NNH styrkar og skjerpar sine fagkrav | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

24.03.2010
NNH styrkar og skjerpar sine fagkrav

    
John Petter Lindeland, leiar NNH
Foto: Christel Slettli Hansen/NIFAB
- Som eit ledd i NNHs kvalitetssikring av studietilbud/utdanningar og krav til faglig nivå i grunnleggjande allmenndanande basisfag, har sentralstyret gjort vedtak om at utdanning i Naturmedisinsk grunnutdanning og Generelle fag/VEKS-fag, i tillegg til nåverande krav i Grunnmedisin, skal vera gjeldande for terapeutmedlemskap for utdanningar som startar etter 1. januar 2010. Det seier leiar i NNH, John Petter Lindeland.


Lindeland understrekar samstundes at det også vil bli gjort individuelle vurderingar av søkjarar som har utdanning før denne datoen knytt opp til dei fagkrava som er framført i NNHs Utdanningsdokument.

- Saborg sitt konsensusvedtak når det gjeld fagplan i VEKS-fag, vil bli implementert i Utdanningsdokumentet. Timeomfanget for denne fagplanen er sett til minimum 50 undervisningstimar. Det er viktig for undervisningsinstitusjonane å vera klar over at dette er eit minimum, og at omfanget bør tilpassast dei ulike terapiformene. NNH gjer også merksam på at Generelle fag i Utdanningsdokumentet inneheld fleire fagemne som kjem i tillegg til Saborg sin VEKS-fagplan.

Lindeland kan opplysa at mange undervisningsinstitusjonar allereie har fragmenterte studietilbod i desse nemnde basisfaga.
- Vedtaket er eit ynskje om ei synleggjering av dei ulike elementa i studieplanar. Også krav om behandlingspsykologi, ernæring og naturmedisinsk grunnforståing har vore gjeldane for mange terapiformer i lengre tid. Ei synleggjering er eit signal til undervisningsinstitusjonane om å ta på alvor dei rettane studentar har når det gjeld informasjon om studieemne og omfang, klageorgan og ryddige administrative rutinar.

- NNH er av den meining at høgare og skjerpa krav til utdanning, styrkar pasienttryggleiken og fagkompetansen til den einskilde terapeut, seier han.
- Dette vil igjen føra til trygge terapeutar , styrking av næringsgrunnlaget i bransjen og føra til ei kvalitetsutvikling innan undervisningssektoren, uttalar Lindeland. Å inneha ein brei og allsidig naturmedisinsk kunnskapsbase, aukar sjansen for at ein kan hjelpa fleire pasientar både i eigen praksis, men også vera støttespelar når det gjeld å orientera seg mot andre helsefremjande tiltak.

------------

NNHs Utdanningsdokument og kvalitetssikringsprogram ligg til grunn for behandling og godkjenning av studieplanar/utdanningar og andre forhold som knyttar seg opp til ei slik verksemd.

Se
NNHs UTDANNINGSDOKUMENT OG KVALITETSSIKRINGSPROGRAM
http://nnh.no/vedlegg/223.pdf

PRESENTASJON AV STUDIEPLANAR/UTDANNINGAR SOM ER UNDER BEHANDLING OG GODKJENTE SØKNADER
http://nnh.no/vedlegg/414.pdf


Vedlegg:
NT 1 2010 - NNH styrkar og skjerpar sine fagkrav


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers