NNH sin organisasjonsmodell godt motteke i Sverige | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

12.03.2009
NNH sin organisasjonsmodell godt motteke i Sverige


Store delar av den alternativ medisinske bransjen i Sverige har sidan 1984 vore organisert gjennom paraplyorganisasjonen KAM (Komiteen for alternativ medisin). Organisasjonen er nå i ferd med å slå sprekker ved at ulike underorganisasjonar trekkjer seg ut for å fokusera på sin eigen fagpolitiske agenda.


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

Denne aktuelle situasjonen var utgangspunktet for eit samrådingsmøte i Stockholm den 23. november 2008. Arrangør var Miljøpartiet de Grøna, som har alternativ medisin høgt oppe på sin politiske agenda. Gjennom Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon sitt medlemskap i Nordisk Samarbeidskomite for ikke-konvensjonell medisin (NSK), blei vi spurt om å presentera NNH-modellen. Foredraget av underteikna hadde tittelen «Organisasjonsutvikling og samarbeid på nasjonalt og nordisk nivå».

I invitasjonsbrevet blei det fokusert på at om dei politiske partia skal setja den alternative medisinen høgt på dagsorden og setja makt bak dei ulike krava, kviler det også eit sterkt ansvar hjå bransjen sjølv med omsyn til å ha eit felles talerøyr og ha felles utdannings- og kvalitetskrav.

Presentasjonen av NNH sin organisasjonsmodell blei godt motteke som ein alternativ modell til paraplyorganisasjonen, som ser ut til å ha utspelt sin rolle innan den svenske bransjen. Helsejurist og advokat Per Olof Jönsson åpna sitt foredrag med å uttala: ”Jag tycker mycket om NNH-modellen”. Seinare blei dette omtala som 'den norske modellen'.

I gruppearbeida etterpå, var det stor interesse for å få meir informasjon om detaljane i modellen. Det kom tydeleg fram at veikskapen med paraplyorganisasjonar innan denne bransjen, er ei svekka identitetskjensle overfor 'paraplyen'. Ved å oppretthalde dei fagspesifikke organisasjonane, vil desse alltid skapa ein lojalitetskonflikt som gjer at ein aldri vil få ei kjensle av at samanslutninga er ein organisasjon med felles interesser, identitet og verdiar. Også sprikande utdanningskrav i dei ulike grunnfaga (i KAM sitt tilfelle grunnmedisin), gjer at identiteten blir svekka.

Det blei semje om å starta ei gruppe som kunne leggja fram forslag til ny organisasjonsstruktur og handlingsplan. Det kan då bli aktuelt å kontakta NNH for meir konsulenthjelp ved eit seinare høve.

Andre foredragshaldarar var gruppeledar for Miljøpartiet de Grøna i Stockholms läns landsting Lena-Maj Anding, lege Ursula Flatters frå Vidarklinikken, leiar i Nordisk Samarbeidskomite for ikke-konvensjonell medisin Susanne Nordling.


Vedlegg:
NNHs organisasjonsmodell i Sverige - NT 01/09


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers