Den salutogenetiske orientering | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

23.04.2012
Den salutogenetiske orientering

   
- eit anna syn på sjukdom og helse:
For oss helsearbeidarar, er dei fleste fortruleg med omgrepet patogenese: ei medisinsk nemning på årsaker til utvikling av sjukelege tilstandar eller sjukdom. Mindre kjent er omgrepet salutogenese. I boka Helbredets mysterium diskuterar den israelske medisinske sosiologen Aaron Antonovsky kvifor nokre menneske overvinn motstand, kriser og voldsomme hendingar utan å bli sjuke.


Av
John Petter Lindeland
Homøopat MNNH reg.
 
Ordet salutogenese består av to ord, saluto og genese. Saluto kjem av det latinske ordet salus som betyr velvære, helse, å vera heil, i stand til å yta m.m. Genese kjem av det greske genesis, som betyr skaping eller tilbliving. Salutogenese betyr altså skaping/tilbliving av helse.
 
Den fyrste som introduserte omgrepet, var den israelske medisinske sosiologen Aaron Antonovsky (1923 – 1994). I boka Unravelling the mystery of health – i dansk omsetjing Helbredets mysterium - innleiar han slik:
 
«Hvis man ser bort fra stressfaktorer, der er direkte ødeleggende for organismen, er det umuligt at forudsige et menneskes helbredsudfald. Det er dette mysterium, som den salutogenetiske orientering søger at opklare. At stillet over for en stressfaktor fører til en spændingstilstand, man bliver nødt til at håndtere på en eller anden måde. Det afhænger af effektiviteten av denne håndtering, om udfaldet bliver patologisk, neutralt eller heldbredsfremmende. Studiet af faktorer, der bestemmer spændingshåndtering, bliver derfor den centrale opgave for sunhedsvidenskaberne.»
 
Det grunnleggjande spørsmål i Helbredets mysterium er difor kvifor nokre menneske overvinn motstand, kriser og voldsomme hendingar utan å bli sjuke. Skuldast det ulikskapar i motstandskraft grunna arv og miljø? Og dersom det er tilfelle, kordan påverkar desse ulikskapane då vår motstandskraft, når vi blir utsett for psykososialt stress? Kan ulikskapane målast, og er det von om at motstandskraft kan styrkast?
 
Antonovsky sitt svar er at motstandskraft kviler på den einskilde si Oppleving Av Samanheng (sense of coherence) - OAS. Kjernekomponentar i OAS er at opplevingane må vera forståelege, handterbare og meiningsfulle. Jo sterkare OAS, jo betre er sjansane for ei vellukka handtering av livet sine stressfaktorar og dermed for ivaretaking av helsa.
 
Antonovsky kom fram til desse omgrepa etter inngåande analysar av intervju med ulike menneske som alle hadde to ting felles: dei hadde vore gjennom eit alvorleg traume, og tilsynelatande klart seg forbløffande godt. Han undersøkjer kjeldene til helse og meistring, i staden for kjeldene til sjukdom og dysfunksjon. Det er dette ein kallar den salutogenetiske modell eller orientering. Det er såleis her ikkje berre tale om frisk eller sjuk, men graden på ein skala mellom desse variablane og kva meistringsevne den einskilde har. Antonovsky kallar denne skalaen for kontinuum. Dette er eit anna perspektiv enn den tradisjonelle som enten einsidig fokuserar på førebyggjande tiltak eller den kurative medisinen – også her inkludert den holistiske varianten.
 
Den salutogenetiske orientering prøver å oppheva den kategoriske klassifikasjonen av folk som enten friske eller sjuke og i staden fokusera på dei faktorane som skapar ei rørsle mot den sunne polen på kontinuet, blant anna meistringsressursar, inkludering av mennesket si totale historie og motverka tendensen til negativ entropi (kaos).
 
Antonovsky slår også til lyd for å undersøkja dei avvikande tilfella og ikkje berre stadfesting av ein hypotese:
 
«Den patogenetiske orienterende videnskapsmand er tilfreds med at få sin hypotese bekræftet; den salutogenitisk orienterende ser på det avvigende tilfældet uden dermed at underkende betydningen av de fundne resultater: Hvem er de store, der ikke har forhøyet blodtryk? Hvem er de type A-personer, der ikke får hjertesygdommer? Hvem er de rygere, der ikke får lungekræft?»
 
I siste del av boka kjem han inn på moderne forsking når det gjeld samanheng mellom sinn og biologi. Dette er eit felt som i og for seg ikkje kjem med revolusjonerande nyhende, men stadfestar biologiske endringar ut ifrå moderne vitskap og terminologi. Antonovsky er ikkje framand for slike perspektiv, men er samstundes forsiktig med å målbera deterministiske synspunkt. Han er open for at OAS kanskje avspeglar eit underliggjande «biologisk substrat», men at dette i like høg grad kan sameinast med ei oppfatning som understrekar verdien av dei gjennomgåande livsopplevingar til den einskilde eller gruppa. Han er likevel rimeleg klar på at det er lite sannsynleg at Opplevinga Av Samanheng blir endra radikalt utover det som er stadfesta/etablert i dei fyrste tiåra av vaksenlivet.
 
Helbredets mysterium burde vera standardlitteratur for alle som driv terapeutikk. Heldigvis er også Antonovsky ein vitskapsmann med ein sterk integritet, som ikkje styrar deg inn i nye båstenkingar og fundamentale førestillingar. Boka kan vera krevjande å lesa, men har ein god struktur som gjer at du kan gå attende og repetera det som ein ikkje oppfatta godt nok ved fyrste lesing.
 
Aaron Antonovsky:
Helbredets mysterium
Hans Reitzels Forlag. Dansk. 231 sider
http://www.gyldendal-akademisk.dk/Books/9788741226...


Vedlegg:
NT 01/2012 - Den salutogenetiske orientering


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers