NNH: Ein stolt 20-åring! | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

03.11.2014
NNH: Ein stolt 20-åring!


I heile 2014 har me hatt og skal forsett ha fokus på at Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon er 20 år. Det er ingen høg alder i organisasjonssamanheng, noko som tilseier at me har framtida føre oss.


Av 
John Petter Lindeland
Leiar NNH
 
Det kan i denne samanhengen vera på sin plass å nemna formålsparagrafen i NNH sine vedtekter: NNH har som formål å være den øverste utøvende og rådgivende fagorganisasjon for norske naturterapeuter, samt bidra til naturterapiers utbredelse og tilgjengelighet slik at det er til gavn for det enkelte individ ved å forebygge sykdom og fremme helse. 
 
Har me klart å innfri dette formålet? Eg trur me må vera ærleg å uttala eit både ja og nei.
 
Øvste fagorganisasjon
Ja, me er den øvste fagorganisasjonen for naturterapeutar. Dette er ikkje ei nedvurdering av andre liknande aktørar og organisasjonar innan sektoren, men me er den einaste og øvste som har klart å samla ulike fagidentitetar i ein hovudorganisasjon og valt ein organisasjonsstruktur som tek vare på dei særeigne fagidentitetane representert ved dei ulike faggruppene. Samstundes har me skapt ein felles utdanningsidentitet gjennom dei allmenndannande faga som alle må ha uansett kva naturterapeutiske terapifag den einskilde vel som sine hovudterapifag, og med terapeutar som kan tilby behandlingsopplegg som er mangfaldig og differensiert.  Dette har også lagt grunnlaget for ein organisasjon som har ressursar til å oppretthalda eit sekretariat med kontinuitet og kompetanse, er meir effektiv og mindre byråkratisk.
 
Samla styrke
Nei, me har ikkje klart å få med oss alle som kunne vore med i dette fellesskapet. Behovet for å verna om sin eigen fagidentitet, har hjå einskilde vore sterkare enn medvitet om at saman er me sterke. Det er nok ei av årsakene og kan vera legitimt, spesielt i ein gryande pionerfase. Andre mindre innbydande forklaringar, er at økonomiske omsyn og næringsinteresser for seg og sine har vege tyngre enn slike fellesskapsløysingar. Resultatet av slike prioriteringar og strategiar er ikkje vanskeleg å få auga på: minimale evner til å påverka politikkutvikling innan både eigen bransje og i helsevesenet elles. Nå skal det likevel nemnast, at sidan etableringa i 1994, har fleire organisasjonar gått inn i NNH. Dette rekrutteringsarbeidet vil fortsetja.
 
Kompetanseutvikling og omdømme
Ja, me har klart å gjera naturterapien kjent, både gjennom det daglege informasjonsarbeidet i ulike media og gjennom våre terapeutmedlemmer som er spreidd rundt i vårt vidstrakte land - og som kvar dag skaper betre helse for menneske med ulike plager. Dette er vår viktigaste informasjonskapital, og er ei av fruktene av at NNH gjennom mange år har satsa sterkt på kvalitetssikring av utdanningar. Gjennom dette arbeidet har organisasjonen vore med på å skapa ei kompetanseutvikling som både fører til betre pasienttryggleik og betre behandlingsresultat. Vegen vidare blir å laga nye fagretningslinjer for dei terapiane som ikkje har slike, og kommunisera dette til aktuelle samarbeidspartnarar. Skal me i framtida få til ei samhandling med det etablerte helsevesenet, må dei nødvendigvis ha informasjon om den kompetansen våre medlemmer har.
 
Skulle eg samanfatta vår viktigaste styrke, måtte det vera at NNH gjennom desse åra har klart å opparbeida seg eit godt OMDØMME både blant publikum/pasientar, offentleg forvaltning og på politisk nivå. Dette er kanskje vår viktigaste «kapital». Og eit godt omdømme for organisasjonen, gjev eit godt omdømme for våre MEDLEMMER - og tryggheit for pasientar som oppsøkjer våre godkjende terapeutar.
 
Historisk medvit
Til slutt ynskjer eg å fokusera på vår historie. Utan den pionerinnsatsen som einskilde la ned i samlingsprosessen, hadde me ikkje vore den aktøren me er i dag. Heldigvis var det då visjonærar som såg lenger enn den vidkjente nasetippen, og hadde mot og styrke til å setja ideane ut i livet. Eg ynskjer å retta ein stor takk til desse! Gjennom fyrst å etablera eit «overgangsstyre» som blei kalla Sentralrådet For Norske Naturterapeuter (SFNN), var vegen mot danninga av NNH open, og i 1994 blei dette ein realitet. Historieboka om NNH er endå ikkje skriven, men til 25 års jubileet i 2019 vil denne vera tilgjengeleg for alle. Arbeidet er i god gjenge.
 
Som eg nemnde er 20 år inga alder, og me har difor framtida føre oss. Den utfordringa skal me ta og ha fokus på at me skal bli ein både sterkare og tydelegare fagpolitisk aktør i åra som kjem.


Vedlegg:
NT 03 2014 - NNH: Ein stolt 20-åring!


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers