Politiske parti og naturmedisin | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

11.09.2009
Politiske parti og naturmedisin

   
[Stortingsvalet 2009:] Tidsskriftet Naturterapeuten har teke eit djupdykk i parti- og stortingsprogramma for partia som nå er representert i Stortinget og andre som stillar med lister i alle 19 fylka. Søkjeorda var "naturmedisin” og ”alternativ medisin / behandling”. Her er resultata!


Av John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Totalt er det 24 parti som stiller med lister ved valet.


PARTI SOM NÅ ER REPRESENTERT I STORTINGET

Arbeidarpartiet:
Ikkje eit ord.

Sosialistisk venstreparti:
Ikkje eit ord.

Framstegspartiet:
”Fremskrittspartiet ønsker et mangfoldig helsetilbud der pasientenes trygghet og valgfrihet ivaretas. Vi er også positive til medisiner og behandlingsformer utenfor skolemedisinen, så lenge det har positiv effekt for brukerne. Der hvor positive effekter kan dokumenteres, vil vi også vurdere alternativ medisin med hensyn til stykkpris.”

Høgre:
Ikkje eit ord.

Senterpartiet:
”Bruken av alternativ behandling er økende. Det må satses mer på forskning og informasjon om helseeffekter og mulige bivirkninger av alternativ behandling”.

Kristeleg folkeparti:
”Stille krav om god dialog og samhandling mellom skulemedisinen og godkjente alternative behandlingsformer, både i forskinga og pasientbehandlinga”.

Venstre:
”Omtrent 50 prosent av den norske befolkning har brukt alternativ behandling i løpet av det siste året og 50 prosent av kreftpasientene bruker alternativ behandling. Vi vet lite om effekt, bivirkninger og interaksjon med legemidler. Venstre vil stimulere til økt forskning på alternativ behandling, sikre at slik behandling foregår på en så trygg måte som mulig, og at alternativ behandling som har påviselig effekt blir framhevet”.


PARTI SOM IKKJE ER REPRESENTERT I STORTINGET, MEN SOM STILLAR MED LISTE I ALLE 19 FYLKA

Demokratene:
”Demokratene er positive til at pasienter skal ha anledning til å benytte alternativ behandling som har dokumentert effekt, eksempelvis gjennom erfaringer fra, eller forskning i, andre land. Det innebærer at man stiller godkjente alternative behandlingsmetoder på lik linje med alminnelig medisinsk behandling, med like egenandeler og lik finansiering fra Folketrygden”.
”Det bør satses økte forskningsmidler til å forske på effekten av alternativ behandling innen helsesektoren”.

Kystpartiet:
”Kystpartiet mener vi må satse mer på alternative behandlingsmåter og at man får tilgang til den informasjonen som er nødvendig for et veloverveid valg av behandlingsmåter”.

Miljøpartiet de Grønne:
”Miljøpartiet De Grønnes hovedbidrag til helsepolitikken er forebygging i videste forstand. En lang rekke helseproblemer henger sammen med usunn mat, dårlig fysisk miljø ute og inne, samt sosiale forskjeller. Økologisk mat og mer sjømat, bilfrie byer og samfunnslønn er eksempler på grønne grep som i høyeste grad er helsepolitikk. I skolen vil bygging av selvfølelse og trygghet blant annet gjennom opplæring i konfliktløsning kunne forebygge både spiseforstyrrelser og voldsbruk. Også det behandlende helsevesenet må legge til grunn at mennesket er en helhetlig organisme i et fysisk og sosialt miljø. Vi vil styrke samarbeidet mellom somatisk og psykiatrisk medisin, og mellom etablert og alternativ medisin”.

Rødt:
Ikkje eit ord.

------------

Kommentarar:

SOSIALDEMOKRATISK TOGN
Det som kanskje er mest slåande i denne oversikta, er at dei sosialistiske- eller sosialdemokratiske partia ikkje nemner naturmedisin eller alternativ behandling med eit ord, sjølv om 20 - 40% av det norske folket brukar naturmedisin og alternativ behandling jamleg. I førre nummer av Naturterapeuten let stortingsrepresentant Sonja Mandt-Bartholsen vera å svara direkte på kvifor naturmedisin eller alternativ behandling ikkje er nemnt i programmet deira. Ein kan spekulera på kvifor dette er så gjennomført. Tradisjonelt har dei alle stått, og står for, offentleg fellesskapsløysingar der solidaritet er det politiske mantraet. Det kan tenkjast at naturmedisin og alternativ behandling, som førebels ikkje er ein del av det offentlege helsevesenet, blir eit forstyrrande element i denne mantraen for partistrategane på lik linje med bruken av andre private helseaktørar. Den sterke forankringa innan positivismen eller tradisjonell vitskap, kan også vera ei av forklaringane.

Det andre slåande er at Høgre, som tradisjonelt er open for ei blanding av felleskapsløysingar og individuelle ordningar, ikkje har sett verdien av å nemna naturmedisin og alternativ behandling med eit ord. Alle dei tradisjonelle sentrumspartia som Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, har formuleringar som liknar på kvarandre. Det same kan ein også seia om Framstegspartiet.

Dei meir perifere sentrum/borgarlege partia, er meir rause i ordbruken sin og representerar ein friskare vilje til å ta i bruk nye virkemiddel når det gjeld helseførebyggjande tiltak. Førebels sit dei langt frå makta og pengebingen. Miljøpartiet de Grønne er det partiet som klarast uttrykkjer ein heilskapleg strategi i samsvar med tankar og erfaringar innan naturmedisin og alternativ behandling.

FORSKING, DOKUMENTASJON OG UTDANNING
Det gjennomgåande kravet hjå alle partia omhandlar dokumentasjon og effekt. Dette bør bransjen leggja merke til, og ikkje føra ein fagpolitikk som undergrev slike eintydige signal. Det er sørgjeleg å oppleva at einskilde fagorganisasjonar innan bransjen ikkje innser behovet for kvalitetsutvikling, men er meir oppteken av høge medlemstal der inntaket nærast skjer etter støvsugarmetoden. Argumentet er at bransjen ikkje er mogen for slike tiltak. Einskilde skuler ynskjer fortsett å bada i sin eigen andedam, med minst mogleg kontakt med utanomverda eller aktørar som er informert om kva som skjer i det fagpolitiske feltet. For NNH sin del, som har satsa sterkt på kvalitetsutvikling, er det ekstra tungt å få tilbakemeldingar som viser at kortsiktige særinteresser i mange tilfelle er sterkare enn langsiktige strategiar.

Dei politiske signala tyder på at politikarane ikkje kjem til å lea på ein finger før bransjen sjølv tek tak i kvalitetsutvikling, både når det gjeld utdanning og organisasjon. Og skal me i framtida skapa dokumentasjon for verksemda vår, kjem ein ikkje utanom at dette avheng av eit høgt utdanningsnivå. Dagfinn Høybråten er klar i intervjuet i Naturterapeuten for ei tid tilbake: Sats på kvalitet og bygg opp kunnskap/dokumentasjon gjennom meir forsking. http://www.nnh.no/vedlegg/328.pdf

NATURMEDISIN SOM FØREBYGGJANDE TILTAK
Alle partia er oppteken av førebyggjande helsetiltak. I denne samanhengen er det litt merkeleg at ingen er meir konkret når det gjeld eventuelt å bruka naturmedisin og alternativ behandling i ein slik strategi. Når 20 - 40% av innbyggjarane nyttar desse metodane jamleg, kan ein kanskje tenkja seg til kva presset mot det etablerte helsevesenet ville ha vore utan. Sjølv om effekten av dei fleste metodane er dårleg dokumenterte, er det arrogant ikkje å lita på folk flest sine erfaringar og vurderingsevner når det gjeld kva som gjev helsegevinst i eit førebyggjande perspektiv. Her har me eit informasjonspotensiale, og samstundes koma fram med forslag til ordningar som er gjennomførbare og som krev relativ liten økonomisk innsats.

Godt val!

------------

Se også
Valget 09 - Se hva ditt parti mener om alternativ behandling
[ALTERNATIVopplysningen] http://www.alternativ.no/art/?id=181


Vedlegg:
Politiske parti og naturmedisin


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers