Sigrun fyller 60 år! | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

28.12.2009
Sigrun fyller 60 år!

   
Vår kjære generalsekretær Sigrun Kirkeberg fylte 60 år den 28. november 2009. Ho har heilt sidan NNH blei danna i 1994, representert kontinuiteten og det stabile elementet i organisasjonen. Ein slik tapper vilje fortener ikkje berre ros, men eit rungande hurrarop frå det ganske land av naturmedisinarar som har mykje å takka Sigrun for.


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Når eg tenkjer på både omfanget og karakteren av det arbeidet Sigrun har hatt gjennom sitt virke i NNH opp gjennom åra, kjem eg alltid i hug innleiinga på ein reklamefilm for såpa Sterilan som gjekk på dei norske kinoane i mine grøne gymnasdagar: Det finnes mange rare dyr i vår herres hage, smekre antiloper, trivelege gorillaer og ein og annan bøffel. Eg tenkjer at slik må det fortona seg: ei stadig pågang av ulike typar av menneske som vil eit eller anna, meina noko, klaga på noko, gje innspel eller av og til koma med godord. Eller som ho av og til uttrykkjer det sjølv: haugen av papir og dokument som eg trudde eg hadde kome til botnen i, dukkar berre opp ein annan stad på pulten og er like høg som den førre. Det tek liksom aldri slutt og det er sjeldan ein kan seia at nå er me i mål og verket fullført. Det forundrar meg derfor ikkje at ho av og til uttrykkjer ynskje om å bli vedhoggar eller snekkar - kunna sjå det konkrete resultatet av det ein har streva med.

Likevel, kjærleiken til bransjen, terapifaga, den naturmedisinske filosofien og alle dei fargerike menneska som har kryssa hennar vegar, har vore sterkare enn motbakkane som med jamne mellomrom dukkar opp. Ho har heilt sidan NNH blei danna i 1994, representert kontinuiteten og det stabile elementet i organisasjonen. Ein slik tapper vilje fortener ikkje berre ros, men eit rungande hurrarop frå det ganske land av naturmedisinarar som har mykje å takka Sigrun for.

Og Sigrun - eit godt råd heilt på tampen: lag deg ein kaffikopp, ta fram strikkepinnane, synåla og symaskinen så ofte du kan i ledige stunder, og ikkje tenk på oss heile døgnet. Me vil ha deg med på laget mange år til!


Vedlegg:
Sigrun fyller 60 år!


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers