Har du gode erfaringar/resultat med migrenepasientar? | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

04.11.2010
Har du gode erfaringar/resultat med migrenepasientar?


NNH har inngått eit samarbeide med NAFKAM om å samla inn pasientkasus med uvanleg godt resultat ved migrene etter behandling med akupunktur eller soneterapi/refleksologi.


KVA ER KRITERIA FOR DELTAKING?
Kriteria for å kunne delta i migreneprosjektet er at klienten/pasienten:
o har/har hatt migrene og
o har oppnådd uvanlig godt behandlingsresultat etter bruk av akupunktur eller soneterapi/refleksologi og
o hadde ein medisinsk diagnose (gjeve av lege) før ho/han byrja akupunktur eller soneterapi/refleksologi- behandlinga som gav det uvanlige behandlingsresultatet

Med uvanleg godt resultat meines i denne samanhengen heling av migrenen eller langvarig minsking av symptoma/anfallsfrekvens.

KVA KAN DU GJERA?
Dersom du har/har hatt klientar/pasientar som oppfyller kriteria som nemnt ovanfor, ver vennleg å gje dei informasjon om migreneprosjektet. Dersom dei er interessert i å delta, få deira løyve til å formidle deira kontaktinformasjon til NNH sin kontaktperson:

Terje Varpe, Skarphagaveien 42, 3121 Nøtterøy
E-post terje@notteroynaturmedisinske.no
tlf. 33 32 08 56/908 94 310

Han vil ta kontakt med den einskilde pasient, og med hjelp av ei sjekkliste vurdera om dei er kvalifiserte til å vera med i forskingsprosjektet.

Dette forskingsprosjektet er knytta opp til Registeret for eksepsjonell sykdomsforløp (RESF) ved NAFKAM i Tromsø, der både Noreg, Danmark og Sverige er med som deltakande land.
http://www2.uit.no/ikbViewer/page/ansatte/organisa...

BLI MED!
FORSKING ER VIKTIG FOR FAGUTVIKLINGA

Med helsing
John Petter Lindeland
Leiar NNH

Terje Varpe
Kontaktperson migreneprosjekt


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers