Akupunktur, autorisasjon og registeret | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

19.02.2009
Akupunktur, autorisasjon og registeret

    
Jaigi Enar Tidemand (faggruppeleiar akupunktur NNH) og John Petter Lindeland (leiar NNH) kritiserar i eit debattinnlegg i Aftenposten måten leiaren i Norsk Akupunkturforening (NAFO), Cecilie Brewer, omtalar statusen for akupunkturen i Noreg og det frivillige registeret for alternative behandlarar i Brønnøysund.


I eit intervju i Aftenposten måndag 9. februar i år seier ho: ”I dag finnes ingen formelle krav til akupunktører. Du kan kjøpe en bok, lese og gå rett ut og behandle mennesker. Det er ikke bra for pasientsikkerheten.”

Den siste setningen er det lett å vera samd i. Den andre krev imidlertid ei nyansering i forhold til kordan utdanningsnivået innan den naturmedisinske bransjen i realiteten er. Karakteristikken er grovkorna og skapar eit generelt inntrykk av at alle som ikkje er medlem av NAFO stort sett er faglege sjarlatanar. Ein slik retorikk fordrar dokumentasjon om den skal ha truverd.

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) organiserar også terapeutar med omfattande akupunkturutdanning. Utdanningskrav i faget, inkludert eigenstudietimar, er på over 2000 timar. Mange har i tillegg vidareutdanning ut over dette og utdanning i andre naturterapeutiske fag. Med all mogleg respekt for NAFO sine ambisjonar, meiner vi at eit slikt utdanningsomfang er forsvarleg i forhold til pasienttryggleiken - og milevis unna retorikken ”kjøp ei bok, les og start som terapeut”.

Når det gjeld krav i vestleg medisin, har NNH valt eit nivå på 30 studiepoeng. Dette meiner vi er eit forsvarleg nivå ut ifrå blant anna kravet om å kunna stilla ein kontradiagnose og eventuelt senda pasientar vidare til meir adekvat behandling. Eit krav om 90 studiepoeng kan lett skapa inntrykk av dette er synonymt med diagnostisk kompetanse i vestleg medisin. Slikt svekkar pasienttryggleiken. NNH har difor valt å styrka kompetansen i naturmedisinsk diagnostisk arbeid ved å setja krav til allsidig naturmedisinsk grunnutdanning. I tillegg kjem sjølvsagt fag som pasientkommunikasjon og etikk.

Når det gjeld utøvarregisteret for alternative behandlarar i Brønnøysund, har NAFO valt å stå utanfor og NNH i. Grunngjevinga vår er at registeret kan vera eit brukbart styringsverktøy for å utvikla bransjen til eit høgare kompetansenivå. Vi skal gje Cecilie Brewer rett i at slik registeret framstår i dag, er det eit forbetringspotensiale. NNH vil arbeida aktivt for at krav om organisasjonsutvikling og kvalitetssikringssystem for alle organisasjonar skal knyttast opp mot registeret, og at utdanningskrav i grunnleggjande fag som styrkar pasienttryggleiken skal bli gjeldande. Om ikkje dette skjer innan rimeleg tid, vil NNH vurdera andre strategiar og samarbeidsformer enn det som eksisterar i dag.

I debatten om autorisasjon, er det for NNH sitt vedkomande ikkje tale om enten eller, men kva prosess dette skal ha. NNH ynskjer ein prosess der bransjen i fellesskap kjem fram til utdanningsstandarar som både tek omsyn til ei heilskapleg vurdering av kva som bør vera ein felles plattform for ein naturmedisinsk terapeut og samstundes skapa individuelle løysingar for dei einskilde terapifaga.

Oslo, 10. februar 2009

------------

Dei delane av debattinnlegget Aftenposten valgte å publisere finn du på
http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article2...

Sjå elles
Terapier - Akupunktur
http://www.nnh.no/article.aspx?mainid=6&id=39


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers