Terapeuten mellom børs og katedral | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

28.12.2009
Terapeuten mellom børs og katedral


Åpningstale på Nordisk naturmedisinsk fagkongress 2009.


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Sidan helsekost/leverandørindustrien er sterk representert her ved denne naturmedisinske fagkongressen, ynskjer eg å nytta høve til å koma med nokre refleksjonar etter snart 23 år i heildagspraksis og år med organisasjonsarbeid - og med utallige mottatte sendingar både i papirformat og e-post om all verdas helsefremjande produkt som er godt for det meste.

Historisk har næringsverksemd/produktframstilling og utdanning/undervisning vore nær knytt til kvarandre. Dette har i omfattande grad vore gjeldande for mange greiner i næringslivet, og medisin er inga unntak i så måte. Sjølv om kontakten mellom farmasøytisk industri og legar i dag er forsøkt innskrenka, har nemnde industri vore sentral i vidare - og etterutdanning, og er det endå. Den etiske debatten omkring denne problemstillinga er sjølvsagt relevant for mange bransjar. Omfanget, historiske tilnærmingar og kunnskap om bransjen bør danna grunnlaget for avgjerd og tilrådingar framover.

Den alternative medisinske tradisjonen har nok lengre historiske røter enn den etablerte medisinen, men som institusjonalisert bransje er den ung. Også innan denne tradisjonen har samankoplinga mellom næringsliv og utdanning/fagleg oppdatering vore og er eit ikkje ukjend fenomen. Med dei økonomiske og menneskelege ressursane som har vore tilgjengelege, har dette faktisk vore eit viktig supplement til det øvrige utdanningstilbodet. Ofte har framveksten av slike verksemder hatt sitt grunnlag i terapeutar som har sett det som viktig å skaffa produkt både av god kvalitet og som er tilpassa det terapeutiske konseptet. Som i mange andre bransjar er det einskildindivid som evner å vera initiativrik både i det terapeutiske området, næringsverksemd og utdanning.

Om ikkje orda børs og katedral er eintydige motsatsar, har dei i alle fall ulikt meiningsinnhald som for meg gjev assosiasjonar til noko jordisk og himmelsk. La oss seia at børs er lik med pengar og profitt, medan katedral representerar tru, håp og sanning. Om ein ikkje er Snåsamann, vil ein alltid stå i dette spennet mellom den gjerninga som skal gje oss vårt daglege brød og den gjerninga som dei fleste av oss er motivert av: nemleg det å hjelpa våre pasientar til eit betre liv og helse. I denne gjerninga må me søkja sanning og botemiddel til beste for pasienten, sjølv om dette i mange tilfelle skulle innebera bruk av produkt som er utvikla av ein leverandørindustri som osar profittmotivasjon gjennom si marknadsføring. Kanskje må det vera slik, for at kvar aktør skal kunna realisera sin rolle optimalt. Men om det må vera slik, er det endå viktigare at dei ulike aktørane innan helsesegmentet er nokolunde jamsterke. Terapeuten, som talsmann/talskvinne for pasienten, bør har god og relevant kunnskap som gjer vedkomande i stand til å kunna ta kvalifiserte val når det gjeld behandlingsstrategi ut ifrå ein individuell diagnose - til beste for pasienten. Me skal vera rådgjevarar i ein jungel av tilbod der ein får inntrykk av at eigentleg burde alle gå på det meste - om ein har tenkt å overleva til neste jul. Og i tillegg er det eit titals produkt med referanse til same sjukdomstilstand . Om dette skapar forvirring hjå terapeuten, kan ein vel tenkja seg at forvirringa er bort i mot total hjå pasienten eller den vanlege forbrukar. Samstundes er det også slik at mange - eller dei fleste - terapeutar har utdanning og kompetanse i terapiformer som er ikkje-medikamentell eller minst mogleg substans/dose - slik som i homøopatien. Desse får som regel fyrsteprioritet i eit behandlingsopplegg. Det er fyrst når ein ikkje får resultat med det ein vel fyrst, at ein må revurdera behandlinsstrategien - som i mange tilfelle kan innebera produkt som i dag blir tilbudd av ulike leverandørar. Og som sagt før: her er vegetasjonen høgare enn sivilisasjonen - såpass tett at sjansen for å gå seg vill er meir regel enn unntak.

Leverandørindustrien, som er meir motivert av store volum og profitt, må gjerne driva aktiv marknadsføring som liknar eventyret om myrsnipa og ungane hennar og som genererar mange pengar i kassa. Men det å plassera seg midt i pengestraumen, bør også innebera eit ansvar om å gje noko tilbake til fellesskapet - som mange gonger har delteke med stor iver i utprøving av diverse produkt som kanskje bare nokre få prosent har hatt nytte av. Denne tilbakebetalinga bør vera i form av større fokus på dokumentasjon og forsking, medverknad til fagleg oppdatering av terapeutar - slik som her i dag - og støtte til informasjonsformidling gjennom tidsskrift og liknande. Dette er kostbart, og kan vanskeleg bare overlatast til organisasjonane sine slunkne pengesekkar.

Det eg i grunnen ynskjar å formidla her, er at terapeuten og leverandørindustrien på mange måtar har felles interesser. Det gjeld bare å vera klar over sine roller og ha på seg den rette hatten til ei kvar tid. Gjennom dette samspelet kan børs og katedral einast i eit felles mål til beste for pasienten. Å driva rollebytte i dette feltet er nok ikkje så lurt. Det får heller politikarane ta seg av, sidan dei er utkåra til å vera gode rollemodellar for oss vanlege folk.

Dei mytologiske symbola for medisin og handel fangar opp denne felles karakteren ved at me begge slyngjer oss rundt den same staven - som ein enten kallar Merkur eller Asklepios. Einaste skilnaden er at handelssymbolet har vingar - noko som stemmer godt med mi eiga erfaring når det gjeld pengar.

Det er viktig at bransjen set opp retningslinjer innan dette området som både tek utgangspunkt i historiske forhold, og som samstundes tek omsyn til den nytteverdien ein slik ung bransje har av den samankoplinga vi i dag har ulike døme på. Dersom vi ikkje gjer dette, kan vi koma til å bli innlosjert i det same glasshuset og ikkje lenger vera ein motkultur som kan kasta steinar når vi ser at dette er nødvendig. Spesielt i grunnutdanningane er oppøving av kritisk refleksjon avhengig av eit mest mogleg nøytralt forhold til leverandørindustrien. Det betyr likevel ikkje at dei aldri kan brukast som kunnskapsformidlarar. Dei som har ansvaret må bare passa på at slikt ikkje blir dominerande og at bindingane ikkje er institusjonaliserte og einsidige.

Det er nå ein gong slik alt vondt ikkje er vondt alltid, og at alt godt ikkje er godt alltid. Slik må ein kanskje forhalda seg i ei verd der børs og katedral ikkje alltid er like lett i halda frå kvarandre. Den bibelske forteljinga om å gjera steinar til brød, fekk inga løysing der ute i ørkenen - og er difor like aktuell i dag, to tusen år etter. Kanskje bare endå meir påtrengjande å bli minna om.

Så ei bøn til leverandørar og produsentar: Når de held informasjonsmøte rundt om i vårt langstrakte land; ikkje gje inntrykk av at de driv med utelukkande objektiv informasjon. Ver ærlege: ”me har eit godt produkt som me vil selja - og helst så mykje som mogleg”. Legg fram dokumentasjon eller empiriske erfaringar og kva innhaldet i produktet er, og ikkje kom med at alle treng dette eller bør innta det kvar dag for resten av livet. Om de skulle høyra ein sus i salen eller eit hallelujarop etter denne frasen, er det heilt sikkert frå nyutdanna kandidatar eller ein bilseljar som akkurat er ferdig med eit helgekurs i naturmedisin. Men for oss som har drive i bransjen i 10 - 20 -30 år, kan det føra til at me blir både irriterte og sure. Og som eg nettopp sa - ein treng ikkje innta syrenøytraliserande middel kvar dag for resten av livet fordi ein blir sur av og til - og spesielt ved slike høve.


Vedlegg:
Terapeuten mellom børs og katedral


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers