Registeret for alternative behandlarar - frå styringsverktøy til commedia dell'arte? | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

16.01.2011
Registeret for alternative behandlarar - frå styringsverktøy til commedia dell'arte?

   
John Petter Lindeland
Leiar NNH
Commedia dell'arte - eller farsen - er i fylgje Store norske leksikon kjenneteikna av ein form for komedie der grovkorna folkeleg humor, typefigurar, situasjons- og lytekomikk, innvikla og usannsynlege intrigar er ein del av ingrediensane.


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Sjangeren kan brukast ved mange høve, og har den innslag av satiriske element, kan den også vera utfordrande for dei som sit i maktposisjonar. Humor og sjølvironi er som dei fleste veit salt i sjela for alle som meiner at posisjonen deira er gudgjeven.

Vanlegvis er det kreative sjeler med meir eller mindre faste inntekter som har vore den største bidragsytaren når det gjeld idear og tekstutforming. Denne trenden ser nå ut til å snu. Innan feltet alternativ behandling har det statlege styringsverket funne ut at dei også skal bidra med sitt innan denne sjangeren. Dette kan utan tvil vera med å heva nivået til nye høgder. Og der i garden manglar det ikkje på fantasi, sjølv om utgangspunktet både kan vera knuskturr juss og krumbøygd politisk retorikk. I denne samanhengen handlar det ikkje om systemkritikk eller sjølvironi, men om tøying og bøying av forskriftsintensjonar innan eit felt som er kjenneteikna av sprikande staurar og mange småkongar/dronningar. Eg talar her om Helsedirektoratet si godkjenning av Foreningen til sikring av merverdiavgiftsfri akupunktur. Jo, du las rett. Nå har altså Helsedirektoratet opna opp for at interesseorganisasjonar også skal få sin rettmessige plass i registeret og gje registreringsrett for medlemma deira, sjølv om det i registerforskriftene tydeleg står at det berre er utøvarorganisasjonar som kan bli godkjent. Kva kan det neste bli? Ein idé kunne vore å gjera om alle organisasjonsnamna som til nå er godkjent og kalla dei respektiv Foreningen for sikring av merverdiavgiftsfri kinesiologi, homøopati, naturterapi osb. På denne måten hadde ein forandra heile registeret til å vera eit reint meirverdiregister for feltet og leggja på is alle intensjonar om å skilja dei seriøse mot dei useriøse og samstundes skapa ein standardisering i namnetilfanget som gjer det lettare for publikum å orientera seg i denne jungelen av kryptisk ortografi.

Etter nærare ettersyn viser det seg at den nye foreininga har adresse Kongens gate 12, 0152 Oslo. Altså lik adresse som Norsk Akupunkturforening (NAFO). Det skal ikkje så mykje fantasi for å tenkja seg fylgjande: NAFO har søkt om autorisasjon for akupunktur. Søknaden er av ulike årsaker endå ikkje handsama av Helsedirektoratet. Same foreining har samstundes uttala seg kritisk om nåverande register og vil korkje ha noko med dette eller SABORG å gjera. Dessutan kan ein også tenkja seg at registreringsrett i registeret vil sjå ut som ein light-aksept av nemnte ordning og dermed svekka autorisasjonssøknaden. Kva gjer ein så, når ein ikkje har lagt ein plan B? Jo, ein skapar ein ny foreining med kanskje kopierte vedtekter av moderforeininga og søkjer med nytt namn. Dermed har ein på ein ”smart” måte redda dei av medlemma som ikkje er autorisert helsepersonell frå momshelvetet og kan samstundes gå rundt med kvite hender og oppstopparnase.

For Helsedirektoratet sin del kan det sjå ut som om dei fullstendig har forlate alt som kunne minna om ein vilje til fagpolitisk engasjement innan feltet. Jussen har slukt politikken og plassert den i kjellaren saman med andre motkulturelle spirer. Der kan dei drøyma om nye forskriftsvårar ein gong i framtida som tek på alvor intensjonane i både Aarbakkeutvalet og Ot. pr. nr. 27 Om lov om alternativ behandling http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/regpubl/o... I mellomtida rår meiningsløysa som næringsrik gjødsel for særinteresser, karismatikarar og fragmenteringsapostlar.

Det minste ein kunne forlanga i denne samanhengen, var at Helsedirektoratet hadde brukt sin juridiske kløkt til å presisera at det skal vera konsistens mellom namnet på organisasjonen og intensjonen/orda i forskriftene. Ikkje ein gong det har dei klart. Og kanskje det mest alvorlege ved eit slikt vedtak, er undergravinga av respekten overfor brukaren/pasienten. Dei hadde fortent eit registert som skapar tillit og tryggleik, og ikkje forvirring gjennom ei useriøs framtoning.


Vedlegg:
NT 04 2010 - Registeret for alternative behandlarar - frå styringsverktøy til commedia dell'arte?


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers