Pressemelding: Helseministeren og naturmedisinsk/alternativ behandling | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

02.02.2009
Pressemelding: Helseministeren og naturmedisinsk/alternativ behandling


Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) ynskjer å markera at vi både er glad og stolt av Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hansen som gjennom å fortelja om eigne erfaringar med ein av metodane innan naturmedisinsk/ alternativ behandling, har skapt grobotn for å ta folkelege erfaringar på alvor.


Til nå har slikt stort sett blitt vurdert som tilfeldige eventyr av meir eller mindre spektakulær karakter og publisert i vekeblad som bare vanlege folk les.

Det er på høg tid å oppreisa det vanlege folkevettet og la dette integrerast i nye dokumentasjonsstrategiar som kan fanga opp denne forskinga, desse observasjonane og erfaringane som kjem «nedanfrå». Slike strategiar skal ikkje setjast opp som motsatsar til tradisjonell forsking, men vera utfyllande til kvarandre. Vi treng fortsatt lupeforsking med reduksjonistiske innfallsvinklar innan område der slike metodar er mest fornuftige.

NNH er glad for at NAFKAM i Tromsø ser ut til å ha gjennomtenkte strategiar for å integrera folkelege erfaringar. Eit døme her er prosjektet Eksepsjonelle sykdomsforløp. Ynskjet framover er at også mindre alvorlege lidingar både av kronisk og akutt karakter kunne ha blitt innlemma i ein database for vidare oppfylgjing og forsking. Her må også terapeuten sine observasjonar og erfaringar få sin plass i det totale biletet.

Pressemelding
Oslo 29. januar 2009

John Petter Lindeland
Leiar NNH

Se også
HELSE- OG OMSORGSMINISTER BJARNE HÅKON HANSEN, DIREKTØR VINJAR FØNNEBØ (NAFKAM)OG HEALER CHRISTEL GUNDELACH (SABORG) I DEBATT PÅ REDAKSJON EN [NRK1 27.01.2009]
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/457036

NAFKAMs REGISTER FOR EKSEPSJONELLE SYKDOMSFORLØP
http://www2.uit.no/www/ansatte/organisasjon/omenhe...


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers