Fleksible og realitetsorienterte utdanningar | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

19.06.2009
Fleksible og realitetsorienterte utdanningar

   
Det er vanskeleg å driva skule for tida. Sviktande studentgrunnlag gjer at det er vanskeleg å oppretthalda dei studietilboda ein ynskjer. Meldingane me får frå dei ulike institusjonane, er ganske eintydige.


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedinske.no

Det er nok ingen enkel analyse som kan gje svar på kvifor situasjonen for naturmedisinske undervisningsinstitusjonar er slik pr. i dag, men som organisasjon er det både legitimt og nødvendig å gjera seg tankar om aktuelle forklaringar som kan vera med å snu trenden.

OVERETABLERING
I takt med den auka interessa for naturmedisin og alternativ behandling,
blei det i 80 og 90 åra etablert mange undervisningsinstitusjonar. Entusiastiske terapeutar såg eit potensiale i kombinasjonen terapeut og lærar. Motiva var nok ulike, men høvet til å tena raske pengar har nok vore eit av dei - med unntak av einskilde idealistar.
Undersøkjingar frå 2005 viser at det var 70 ulike private Utdanningsinstitusjonar innan naturmedisin og alternativ behandling. I staden for å driva kollegiebyggjing, har kompetansen blitt spreidd på svært mange nes rundt om i det langstrakte landet vårt. Og dersom hovudmotivet er å brødfø seg og sine, gjeld det å halda mest for seg sjølv og slik styrkja si eiga konkurranseevne. Slikt er også god medisin for å splitta bransjen i ørten ulike retningar/skuleidentitetar og dermed gjera
arbeidet lettare for dei som ynskjer å vingeklyppa oss.

KURS OG SKULE
Fleire har etter kvart innsett at det er stor skilnad på å driva kursverksemd og å driva skule. Kontinuerleg kvalitetsutvikling, gode administrative rutinar, økonomi, marknadsføring, kollegiebyggjing, studieplanarbeid/evaluering og varetaking av studentrettar krev noko heilt anna enn eit helgekurs i ny og ne. Ettersom slike ordningar er blitt eit krav frå mange seriøse organisasjonar (dessverre har me her også unntak), ser me nå ein sterk nedgong i undervisningsinstitusjonar. Bransjen er difor inne i ein konsolideringsfase som krev nyorientering. Kvar går vegen?

KVALITET ER VEGEN
Samarbeid, samanslåing, offentlege godkjenningar med basis i både fag - og høgskulelova, utvikling av lærekrefter, fleksibilitet er etter mi meining
relevante stikkord framover. NNH sitt arbeid med kvalitetssikring av studieplanar viser frukter ved at fleire undervisningsinstitusjonar som har gjennomgått vår godkjenningsprosedyre, søkjer nå om fagskulegodkjenning. To har allereie fått godkjenning. Etter kvart kan søknad om høgskulestatus også vera aktuelt.
Eit anna element som me også registrerar, er at studentmassen har ein lågare gjennomsnittsalder enn før. Dette kan tilseia at motivet for å studera naturmedisin er mindre styrt av behovet for meiningsberande livsforandringar enn av viljen til å læra seg eit fag ein både kan leva av og vera stolt av. Difor kan offentleg akkreditering, tilbod om lån og stipend vera avgjerande faktorar for kva skule ein vel.

FLEKSIBILITET
Når det gjeld framtidig etablering av bachelorgrad innan naturmedisin, bør dette tuftast på ein brei allmenndannande fagkrets med tillegg av
grunnutdanningar innan naturmedisinske terapifag. Dette vil kunne danna
fundament for ei fleksibel utdanning, som forutan å gje eit godt grunnlag
for vidare spesialisering, også kan nyttast som rekrutterings- og kompetansegrunnlag innan andre relaterte bransjesegment. Skal bransjen oppnå innverknad på styringsprosessar framover, treng me velutdanna personell både innan styringsverk, media og leverandørindustrien. Ikkje alle treng bli terapeutar. Slik er det også pr. i dag innan etablerte helsefagutdanningar.
Eit anna moment for fagleg fleksibilitet og mangfald, kan grunngjevast i vår spesielle geografi. Etablering av praksisar i meir grisgrendte strøk,
krev at ein og same terapeut bør ha ei meir allsidig naturterapeutisk fagbakgrunn enn dei som etablerar seg i by eller bynære strøk med større høve til tverrfagleg samarbeid.


Vedlegg:
NT 02/09: Fleksible og realitetsorienterte utdanningar


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers