Fagleg oppdatering og pasienttryggleik | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

18.10.2010
Fagleg oppdatering og pasienttryggleik

   
John Petter Lindeland
Leiar NNH
Gjennom NNH sitt etiske regelverk er alle terapeutmedlem i organisasjonen forplikta både etisk og moralsk til å oppdatera seg fagleg. Innan akademia ville dei kalla dette Continuing Professional Development (CPD). På godt norsk kunne ein kalla dette for Kontinuerleg Fagleg Oppdatering (KFO). Ordet kontinuerleg er det sentrale i dette omgrepet, fordi det peikar på at denne oppdateringa ikkje er tidsavgrensa, men skal vera prega av jamn innsats og påfyll i heile yrkesperioden.




Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Dei aller fleste yrker har slike føresegner. Måten å handheva dette på, er nok ulikt. For yrkesgrupper med mange aktive og ressurssterke organisasjonar, har dei oftast gode administrative rutinar som gjer kontrollen effektiv. Det same gjeld for yrkesgruppe med eit stort skadepotensiale. Er ein her ikkje oppdatert både når det gjeld reint fagleg innhald og lovtekniske føresegner - kan resultatet blir fatalt, både for den som utfører handlinga/faget, men også for brukarane. Og nettopp brukarane burde stå sentralt når det gjeld vår bransje. Sjølv om skadepotensialet innan naturmedisin/alternativ behandling er lågt, ligg det likevel eit stort ansvar i å tileigna seg kunnskap som i nokre tilfelle vil føra til at ein må forandra prosedyrar i klinikken. I andre tilfelle ville det kunne føra til eit større medvit om sin eigen terapeutrolle og sjølve faget, og sist men ikkje minst eit utvida kunnskapsomfang som vil koma brukarane/pasientane til gode i form av betre behandling. Det er dei som er ”vårt daglege brød” og fortener såleis det beste.

Som nemnt vil behovet for fagleg oppdatering variera ein del innan ulike fagområde. Også forma dette blir gjort innanfor, vil variera. Innan einskilde fagområde vil forsking vera den primære motivasjonen. Andre fagområde som kviler på meir prinsipielle forklaringsmodellar av både menneske og natur, og der forsking ikkje i vesentlig grad påverkar arbeidsmetoden, vil behovet for oppdatering vera mindre.

Med dette som utgangspunkt, er det nødvendig å utvikla fleksible ordningar på dette området, utanom dei som eventuelt er lovpålagte. I NNH sitt Utdanningsdokument - http://nnh.no/vedlegg/223.pdf - er det gjeve døme på ulike oppdateringsordningar/kurs: fagkurs i både inn/utland, eigenarrangerte studiegrupper med to eller fleire deltakarar utan lærar/veiledar, gruppeundervisning med innleidd veiledar/terapeut, individuell undervisning hjå terapeut/lærar, nasjonale fagsymposie der terapeutar utvekslar kunnskap og erfaringar, studieturar med faglig innhald, foredrags- /undervisningverksemd, skriving av fagartiklar og forsking.

I denne samanhengen har sentralstyret i NNH utarbeida eit dokumentasjonsark tilpassa t.d. eigearrangerte studiegrupper. Du finn dette under NNHs Medlemssider - http://nnh.no/medlemlogin.aspx På lik linje med anna dokumentasjon om fagleg oppdatering, bør slikt sendast NNH kontoret som legg det i kvar einskild medlem si mappe. Mange har oppdaga at dette er lurt, og spesielt dersom arkivet heime ikkje alltid er like ryddig eller oppdatert - eller at det skjer utforsette hendingar.

Sentralstyret vil også i næraste framtid utarbeida kjørereglar for NNH-godkjenning av fagleg oppdateringskurs. Det vil bli etablert ein eigen fagleg oppdateringskalender som blir publisert både i Naturterapeuten og på vår nettside.

Til slutt: ver merksam på at det i skattejuridisk forstand er skilnad på fagleg oppdatering og vidareutdanning. Fagleg oppdatering vil i hovudsak gje rett til frådrag i motsetnad til vidareutdanning. I tilfelle du er i tvil, kontakt likningskontoret for ei avklaring - og gjer det skriftleg.


Vedlegg:
NT 03/2010 - Fagleg oppdatering og pasienttryggleik


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers