Homøopati og barn - fagseminar med barnelege Jürgen Weser | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

13.06.2011
Homøopati og barn - fagseminar med barnelege Jürgen Weser

   
Barnelege Jürgen Weser
Det kanskje mest utfordrande ved behandling av barn med homøopati, er at symptominformasjonen stort sett blir gjeve av andre enn personen sjølv. Ein mistar difor ofte verdifulle subjektive symptom som t.d. smertesensasjonar. Dette stillar store krav, mellom anna til terapeuten sin observasjonsevne.


Av
John Petter Lindeland
Naturterapeut MNNH reg.
 
Er barnet baby, seier det seg sjølv at informanten i all hovudsak er foreldra. Er dei eldre, og kanskje fått språk, er ikkje ordtilfanget og differensieringa så utvikla at ein alltid kan stola på det dei uttalar. Også foreldra kan i mange tilfelle sjølv ha problem med å tolka kva som er kva. Ein slik terapeutisk situasjon stillar krav til at terapeuten er observant og har evne til både å vera kritisk og lyttande samstundes.
 
Dette emnet var hovudtema under det homøopatiske fagseminaret i Braunschweig, Tyskland i mars i år. Foredragshaldar var den erfarne barnelegen Jürgen Weser. Seminaret hadde hovudfokus på korleis ein nyttar Symptomen-Lexikon som reiskap for val av det mest passande homøopatiske midlet. Symptomen-Lexikon er utvikla av den tyske heilpraktikaren Uwe Plate og er nå i digitalisert form. Leksikonet er utelukkande basert på prøvingssymptom frå Hahnemann sin homøopatiske legemiddelprotokoll. I alt er 125 middel representert (jfr. Bönninghausen ’Terapeutischen Tashenbuch’). Med eit totalt omfang på over 79.000 symptomoppteikningar, tilseier dette eit symptomrepertoar med ein stor variasjonsrikdom. For meir informasjon om leksikonet, viser eg til min tidlegare artikkel ”Signifikant homøopati” i Naturterapeuten nr. 2/2007. http://www.nnh.no/vedlegg/736.pdf Ved hjelp av leksikonet er det også etter kvart ferdigstilt ein stor mengde signifikansoppteikningar for både sensasjonar, modalitetar, siderelasjonar og organ/kroppsdelar. Desse har fått namnet ”kollektanear” og kan både samanliknast med og brukast som eit repertorieverktøy, og er eit viktig hjelpemiddel til å avgrensa aktuelle homøopatiske middel ein til slutt skal kvalitetssikra ved studiar gjennom legemiddelprotokollen. (Det burde kanskje vera unødvendig å minna om at fundamentet i homøopatien er studiet av legemiddelprotokollen/materia medica. Repertorisering er og kan aldri vera grunnlaget for eit middelval, berre nyttig reiskap for eit forhandsutval.) Det er også høve til å laga eigne kollektanear som ein kan lagra og bruka etter behov. Dømer her kan vera symptomkombinasjonar som hoste om natta, stivheit ved kulde, stikkande smerter når ein ligg/står/går, angst med sveitte/diarrè, hjerteklapp ved avføring osb. Kombinasjonaspotensialet er svært stort. Det er også høve til å kombinera organ/kroppsdelar med modalitetar/sensasjonar eller brukt ved mangel på sensasjonar/modalitetar – som jo ofte er tilfelle. Døme her kan vera udifferensierte smerte i epigastriet/magen/underlivet om kvelden og natta.

Kasus
Jürgen Weser la fram ei rekkje kasus som viste arbeidsmetoden han nytta. Han bruka konsekvent kollektaneane som eit forhandsutval før stadfesting og kvalitetssikring gjennom legemiddelprotokollen. Her fylgjer eit lite utval av dei kasusane han presenterte.

Fyrste kasus var ei jente på 2,5 år. Symptoma var smerte i høgre øyre, som byrja om natta. Mora la varm klede over øyre, noko som gjorde det verre. Midla som det i fylgje kollektaneen hadde ein signifikans i forhold til desse to symptoma – smerte i høgre øyra og verre varme (i dette tilfelle blei polariteten smerte betre av kulde brukt) - var Kali-carb. og Phosphorus. Phosphorus har tydelegast signifikans på høgre øyra av desse midla, og kjem også best ut når det gjeld at varme forverrar smerta, eller at kulde gjev lindring. Phosphorus var altså det mest passande midlet i dette tilfellet, sjølv om ikkje modaliteten er signifikant. Resultatet var ei rask tilfrisking.

Om ein hadde brukt Kent sitt repertorium i dette kasuset, kan ein registrera at Phosphorus ikkje er oppført med smerte i høgre øyra. Vidare er heller ikkje Phos. oppført under betring kalde omslag.

Andre kasus var ein fem år gamal gut som akutt blei plaga med oppkast. Familien skulle på ferie dagen etterpå, og det var difor eit sterk ynskje om at dette ikkje skulle øydeleggja planane. Symptomer: oppkast frå morgonen av, grøn  galleliknande farge. Klaga også over smerter når han svelgde. Ingen andre symptom. Symptomval: smerter ved svelging generelt og grøn farge på  oppkast.

Midla som det i fylgje kollektaneen hadde ein signifikans i forhold til desse to symptoma, var Hepar Sulph. og Stramonium. Begge hadde to symptomoppføringar når det gjaldt grøn farge på oppkast. Når det gjaldt smerter ved svelging, viser studiet av legemiddelprotokollen, at halvparten av dei oppførte symptoma hjå Stramonium er relatert til meir vanskar med å svelga, medan hjå Hepar. Sulph. er mest alle symptomoppføringar relatert til smerter. Dette er små detaljar, men viktige og vesentlege når ein står overfor valet mellom to middel – eller i andre tilfelle fleire.

Tredje kasus var ein fem veker gamal gut som var plaga av kolikk. Verst kveld og natt. Han er svært uroleg under smerteriene, trykk kraftig som om han vil ha ut noko - blir då rød i ansiktet. Betre etter avføring. Kjem også ut mykje luft. Har elles mjølkeskorpe i hovudbotnen og snorkar mykje. Symptomval: krampe med fylgjesymptom, uroleg med fylgjesymptom, krampar med luft, krampar kveld, krampar natt. Midla som det i fylgje kollektaneen hadde ein signifikans i forhold til desse symptoma, var Nux-vomica, Phosphorus og Pulsatilla. Pulsatilla blei valt som det mest passande. Vurdering etter nokre dagar: ingen effekt og inga endring i symptombilete. Symptomet rød i ansiktet når trykkja/streva med å få ut noko, blei lagt til dei andre symptoma. Blant dei tre aktuelle midla, kom Nux-vomica best ut etter dette tillegget. Dessutan er Nux-vomica det einaste midlet av dei tre som er notert med rødt ansikt ved anstrenging. Resultatet var bortfall av symptoma nokre dagar etter inntak.

Ein kan i forhold til dei siste to symptomtilføyingane, sjølvsagt diskutera om dei er karakteristiske nok. Jürgen Weser repliserte at dette var einaste høve til å differensiera vidare når ikkje Pulsatilla gav effekt. Då gjeld det å bruka dei symptoma som er tilgjengeleg, sjølv om dei ikkje alltid er av største verdi og har fyrsteprioritet. Denne vurderinga gjekk igjen i fleire av kasusa han la fram.

Fylgj med på NNH sin Fagleg oppdateringskalender vedrørande kurs i bruk av Symptomen-lexikon.

Litteraturvisingar:


Vedlegg:
NT 02 2011 - Homøopati og barn


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers