Om å formulera realistiske mål | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

13.01.2015
Om å formulera realistiske mål

Leiar i NNH, John Petter Lindelands tale ved feiringa av NNHs 20 års jubileum i november 2014

20 år er ingen alder, og me har difor framtida føre oss. Den utfordringa skal me ta og ha fokus på at me skal bli ein både sterkare og tydelegare fagpolitisk aktør i åra som kjem.


Av
John Petter Lindeland
 
Kjære alle
Eg høyrer ofte om – at skal ein oppnå noko i livet, må ein setja seg hårete mål. For eigen del, sit eg vel litt i glashus om ein skal ta dette bokstavleg, sidan det kan gå langt tid mellom kvar gong eg bestillar time hjå frisøren min. I overført tyding, kan ein sjølvsagt ha sympatiar for slike metaforar om ein tenkjer tilbake på den krafta som låg i studentopprøret på 60-talet. Her var det lange håret kanskje ikkje målet, men sjølve symbolet på opprøret mot den kortklipte og lydige foreldregenerasjonen. Det rufsete uttrykket blei lagt merke til, og utgjorde den avstanden som skulle til for å skapa ein ny identitet som kunne bringa fram noko nytt utan innslag av alt for mange dobbelmoralske kompromiss .
 
Det er vel kanskje her tydinga ligg: å formulera mål som blir lagt merke til. Overført til vår eigen sektor, kunne dette lant nna vera – at innan ein tiårs periode – skal me vera akseptert som helseaktørar på lik linje med autorisert helsepersonell. Det treng ikkje vera noko gale i slike ambisjonar – slike hårete mål. Utfordringa ligg i korleis me skal koma dit og om me er klar for eit slikt ansvar. Kan strategiane for å koma dit, vera like hårete som måla? Har me tenkt igjennom konsekvensane om målet skulle bli ein realitet? Blir det like vakkert og solid?
 
Ein stein på stein-strategi
For NNH sin del, har me også formulert nokre hårete mål i våre vedtekter og i vår Kommunikasjonsstrategi og handlingsplan, men likevel ikkje så hårete at dette skuggar for utsynet mot kva me har vurdert som realistisk ut i frå dei ressursane me har tilgjengeleg og dei rammevilkåra me er tildelt. Strategien me har valt har vore ein stein på stein- strategi, der me samstundes ikkje mistar av syne det huset som skal stå oppå denne grunnmuren – eit hus som har karakter og som er lett å kjenna att på lang avstand. Det viktigaste fokuset i dette arbeidet, har vore fagleg kvalitetsutvikling for våre terapeutmedlemmer – som igjen vil føra til betre pasienttryggleik. Det skal vera trygt å gå til ein NNH-terapeut, samstundes som det reint faglege skal liggja i botnen. Me er ikkje i mål med dette arbeidet, men i forhold til mange andre organisasjonar det er naturleg å samanlikna oss med, har me kome eit godt stykke på veg. Vegen vidare blir å laga nye fagretningslinjer/kompetansedokument for dei terapiane som ikkje har slike, og kommunisera dette til aktuelle samarbeidspartnarar. Skal me i framtida få til ei samhandling med det etablerte helsevesenet, må dei nødvendigvis ha informasjon om den kompetansen våre medlemmer har.
 
Informasjonsstrategiar
Det vil heilt sikkert vera mange synspunkt på korleis me skal informera om vårt arbeid. Dette vil nok i mange tilfelle avhenga av kva personlegdom dei som sit i leiinga har. Om ein har eit brusande og kolerisk karaktertrekk, vil nok dette prega framtoninga og kanskje gje mykje merksemd der og då. Den berømte bjørnen og skinnfellen kan nok her lura i bakgrunnen, om ein då ikkje sørgjer for å ha eit godt grunnlag for sine retoriske bukkesprang. Som ein veit kan media vera nådelaus – og som eg skreiv i kronikken min på NRK Ytring etter Folkeopplysninga – «har denne sektoren utan tvil mykje å vinna på når det gjeld å utvikla ein etisk/juridisk forsvarleg kommunikasjon med både pasientar og det offentlege rom. Såleis er Folkeopplysninga eit legitimt innslag som kan setja fokus på måten einskilde utøvarar sper språklege skoddeheimar og naivisme når det gjeld prognose, diagnose og andre forklaringsmodellar». Eg kunne her også føya til organisatorisk bukkesprangsretorikk – som kanskje eit nytt omgrep i den norske ordheimen. – Elles ikkje fleire godord om NRK-programmet Folkeopplysninga, som best kan karakteriserast som eit middels godt underhandlingsbidrag – og slett ikkje seriøs forsking.
 
Historia får døma kva slags informasjonsstrategi som fungerer best. Det viktigaste er at ein er seg sjølv i alle samanhengar – også slike. Og det er heller ikkje slik at den eine treng vera dårlegare enn den andre – eller omvendt. Kanskje kvar tid har sin informasjonsstrategi som speglar utviklingsnivået i organisasjonen.
 
Forsking og dokumentasjon
Når eg fyrst har nemnt Folkeopplysninga, er det nærliggjande å nemna den utfordringa me som sektor har når det gjeld dokumentasjon og forsking. Dette er på ein måte vår akilleshæl i møte med det offentlege rom, representert ved både pasientar, skeptikarar, media, forvaltning og det politiske landskapet – som aldri vil setja i verk tiltak eller gjera vedtak om ting ikkje er klarert med Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten. Det biokjemiske hegemoniet innan medisinen har skapt ein vitskap som på mange måtar underkjenner individualisert behandlingspraksis og framhevar det ein i dag kallar for evidensbasert praksis, der kontekstfri tilnærming er målet. Den biokjemiske medisinen er som skapt for RCT- esignet, men røyndomen og levd liv seier noko anna. Innan naturmedisinen er økologisk tenking grunnfundamentet for både å forstå sjukdom og utarbeiding av ein behandlingsstrategi der samanheng/samspel mellom ytre og indre faktorar er sentrale – både fysiske, psykiske, mentale og sosiale. Dette perspektivet må me prøva og formidla på ein betre måte enn me hittil har klart til relevante aktørar. Kanskje har me då større sjanse til å få aksept for vår eigenart utan at kravet til dokumentasjon må stadfestas med omsyn til forskingsmetodar som har eit enklare og mindre heilskapleg utgangspunkt eller tankesett.
 
Det kan i denne samanhengen vera på sin plass å sitera professor i sosialpsykologi Tor-Johan Ekeland og professor i adferdsmedisin Linn Getz med fleire – i kronikken Helbredende nytenkning – som stod i Aftenposten 2009: «Vi lever i en dobbelthet; vi er materie, men også en materie som er ånd i den forstand at den skaper mening og betydning som den veves inn i. Å løsrive disse to dimensjonene fra hverandre er en kardinalfeil som har fått skjebnesvangre konsekvenser for biomedisinens forståelse av mennesket.»
 
Fokus på historie
Til slutt ynskjer eg å fokusera på NNH sin historie og gjenta det eg skreiv i min siste kommentarartikkel i Naturterapeuten. Utan den pionerinnsatsen som einskilde la ned i den samlingsprosessen som hadde NNH som mål, hadde me ikkje vore den aktøren me er i dag. Heldigvis var det då visjonærar som såg lenger enn den vidkjente nasetippen, og hadde mot og styrke til å setja ideane ut i livet. Eg ynskjer å retta ein stor takk til desse – og fleire av dei er samla her i kveld! Gjennom fyrst å etablera eit forløpar som blei kalla Sentralrådet For Norske Naturterapeuter (SFNN), var vegen mot danninga av NNH open, og i 1994 blei dette ein realitet. Historieboka om NNH er endå ikkje skriven, men til 25 års jubileet i 2019 vil denne vera tilgjengeleg for alle. Arbeidet er i god gjenge.
 
20 år er inga alder, og me har difor framtida føre oss. Den utfordringa skal me ta og ha fokus på at me skal bli ein både sterkare og tydelegare fagpolitisk aktør i åra som kjem.


Vedlegg:
NT 04 2014 - Om å formulera realistiske mål


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers