Politiske meiningar om naturmedisin/alternativ behandling | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

19.03.2009
Politiske meiningar om naturmedisin/alternativ behandling

   
Foto:
cf-wesenberg@foto.no
Ti år er gått sidan Aarbakkeutvalget la fram sin NOU 1998:21 Alternativ medisin. Dagfinn Høybråten var helseminister den gongen. Her svarar han mellom anna på kva verdi han trur dette utgreiingsarbeidet har hatt og korleis han ser på alternativ medisin si stilling i framtida.


Namn: Dagfinn Høybråten
Fylke: Rogaland
Parti: KrF
Stortingskomite: Utenrikskomiteen



Kva verdi trur du Aarbakkeutvalget sitt utgreiingsarbeid har hatt for utviklinga av bransjen?

- Som statsråd fylgde eg opp rapporten med ei ny lovgiving for alternativ behandling. Kvakksalverlova ble oppheva. Samtidig satsa vi meir pengar på forsking om alternativ behandling, m.a. med utbygging av NAFKAM i Tromsø. Det er mi von at dette og har verka positivt for bransjen.

I same rapporten, er det presentert 40 ulike naturmedisinske terapiformer. Er det realistisk at vi får godkjenningsordningar/autorisasjon for kvar og ein av desse knytta opp til Helsepersonellova?

- Det er viktig at alle som søker hjelp får behandling av høg kvalitet og med effekt. Ulike godkjenningsordningar kan ofte fungere som ei kvalitetssikring av tenester. Eg vil tru at dette ligger eit stykke fram i tid, sidan autorisasjon for ein del andre meir tradisjonelle faggrupper innan helsetenestene framleis manglar autorisasjon.

Kiropraktorane blei i si tid autorisert som helsepersonell etter intens politisk lobbying med eit heller lunkent helsebyråkrati som bakteppe. Kan ein førestilla seg at ein slik framgangsmåte kan vera mogleg i dag for einskilde naturmedisinske grupperingar?

- Bak mange politiske vedtak ligg det utstrakt påverknadsarbeid over lang tid frå dei som blir påverka av vedtaket. Arbeidet med autorisasjon må byggje på god dokumentasjon av dei krava som vert stilte. Det er i brukarane si interesse at det er eit ryddig og avklart fagleg grunnlag for dei tenestene som vert bydde fram.

Registeret for utøvarar av alternativ behandling (Brønnøysund) er nå etablert. Kva tankar og idear har du og ditt parti når det gjeld bruk av dette registeret som eit styringsverktøy for å heva kvaliteten i bransjen?

- Det er viktig at ein kan få naudsynt røynsle med denne ordninga. Eg reknar med at departement og direktorat syter for dette.

Er det mogleg at det framover også kan bli knytta rettar til eit slikt register? Eg tenkjer då på føreskrivingsrett for naturmidlar som i dag er definert som legemiddel, lov til å setja injeksjonar osb.

- Rettar som her omtalast blir regulert gjennom lovverk allereie, og det er sannsynlig at det skal vere slik vidare også.

I fylgje undersøkingar i både Danmark og Norge, er jamleg bruk av naturmedisin/alternativ behandling i befolkninga mellom 20 og 40%. Bør dette få konsekvensar for korleis vi skal organisera det framtidige helsevesenet?

- Eg meiner helsetenestene bør organiserast til beste for pasientane, og deira behov. Dersom det er føremålstenleg å endre organisering fordi den ikkje er tenleg for pasientane, bør det gjerast. Eg ser for meg at alternativ behandling i større grad vert ein del av helsetenestetilbodet i landet. Det bør skje på grunnlag av forskingsbasert kunnskap om dokumentert effekt av behandlinga.

Ein del samfunnsgrupper har i dag ikkje råd til å gjera seg nytte av tilboda innafor naturmedisin/alternativ behandling. Kva tankar har du om det?

- I Norge skal alle ha eit likeverdig helsetilbod, uavhengig av bustad, sosial status etc. I utgangspunktet er tenestene gratis, og vi har skjermingsordningar for høge sjukdomsutgifter. Behandlinga som vert gjeve skal ha dokumentert effekt, og det bør gjevast den behandling som gjer mest mogleg ut av fellesskapet sine ressursar.

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon har drøfta om det kan vera mogleg i helsebudsjettet å øyremerka ein ”helsepott” for kvar einskild borgar som kan nyttast til utgifter i samband med individuell førebyggjande helsetiltak slik som trening, naturmedisin osb? Kva trur du om ein slik tanke?

- Førebygging brenn eg for, og eg tok initiativet til grøn resept i folkehelsemeldinga for nokre år sidan. Ein idé kan vere å bruke ein viss prosent av helsebudsjettet til førebygging. Dette skal vi ta opp på vårt landsmøte i april. I 2006 gjekk mindre enn 3 prosent av helseutgiftene til førebygging.

Då Stoltenberg-regjeringa overtok etter Bondevik, la dei fram ein Nasjonal helseplan der naturmedisin/alternativ behandling ikkje blei nemnt med eit ord. Trur du dette er ei forgløyming eller eit uttrykk for prinsipielle haldningar når det gjeld valfridom for den einskilde kontra den solidariske helsemodellen?

- Eg veit ikkje kvifor, men eg er skuffa over at dei tenkjer så tradisjonelt.

Kva generelle framtidsråd har du til dei ulike aktørane innan naturmedisinsk behandling?

- Sats på kvalitet og bygg opp kunnskap/dokumentasjon gjennom meir forsking.

Veit du kva SABORG står for?

- Ja, Sammenslutning av alternative behandlingsorganisasjoner. KrFs helsepolitiske talskvinne Laila Dåvøy har hatt møte med representantar for SABORG og lagt inn merknader i innstillingar i Helse- og omsorgskomiteen om SABORG.

Ser partiet ditt nytten av å oppretthalde eit slikt organ framover?

- Ja.

Korleis ser du for deg helsevesenet 20 år fram i tida?

- Eg vonar framtidas helsetenester er organisert rundt pasientane, der det blir nytta dei metodar og terapiar som underbyggjer ein naturlig livsstil, og der førebygging blir vektlagt for å redusere behovet for behandling.


Vedlegg:
Politiske meiningar - NT 01/09


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers