Krav om språkkompetanse i norsk for MNNH-terapeutar | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

24.04.2015
Krav om språkkompetanse i norsk for MNNH-terapeutar


Framandspråklege som søkjer terapeutmedlemskap i NNH (med unntak av svensk eller dansk) må dokumentera tilfredsstillande norskkunnskapar.


Språk er eit viktig element når det gjeld kommunikasjon menneske imellom. I ein terapeutisk kontekst er dette ofte den viktigaste faktoren for å velja rett behandlingsstrategi. Ein slik strategi skal også innehalda vurderingar som har fokus på at behandlinga ikkje skal vera til skade for pasienten. Det er difor avgjerande at både terapeut og pasient har ei felles oppfatning av den terapeutiske konteksta. Og sidan det er terapeuten som har det juridiske ansvaret i ei slik kontekst, bør dette spegla krava til godkjenning i ein fagorganisasjon.
  
NNH har til nå ikkje hatt spesifikke formelle vedtak når det gjeld krav til norsk språkkunnskap for terapeutgodkjenning, bortsett frå generelle føringar i våre etiske reglar. Likevel har administrasjonen og godkjenningskomiteen i lenge tid vore klar over denne utfordringa, og sett til at vedkomande søkjar har den nødvendige språkkompetansen. Relevant informasjon er innhenta ved at søkjaren eventuelt har møtt opp på NNHs kontor, undervisningsinstitusjonar og andre som kan skriftleg stadfesta kompetansen.
 
Innan det offentlege helsevesenet, har det vore opp til arbeidsgjevar å setja krav til språkkompetanse. Statens autorisasjonskontor for helsepersonelle har generelle språkkrav for dei som søkjer norsk autorisasjon:
 
Fremmedspråklige kandidater med utenlandsk utdanning (med unntak av svensk eller dansk) må dokumentere tilfredsstillende norskkunnskaper innen turnusstart.
 
Det vil si at det som hovedregel stilles følgende krav til de aktuelle kandidater:
  • Bestått norskeksamen trinn III ved norsk universitet eller høyskole med karakter B både muntlig og skriftlig; eller
  • Bestått norsk språktest, høyere nivå (Bergenstesten) med minimum 500 poeng eller sammenlagt karakter bestått både muntlig og skriftlig.

Sentralstyret i NNH har i møte den 21. april 2015 gjort fylgjande vedtak:
Framandspråklege som søkjer terapeutmedlemskap i NNH (med unntak av svensk eller dansk) må dokumentera tilfredsstillande norskkunnskapar. Relevant dokumentasjon kan vera:
  1. Bestått norskeksamen trinn III ved norsk universitet eller høgskule med karakter B både muntleg og skriftleg.
  2. Bestått norsk språktest, høgare nivå (Bergenstesten) både muntleg og skriftleg.
  3. Anna relevant dokumentasjon som kan stadfesta norsk språkkompetanse liknande det som er nemnt i pkt. 1 og 2.
Kravet gjeld frå vedtaksdato – 21. april 2015.
 
John Petter Lindeland
leiar NNH
 
Sigrun Kirkeberg
generalsekretær NNH 


Vedlegg:
Krav om norsk språkkompetanse for MNNH-terapeutar


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers