gjennomførast – jfr. NNHs Utdanningsdokument:
  • Klage skal først rettes til skolens eget klageorgan/styre. Fører ikke dette frem, kan elever klage til NNH sentralt som videreformidler dette til respektive organer for vurdering og uttalelse. NNH kan sentralt også være behjelpelig med å vurdere andre klageinstanser - som for eksempel Forbrukerråd/-ombud.
  • I samarbeid med NNH skal studentrepresentanten ved hver enkelt skole/kurs administrere innsamling av evalueringsskjema for hver enkelt elev ved skoleslutt.
Det siste punktet vil gjelda dersom det er fleire studentar i ein klasse/kull som klagar. Klagen skal framførast skriftleg.
 
Seriøse og useriøse organisasjonar
Som nyutdanna terapeut er det naturleg å søkja medlemskap i ein fagorganisasjon som kan gje deg relevant ansvarsforsikring, løyve til å registrera deg i det frivillige registeret for alternative utøvarar i Brønnøysund – og som samstundes viser evne og vilje til å setja kompetanseheving og profesjonalitet innan dei ulike faga høgt på dagsordenen. Prosedyrar for kvalitetssikring av utdanningstilbod kan vera ein god ”lakmustest” for kor seriøs ein organisasjon er. Sjekk difor kva dokument og prosedyrar organisasjonen har når det gjeld slikt arbeid og kva vurderingar fagkrava deira byggjer på.
 
Skuleliste
Ajourført liste over NNHs godkjente studietilbod/utdanningar finn du i vedlegget på http://nnh.no/article.aspx?id=10&subid=759
 
Her vil du også til ei kvar tid finna studieplansøknadar som er til vurdering, men som førebels ikkje er sluttført og godkjent av faggruppestyra eller godkjenningskomitéen.


Vedlegg:
NT 02/2012 - Tenkjer du på å studera naturmedisin?


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers