Placebotrollet i Forskningsskogen | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

08.11.2011
Placebotrollet i Forskningsskogen


For ein som har drive innan faga homøopati og soneterapi i snart 25 år, kan det vera litt deprimerande å lesa Morgenbladet sin artikkel 24. juni 2011 - Placeboaffekten.


Av
John Petter Lindeland
Naturterapeut MNNH reg./Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedisinske.no
 
Årsaka til den forbigåande depresjonen kunne ein kanskje formulera i eit meir eller mindre yrkesfagleg eksistensielt spørsmål: utøver vi fag eller er vi berre virituosar i skulderklapping og medkjensle, slik som idehistorikar Trond Berg Eriksen (1) antyda i boka si ”Helse i hver dråpe” for nokre år sidan – og som direktør ved NAFKAM Vinjar Fønnebø også antydar i intervjuet? Me skal liksom representera det motsatte av ein lege; me har god tid til pasienten, me er snille og milde, har medkjensle, me tek på pasienten, ser han ikkje berre i augo, men heilt inn i kvitsjela osb.
 
Dersom det skulle visa seg at någjeldande vitskap har rett, må alle me terapeutar som ikkje har fått Kongen sitt vitskapelege stempel på vår terapeutiske metode, kalla oss tilreknelege eller fagrituelle placeboterapeutar/illusjonistar.
 
Dersom det faktisk er slik, tar eg av meg den hatten eg ikkje har og går! PRAKSIS STENGT PGA. PLACEBOEFFEKT. (Eg ser i dette ordskiftet bort i frå at stort sett alle terapeutiske konsultasjonar vil ha innslag av ein eller annan form for placeboeffekt – med varierande grad og varighet.)
 
Avvika
Men det som eventuelt ville halda meg tilbake, er dei mange avvika i forhold til ein ”rein placebokontekst” som eg sjølv og mange andre opplever i den terapeutiske kvardagen: kvifor skjer det lite eller ingenting dersom det homøopatiske midlet ikkje er valt i samsvar med symptomatologien til pasienten? Kvifor er det som regel alltid vanskeleg å få resultat med udifferensiert symptomatologi – verkar ikkje placebo på slike eller har dei mindre talent for å tru? Kvifor skulle placeboeffekten inntre etter t.d. femte forsøk og ikkje etter fyrste – eller for den saks skuld tiande forsøk som av og til er tilfelle? Kvifor kan endring av symptomfokus eller oppstode av nye symptom skapa kur hjå pasientar ein strevar lenge med? Kvifor er det slik at ved irreversibel patologi, opplever dei fleste pasientar aldri ein fyrstegongsforverring ved behandling, men ei rask forbetring for deretter å gå attande til opprinneleg tilstand etter nokre dagar - verkar placeboeffekten av  behandling ulikt ved ulike patologiske nivå? Kvifor skjer det ofte i kroniske kasus at eit valt homøopatisk middel kurerar kanskje berre 60% av symptoma og at ein deretter må bruka både ein eller fleire middel for å koma i mål – då ofte ved at  meir udifferensierte symptom blir meir karakteristiske? Kvifor hjelpte ikkje placeboeffekten på dei 40 prosentane ved det fyrste forsøket? Er placebotrollet ein luring og ein vitskapleg revkrokar?
 
Såleis er det også synd at kvar gong homøopatien er oppe til debatt i det offentlege rom, er fokuset sentrert om potensering/fortynning av medisinsubstansen – sjølv om nyare forsking stadfestar også at potenserte substansar skapar symptom som skil seg frå placebo (2). Dette er faktisk ikkje ein del av det berande prinsippet for denne terapiforma, men berre utslag av praktisk empiri. Vender ein blikket mot det berande prinsippet - liknande kurerar liknande – hadde ein fått auga opp for at dette ikkje er eit ukjent fenomen: den paradoksale bruken av Ritalin i samband med hyperaktivitet, simulering av liknande lyd (interferens) i samband med øyresus (tinitus), psykiater Victor Frankel si bruk av paradoksal intensjon i terapeutikken eller professor i farmakologi Richard Bond (3) ved University of Huston si forsking i bruk av hjertesvekkande medisin i samband med patologisk hjertesvekking og det same når det gjeld astma.
 
Når det gjeld soneterapi: om det er slik at dette også berre er ein illusjon og at effekten er styrt av medvite eller umedvite placeborituale, kunne det også her vera legitimt å spørja: kvifor ytrar patologiske tilstandar i eit organ/kroppsdel seg som fysisk vevsmotstand og som regel med auka smertesensitivitet i ulike referanse/sonepunkt – og kvifor blir desse redusert synkront med at opplevinga av ubehaget avtek? Kvifor er vevsmotstanden større jo eldre plagen er? Kvifor opplever ein gong på gong at irreversible tilstandar (eller langtkomen patologi) gjev sein eller inga forandring i vevsmotstanden i sonepunkta – og i ubehagskjensla? Kvifor lurer ikkje placebotrollet slike objektive hinder og berre får folk til å tru at dei er bra?
 
Framtidig forsking
Kanskje ubetydelege spørsmål, men for meg sjølv og mine mange kollegaer blir slike viktige med omsyn til vår  faglegitimitet. At placeboeffekt – som eg har nemnt ovanfor - er eit element i ein kvar terapeutisk setting, trur eg alle kan vera samde i. Men å postulera at dette skulle vera meir gjeldande innan naturmedisin og alternativ behandling, blir for meg eit retorisk knep for å ufarleggjera og latterleggjera ein heil bransje fordi det pr. dato ikkje eksisterar god nok dokumentasjon for behandlingsmetodane. Mandatet til NAFKAM er faktisk ikkje å friskmelda halve det norske folket frå eit idiotstempel. Dei aller fleste er pragmatiske og gjer bruk av den behandlingsmetoden som gjev mest nytte der og då. Og som elles innan medisinsk verksemd: nokre blir kvitt plagene sine raskt og effektivt, andre får ei klar betring og må kanskje ha repeterande behandling med jamne mellomrom, atter andre kan ein berre trøysta og nokre få må ein seia nei til av ulike årsaker. Dette er sikkert ikkje langt unna den røyndomen som dei fleste fastlegar opplever i sin praksis.
 
Framtidig forsking på naturmedisin og alternativ behandling må ha mykje større fokus på god kontakt med dei ulike fagmiljøa innan feltet, slik at forskingsdesign blir optimalisert i forhold dei individualiserande elementa i dei ulike terapifaga. Samstundes må også feltet tåla eit kritisk blikk frå omverda og vera viljug til å skapa endringar der dette er på sin plass. Eit av elementa her kan vera det som Vinjar Fønnebø påpeikar vedrørande det eg ville kalla overterapeutisering av det menneskelege livsrommet. Her har alle og ein kvar eit ansvar, og spesielt dei bransjane som kan ha økonomiske fordelar av å oppretthalda slike haldningar: terapeutbransjen (inkludert legar) og farmasiindustrien.
 
Samstundes er det i denne samanhengen viktig å presisera kva tyding og innhald ein legg i eit slik omgrep, slik at det ikkje berre blir ståande som eit moralsk imperativ. Grensa for kva som er behandlingstrengjande kan vera svært individuelt og bør respekterast. I tillegg vil haldningar og innsats frå foreldre og skule vera viktige i samhandling med ei politisk/økonomisk utvikling som er med på å skapa gode livsvilkår for alle.
 
Til slutt: spalteplassen rekk ikkje å kommentera alle utsegner som er nemnt i reportasjen. Eg har valt å fokusera på kva eg sjølv opplever av fenomen i eigen praksis og dei observasjonar eg har frå mine mange kollegaer. Innspela frå professorane Edzard Ernst og Kristian Gundersen er verdifulle, men mot krossfararar av ulike slag, er min erfaring at direkte dialog er det mest fruktbare.
 
Artikkelen er sent i både original og forkorta versjon til Morgenbladet, utan at den blei teken inn.
 
Artikkelen "Placeboaffekten" i Morgenbladet 24. juni 2011 kan du lese på
------------
 
Kjelder:
1. Trond Berg Eriksen: Helse i hver dråpe. Universitetsforlaget. ISBN13 9788215000671
2. Forsch Komplementmed 2009;16:168-173 (DOI: 10.1159/000219316): Test of a Homeopathic Dilution of Aconitum napellus. A Clinical, Randomized, Double-Blind, Controlled Crossover Study in Healthy Volunteers. Daryoush Piltana, Lukas Rista, Paula Simões-Wüsta, Reinhard Sallerb http://content.karger.com/ProdukteDB/produkte.asp?... Forsch Komplementmed 2009;16:105-110 (DOI: 10.1159/000209386):Homeopathic Pathogenetic Trials Produce Specific Symptoms Different from Placebo. Heribert Möllingera, Rainer Schneiderb, Harald Walachc http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/19420956
3. Paradoxical strategy for treating chronic diseases where the therapeutic effect is derived from compensatory response rather than drug effect. Anthony J. Yuna, Patrick Y. Leea and Kimberly A. Bazarb. http://paloaltoinstitute.org/PDF/Paradoxical_Strat...
Bond RA, Giles H: For the love of paradox: from neurobiology to pharmacology. Department of Pharmacological and Pharmaceutical Sciences, University of Houston, Houston, Texas, USA. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/21712710


Vedlegg:
NT 03/2011 Placebotrollet i Forskningsskogen


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers