Eit register til ettertanke | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

12.03.2009
Eit register til ettertanke


Som dei fleste naturmedisinske terapeutar har fått med seg, er det frivillige registeret for alternative behandlarar i Brønnøysund etablert og i funksjon. Pr. dato er 785 terapeutar registrerte gjennom 10 ulike organisasjonar. Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) har den største andelen med 221 registrerte (28%).


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter@notteroynaturmedisinske.no

I § 1 i Forskrift om frivillig registerordning blir det stadfesta at ”Registerordninga skal vere med på å vareta pasientvernet og forbrukarrettane for den som oppsøkjer ein registrert alternativ behandlar. I tillegg skal ordninga medverke til seriøsitet og ordna forretningstilhøve blant utøvarar av alternativ behandling.”

SERIØSITET
NNH har gjennom sitt Utdanningsdokument framført kva me meiner bør vera det faglege grunnlaget for ein naturmedisinsk terapeut. I dette ligg det også ei klar melding kva me meiner skal vera kriterium for seriøsitet innan den naturmedisinske bransjen. Og for den som kan lesa, er dette motsatsen til kortvarige kurs i tilleggsterapiar og ein shoppekultur utan tydeleg mål for kompetanse. Utdanningsdokumentet er tufta på det som har vore gjengs innan offentleg fagutdanning: ei brei allmennutdanning med god fundert fagkompetanse innanfor ei tidsramme som gjev naudsynleg rom for refleksjon og mogning. At einskilde aktørar innan bransjen ikkje er klar over eller neglisjerar denne tradisjonen, kan på sikt føra til eit svekka omdøme for registeret. Å innkassera juridiske sigrar, er ikkje synonymt med faglege sigrar. Det vitnar heller om organisatoriske bukkesprang utan strategiske mål. Omsorg for grupperingar med eit lågt utdanningsnivå, kan vera rørande i seg sjølv, men blir til slutt ei stakkarsleggjering og er lite eigna til å profesjonalisera bransjen.

UTDANNINGSSTANDARDAR
I NOU 1998:21 Alternativ medisin og i forarbeida til registerforskriftene er redsla for at registeret for alternative behandlarar skal bli oppfatta som godkjenning ”light” sterkt tilstades, spesielt dersom det blir knytta fagkrav til ordninga. I ein evalueringsrapport frå Helsedirektoratet er det utsegner som kan tyda på at helsebyråkratiet er på gli i denne vurderinga. Det er godt mogleg fleire har innsett at det må setjast inn store pedagogiske ressursar om ein på den eine sida skal overtyda folk flest (pasientar/forbrukarar) om at nemnde register nærast er å rekna som keiserens nye klede utan nokon verdi og samstundes framføra at dette er eit viktig steg i retning seriøsitet for bransjen. Tida er derfor mogen for å knytta felles standardiserte fagkrav til registeret. Fellesfaga bør helst vera akkreditert gjennom NOKUT, slik at me får ei fordeling mellom det som samfunnet krev av utdanning for å styrka pasienttryggleiken og det som bransjen sjølv må setja som standarar i dei naturmedisinske faga. Ein treng ikkje gå lenger enn til Danmark for å finna ei slik løysing. Her er kravet minimum 660 timar i grunnleggjande fag utansett terapiform. Også Heilpraktikarordninga i Tyskland er verdt å studera.

ORGANISASJONSUTVIKLING
I ei profesjonalisering av bransjen, vil organisasjonsutvikling vera eit sentralt element. Dette gjeld ikkje bare for dei organisasjonane som nå søkjer om godkjenning til registeret av Helsedirektoratet, men også for dei som allereie er inne. Heilt opplagte ordningar som at etisk råd og godkjenningskomitear er sjølvstendige forvaltningsorgan i forhold til sentralstyret, eit avklara forhold til leverandørindustrien og eventuelt eiga næring, dokument som tydeleg klargjer fagidentiteten til dei ulike organisasjonane, kvalitetssikringsprogram for godkjenning av studieplanar, klare skilje mellom organisasjon og utdanningsinstitusjonar og liknande bør vera minimumsstandarar for vidare godkjenning.

------------

NNHs UTDANNINGSDOKUMENT
http://www.nnh.no/vedlegg/10.pdf

REGISTERET FOR UTØVERE AV ALTERNATIV BEHANDLING
http://w2.brreg.no/altbas/


Vedlegg:
Eit register til ettertanke - NT 01/09


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers