Søket mot alternativ medisin - eller jakta på meining? | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

04.06.2009
Søket mot alternativ medisin - eller jakta på meining?

    
John Petter Lindeland
Leiar NNH
I sin kronikk om identitet "Søket mot alternativ medisin" i Sykepleien 5/09 tek sosiolog og skribent Terje Carlsen oss med på ei forklaringsreise om kvifor mange menneske i dag søker til naturmedisinsk eller alternativ behandling. Leiar i NNH, John Petter Lindeland, tek til orde mot det han meiner er feilaktig generalisering.


Sykepleien 9/09:
SØKET MOT ALTERNATIV MEDISIN
- ELLER JAKTA PÅ MEINING?

Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH

Sidan den alternative medisinske sekken er romsleg, skal eg gje Terje Carlsen rett i mykje av det han kjem med. Likevel gjer han ein stor urett ved å generalisera feltet og dermed stuva alle inn i same båt eller sekk. Dette gjeld både for pasient og terapeut. Motivet for det å bli terapeut er høgst ulikt. Spennet innan det som styremaktene har valt å kalla alternativ behandling, er stort og ei generalisering er derfor håplaus. Området speglar alt frå terapiar som i sine forklaringsmodellar i hovudsak er knytte opp til naturvitskapen og andre som nyttar eit språk og forklaringsmodellar som avvik frå det me oppfattar som etablert.

Det same gjeld for pasientar som oppsøker naturmedisinsk eller alternativ behandling. Nokre er oppteken av å finna ei meining med sine plager, andre vil bakom og finna årsaker, medan andre, og etter mi meining det store fleirtalet, rett og slett vil ha hjelp til å bli kvitt plagene sine med innsatsfaktorar som gjev minst mogleg biverknadar. Dei har ikkje andre motiv enn det. Eit rask tilbakeblikk i timeboka mi den siste veka viser foreldre som kjem med barn som ikkje vil sova og berre skrik eller stadig tilbakevendande øvre luftvegsinfeksjonar, nokre vaksne med allergi, ryggsmerter, kroniske smerter i venstre skulder, pustevanskar som kjem under trening, tilbakevendande urinvegsinfeksjonar osb. Svært få av dei opplever eg har noko fanatisk haldning til at skule/etablert medisin er botn i bøtta og at naturmedisin er løysinga på det meste når det gjeld helseplager eller livet generelt. Dei fleste er pragmatiske og gjer bruk av den behandlingsmetoden som gjev mest nytte der og då. Og som elles innan medisinsk verksemd: nokre blir kvitt plagene sine raskt og effektivt, andre får ei klar betring og må kanskje ha repeterande behandling med jamne mellomrom, atter andre kan ein berre trøysta og nokre få må ein seia nei til av ulike årsaker. Dette er sikkert ikkje langt unna den røyndomen som dei fleste fastlegar opplever i sin praksis. Likevel; ein bør ha respekt for at mennesk har ulike motiv utan å skapa graderingar kva som er mest høgverdig eller ikkje - og ikkje psykoligisera eller sosiologisera dei i hjel!

Terje Carlsen freistar å forklara eller knytta interessa for naturmedisin og alternativ behandling til globalisering. Globaliseringa skapar nivilleringar innan mange menneskelege felt og behovet for individuell identitetsmarkering er tilstades i større grad enn før. Men å bruka professor Bente Gullveig Alver si undersøkjing, forskar Jorid Andersen, sosiolog Zygmunt Baumann og filosof Jean-Paul Sartre som referanser for «at kvinner føler seg mer tilpass hos den alternative behandler, som gir rom og tid for fortelling om kropp og psyke», er på grensa til det spekulative. Hadde han endå differensiert kva terapiformer innan denne bransjen han siktar til, ville det ha større truverd. Endå ein gong: generaliseiringsfanden spring ikkje berre rundt på hestehovar og med horn i panna; han har også forvandlingseigenskapar som gjer at den spekulative forklaringa også kan vera innbydande.

Når det gjeld begrepet holisme eller heilskap, bør ikkje naturmedisinen eller alternativ behandling ha monopol på desse orda. Ulike fag og profesjonar vil leggja ulikt innhald i slike begrep alt etter kva ståplass dei har. Innan mange naturmedisinske disiplinar vil ei økologisk tilnærming/forståing mellom organ og kroppsstrukturar vera hovudagenda, i andre vil det kunne vera ei blanding av dette og meir biografiske, sosialhygieniske og psykiske innfallsvinklar. Innanfor dei sistnemnde, vil Carlsen sine tilnærmingar vera meir legitime. Utfordringa for alle medisinske system/metodar, er å tona ned den oppblåste førestillinga om at ein terapeutisk situasjon vil kunne gripa om alle faktorar som påverkar helsa negativt. Med det kan ein kanskje få fram eit helsemedvit som også inneber ei erkjenning av at det faktisk er eit visst ubehag bare med å vera til og at kvar einskild sluttar opp om solidariske samfunnsordningar som gjer livet lettare for dei fleste.

------------

Last ned kronikken
SØKET MOT ALTERNATIV MEDISIN av Terje Carlsen
ved å klikke på lenka under


Vedlegg:
Kronikk Sykepleien 5/09: Søket mot alternativ medisin


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers