Mors kjøttkaker, intensjonskraft og homøopati | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

20.12.2010
Mors kjøttkaker, intensjonskraft og homøopati

   
Då homøopat John Petter Lindeland las artikkelen til Are Thoresen i Naturterapeuten nr. 3/2010 "Å kjøpe eller lage homeopatiske remedier - en studie i intensjonens betydning" dukka omgrepet mors kjøttkaker opp som ein analog referanse. Dei fleste meiner desse er dei beste.


Av
John Petter Lindeland
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Då eg las artikkelen til Are Thoresen i Naturterapeuten nr. 3/2010, dukka omgrepet mors kjøttkaker opp som ein analog referanse. Dei fleste meiner desse er dei beste. Så kan ein spørja seg om det er intensjonskrafta og kjærleiken frå mor som gjev kjøttkakene den gode smaken, eller fordi ho har den beste oppskrifta, dei beste råvarene, fordi dette er min opphavlege smaksreferanse - eller rett og slett fordi mor er mor!

Eg kan sjølvsagt ikkje gje noko fullgodt svar på dette. Kanskje er det ein kombinasjon av alle dei faktorane eg nemner, eller kanskje det berre er rein innbilling. Kanskje far sine er like gode.

Når eg les det A. Thoresen skriv, får eg heller ikkje noko svar på det som var utgangspunktet for innlegget. Dei døma som er framlagt, er rimeleg tynne og lite karakteriserande som referanse til intensjonskrafta sin verdi for produktkvalitet eller behandlingsprosess/resultat. Det same ville gjelda i ein vitskapleg kontekst. Og eg trur også han mistolkar S. Hahnemann ved å lausriva sitata i fragmenterte dømer og gjer intensjonen til noko mystisk eller ordlaust. Les ein skriftene til S. Hahnemann finn ein raskt ut at han langt i frå var nokon mystikar i fagleg forstand, men ein rasjonell vitskapsmann som bygde homøopatien etter naturvitskapleg metode.


ORGANON OG HAHNEMANN
Thoresen viser til blant anna til § 265 og 288 i Organon som utgangspunkt for ”å rette leserens oppmerksomhet mot en ganske annen side av prosessen med å produsere remediene selv, nemlig betydningen av produsentens eller terapeutens innsikt i og kunnskap om remediet, hans intensjon i helbredelsesprosessen. Hahnemann har observert dette aspektet med hensyn til produksjonen av remedier og i selve helbredelsesprosessen, og antydet deres eksistens i § 265 og 288.”

Eg finn ingenting i desse tekstene eller i fotnotene som underbyggjer ein slik påstand med referanse til produksjon av remedie/medisin. Heile § 288 er via organisk magnetisme eller mesmerisme. I dag ville ein kalla dette healing. S. Hahnemann anerkjenner fullt ut at einskilde menneske har slike gåver/talent. Slike menneske vil på same måte som eit homøopatisk middel kunne påverka livskrafta og føra til ei heling.

Thoresen burde ha starta med å referera til fotnote til § 264 som seier: ”Den sande helbredelseskunstner må have autentiske lægemidler i perfekt stand til rådighet, viss han skal kunne forlade (stole) sig på deres terapeutiske virkning. Han må selv vide at de er ægte”. (1)

I fotnote til § 271 skriv han også: ” Indtil det tidspunkt, hvor staten bliver klar over nødvendigheten af at have perfekt tilberedte homøopatiske lægemidler og får dem tilberedt af en dygtig, objektiv person, så de uden beregning kan gives til de homøopatiske læger i landet, som har lært helbredelseskunsten på homøopatiske hospitaler, har aflagt teoretiske og praktiske prøver og således blevet autoriserede. På denne måde vil lægen være sikker på kvaliteten af disse guddommelige helbredelsesmidler og vil kunne give dem gratis til enhver syg, rig eller fattig.” Det sentrale for S. Hahnemann var råstoffa sin autensitet og at dei er laga nøyaktig etter dei prosedyrar han har førevist. Så lenge desse føresetnadane ikkje er tilstades, bør terapeuten laga sine eigne remediar - ikkje som prinsipp og med ein mystisk intensjon som bakteppe, men på grunn av autensitet og kvalitet.


VITSKAPLEG KONTEKST
”Flere terapeuter jeg har snakket med har observert at de remediene man har laget selv, kanskje i nødfall, har hatt en langt sterkere virking enn man kan observere i den vanlige praksisen med apotekkjøpte remedier”. Så lenge ikkje Thoresen og andre kan visa til samanliknande forsøk, blir døma det er referert til ståande som gode forteljingar. I ein vitskapleg kontekst er dei verdilause.

Vidare refererar A. Thoresen til den tyske naturterapeuten Marie Rytter og antroposofiens grunnleggjar, Rudolf Steiner - med utsegn om at ”det egentlig ikke kom an på selve legemidlene eller selve behandlinga, men på den bevissthet eller intensjon denne var ledsaget av” og at ”i virkeligheten kommer det ikke an på selve substansene, men på hvordan substansene behandles under fremstillingen.”

Kommentar: det er alltid vanskeleg å forholda seg til utsegn som er framført som motsetningar. For meg blir det vanskeleg å akseptera at det eine utelukkar det andre. Utgangssubstansen har ein kvalitet/verdi og den farmakologiske prosessen ein annan. Til saman utgjer dei ein heilskap som ein på mange måtar ikkje kan førestilla seg lausrive frå kvarandre.


PASIENTRELASJON
Eg har sjølvsagt ikkje store innvendingar når Thoresen skriv at ”tilstedeværelsen av en innsiktsfull, kunnskapsrik terapeut er av det aller største betydning” for eit godt behandlingsresultat. Dette er allmenn menneskelege erfaringar som dei fleste av oss har observert i mange av livets samanhengar. Det blir likevel feil å ta dette med i ein kontekst der utgangspunktet var å undersøkja om remedie/medisin blir av betre kvalitet om ein lagar dei sjølve eller ikkje.

Det positive med Are Thoresen sin artikkel, er at han hjelper oss til å retta merksemda mot den farmakologiske kvaliteten av homøopatiske remedie og marknadssituasjonen. Det kunne vera utgangspunkt for ein annan artikkel.

1) S. Hanemann: Organon 6. utgåve - Thaning og Appel - omsett til dansk av translatør Jan Als Johansen

------------

Se også Are Thoresens artikkel i Naturterapeuten nr. 3 2010:
Å KJØPE ELLER LAGE HOMEOPATISKE REMEDIER - EN STUDIE I INTENSJONENS BETYDNIING
http://nnh.no/article.aspx?id=9&subid=625


Vedlegg:
NT 04 2010 - Mors kjøttkaker, intensjonskraft og homøopati


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers