Verdas mest brukte sprøytemiddel er truleg kreftframkallande | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

28.04.2015
Verdas mest brukte sprøytemiddel er truleg kreftframkallande


Ein ny studie fra Verdshelseorganisasjonen (WHO) hevdar at verkestoffet i det mykje brukte ugrasmiddelet Roundup truleg er kreftframkallande. Gigantkonsernet Monsanto rasar mot påstanden. Journalist i Dag og Tid, Per Anders Todal, har skrive ein tankevekkjande artikkel om desse tilhøva.


I ein artikkel kalt "Balladen om eit sprøytemiddel" i Dag og Tid 17. april i år tek Todal føre seg utviklinga av glyfosfat som er verkestoffet i verdas og Noregs mest populære ugrasmiddel gjennom fleire tiår. Artikkelen er så omfattande og tankevekkjande at det mest er uråd å trekke ut einskilde sitat utan å miste samanhengen. Vi vel difor å gjengi heile her.
 
Per Anders Todal:

Balladen om eit sprøytemiddel

Gjengitt fra Dag og Tid 17. april 2015
 
Konklusjonen kom som eit bombenedslag i mars: Glyfosat er «truleg kreftframkallande» slo ei arbeidsgruppe nedsett av Verdshelsorganisasjonen (WHO) fast. «Glyfosat» seier kanskje ikkje så mykje for dei som ikkje driv med landbruk eller hagebruk. Men dette er verkestoffet i verdas og Noregs mest populære ugrasmiddel gjennom fleire tiår, mellom anna under namnet Roundup, og blir brukt både i landbruk og hobbyhagar.
 
Dei siste 40 åra har glyfosat vore sprøyta i kolossalt omfang verda over, frå argentinske kornåkrar til norske granfelt og vegkantar. Årsforbruket globalt er over 700.000 tonn, og det aukar raskt. I Noreg brukar vi nær 300 tonn årleg. Ein grunn til populariteten er at stoffet har vore rekna som lite helsefarleg, ein status som WHO no sår tvil om. Det står svært mykje på spel her – ikkje minst for den amerikanske kjemi- og bioteknologigiganten Monsanto.
 
Dobbel suksess
Det var Monsanto-forskarar som oppdaga eigenskapane til glyfosat i 1970. Sprøytemiddelet Roundup, som drep dei fleste typar planter ved å hemme effekten av eit enzym, vart ein kolossal suksess.
 
Og fordi genforskarane til Monsanto på 1990-talet utvikla ein serie landbruksplanter som var resistente mot sprøytemiddelet, har selskapet tent enormt med pengar også etter at patentet på glyfosat gjekk ut i 2000. Dette var det store, kommersielle gjennombrotet for genteknologien. Det aller meste av maisen, soyabønnene og bomulla som blir dyrka i USA i dag, er av typen «Roundup Ready», altså resistent mot glyfosat.
 
I fjor var dei samla inntektene til Monsanto-konsernet 130 milliardar kroner, og Roundup og glyfosatresistente frø og såkorn er dei viktigaste produkta til selskapet. Det er såleis ikkje overraskande at Monsanto-leiinga har slått hardt attende mot WHO-studien. Selskapet har omtalt studien som «junk science» – søppelforsking – og krev at WHO underkjenner han.
 
Men kor farleg er eigentleg glyfosat? Ein ting er sikker: Det kjem ikkje denne artikkelen til å gje deg noko klart svar på.
 
– Grunn til uro 
Det er i seg sjølv underleg at det kjem så illevarslande nytt om eit stoff som har vore studert så mykje og lenge som glyfosat. Den nye studien vart utført av ei arbeidsgruppe frå Det internasjonale kreftforskingsbyrået International Agency for Research on Cancer (IARC), som gjev råd til WHO. Statusen som «truleg kreftframkallande for menneske» er den nest høgaste graderinga for karsinogen hos IARC.
 
Konklusjonen byggjer på ein gjennomgang av eksisterande studiar på feltet – både dyreforsøk, cellestudiar og epidemiologiske studiar av menneske eksponerte for glyfosat. «Alle tre tilnærmingane gav same indikasjonar. Dette gjev grunn til uro», sa epidemiologen Aaron Blair som leidde studien til The New York Times. Forskargruppa kom samrøystes til at glyfosat truleg aukar faren for kreft hos menneske.
 
Friskmeld
Monsanto har kategorisk avvist all samanheng mellom glyfosat og kreft. Selskapet viser til at glyfosat har vore vurdert for helserisiko og godkjent av styresmakter i både USA og EU fleire gonger. Og det stemmer. Noreg stør seg på EUs vurdering, og her er Mattilsynets ord om saka: «Glyfosat er undersøkt mht. mulighet for å gi genskader, kreft, reproduksjonsskader og skader på nervesystemet, men ingen alvorlige effekter ble funnet», heiter det hos Mattilsynet.
 
Seinast i fjor slo det statlege instituttet for risikovurdering i Tyskland fast at det ikkje var grunnlag for å hevde at glyfosat var kreftframkallande. Kven skal ein tru på?
 
Sprikjande svar
Når ein som lekmann prøver å setje seg inn i dette feltet, er uvissa til å bli svimmel av. Studiane peikar i mange ulike retningar: Nokre av dei tyder på samanheng mellom glyfosatbruk og kreft (og moglege fosterskadar og andre helseeffektar på dyr og menneske), andre studiar finn ingen slike samanhengar.
 
Også styresmaktene i USA har vore i tvil. Frå 1985 til 1991 hadde glyfosat status på som «mogleg kreftframkallande» hos det amerikanske miljødirektoratet (Environmental Protection Agency, EPA), men den statusen vart fjerna etter ei ny vurdering av dei tidlegare museforsøka som tydde på kreftfare.
 
Men dei resultata frå museforsøk som EPA forkasta i 1991, er i dag ein del av grunnlaget for at WHO no gjev glyfosat status som «truleg kreftframkallande ». Ikkje berre er forsøksresultata sprikjande, men ein og same studie kan underbyggje heilt ulike konklusjonar. Og da nærmar vi oss grunnane til at IARC kunne konkludere som dei gjorde i mars.
 
Ei privat sak 
Når IARC skal vurdere om eit stoff er kreftframkallande, legg dei nemleg andre kriterium til grunn enn helsestyresmakter som skal vurdere eit stoff for godkjenning. IARC skal berre sjå på om eit stoff kan vere kreftframkallande under visse omstende, anten desse omstenda er sannsynlege eller ikkje. IARC skal heller ikkje vege fordelar og ulemper ved eit stoff opp mot kvarandre, slik statlege styresmakter vanlegvis gjer. I tillegg legg IARC lista ganske lågt for kor mange positive funn som trengst for å kunne erklære ein samanheng.
 
Men det er òg ei anna delforklaring på utfallet. IARC-gruppa har nemleg berre nytta studiar som er offentleg tilgjengelege i vitskaplege tidsskrift eller offentlege databasar. Det eliminerte ei rekkje studiar som Monsanto og andre glyfosatprodusentar har fått utført. Og det kan ha prega konklusjonen til IARC.
 
Det aller meste av testinga for helserisiko ved nye produkt, er nemleg ikkje gjort av offentlege laboratorium. Ingen statar held seg med eit apparat som kan gjere alle desse studiane sjølv. Styresmaktene nøyer seg som regel med å vurdere studiane som selskapa har fått utførte av sine eigne produkt. Og i historia om glyfosat finst det døme på at den praksisen ikkje alltid har vore påliteleg.
 
Forskingsjuks
To gonger har store skandalar skaka godkjenningssystemet for kjemikal i USA, og båe sakene vedrørte Monsanto og glyfosat. I 1978 vart det private Industrial Bio-Test Laboratories, som stod for ein tredel av alle toksikologiske studiar i USA, stengt av styresmaktene. Grunnen var omfattande juks med forskingsresultat, og fleire av sjefane vart seinare dømde for fusket. Studiane av ei mengd stoff frå mange selskap var forfalska, inkludert forsøk med Roundup og fleire andre produkt frå Monsanto.
 
I 1991 kom ein ny skandale ved Craven Labs: Laboratoriet hadde forfalska studiar av restar av sprøytemiddel i landbruksprodukt. Blant sprøytemidla var Roundup frå Monsanto. Eigaren og fleire tilsette vart dømde til fengsel. Alle resultat frå laboratoriet vart forkasta som ugyldige av styresmaktene.
 
På nettsida til Monsanto understrekar selskapet at studiane av glyfosat og Roundup har blitt utførte på nytt i etterkant, utan å finne helsefare. Men skandalane gav tilliten til det amerikanske systemet for vurdering av kjemikal ein alvorleg knekk. Og sjølv om godkjenningsordningane i USA har blitt stramma opp, kan det saktens hefte tvil ved risikostudiar som produsenten av eit produkt sjølv har gjort eller tinga.
 
Finst overalt
Medan helsefaren ved glyfosat er omstridd, veit vi sikkert at ein del andre gamle lovnader om stoffet sprøytemiddel ikkje held stikk. I Frankrike har Monsanto blitt bøtelagd for villeiande marknadsføring i reklamar som hevda at stoffet «lèt etter seg jorda rein etter sprøyting». Glyfosat skulle i teorien brytast svært raskt ned i naturen og dermed vere eit miljøvenleg sprøytemiddel. Men røynda har vist seg meir komplisert.
 
Forskarar har funne glyfosat i norske drikkevasskjelder, franske elvar, i grunnvatnet i ei rekkje land, i regnet som fell i Midtvesten og i havet langs kysten av Australia. Det er funne glyfosat i urinprøvar i Latvia, blodprøvar i Tyskland og morsmjølk i USA.
 
Kort sagt: Verdas mest brukte sprøytemiddel finst nesten overalt. Det treng i seg sjølv ikkje å seie mykje om helsefaren, men det er ein del av bakteppet for den nye forskarstriden om glyfosat.
 
Ny vurdering
Spørsmålet no er kva konsekvensar den nye vurderinga frå WHO kan få. Det finst grunnar for Monsanto-leiinga til å vere nervøs: EUorganet European Food Safety Authority (EFSA) har for lengst planlagt ei ny vurdering av glyfosat i løpet av 2015.
 
Det er fleire teikn til at skepsisen mot stoffet veks rundt i verda. Nederland har allereie vedteke å forby sal av glyfosat til anna enn landbruksføremål. Etter at den nye WHO-studien vart kjend, har private laboratorium i USA fått ei mengd nye førespurnader frå forbrukarorganisasjonar og matprodusentar som vil teste matvarer for glyfosatrestar, melder Reuters. Og i Kina, som i dag er verdas største produsent av glyfosat, har ei gruppe aktivistar reist ei uvanleg rettssak mot styresmaktene for godkjenninga av stoffet i 1988. Saksøkjarane krev innsyn i dei hemmeleghaldne studiane frå USA som låg til grunn for at stoffet vart tillate.
 
Naturens hemn 
Men glyfosatprodusentane har òg andre grunnar til uro. Eitt av dei gamle «miljøargumenta» for glyfosat var at stoffet var så effektivt at det reduserte behovet for sprøyting. Men det kolossale forbruket av glyfosat, særleg i USA, har ført til at fleire typar ugras har utvikla resistens mot stoffet, noko som igjen har ført til meir sprøyting – og dermed meir glyfosatrestar i soyabønner og andre matvarer.
 
Det resistente ugraset er eit naturleg resultat av seleksjonspresset som kjem når same sprøytemiddel blir brukt over så store område: Evolusjonen får opp farten under ekstreme omstende. Slik kan naturen sjølv bli eit større trugsmål mot Monsanto enn den nye WHO-studien er.
 
Kjelder: Dan Charles: «Lords of the Harvest», Marie-Monique Robin: «The World According to Monsanto», New York Times, Washington Post, Der Spiegel, Reuters.


Vedlegg:
Dag og Tid 17. april 2015 - Balladen om eit sprøytemiddel


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers