NNH ferdig med fagdokument for soneterapi | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

02.11.2014
NNH ferdig med fagdokument for soneterapi

   
Retningslinjene for utdanning i soneterapi er utarbeida med utgangspunkt i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjons Utdanningsdokument og kvalitetssikringsprogram, og fagidentitetsdefinisjonen til Nordic Reflexology Network (NRN).


Av
John Petter Lindeland
Leiar NNH
 
Læringsutbytteformuleringane er gjort med grunnlag i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Dokumentet er såleis ei tilpassing i forhold til det som er krav innan fagskuler og høgare utdanning. Så vidt me veit, eksisterer det ikkje liknande fagdokument om soneterapi i Europa. Dette er såleis eit nybrotsarbeid som NNH er stolt av, og som kan inspirera andre land og organisasjonar. NNH vonar at dokumentet skal føra til eit større medvit når det gjeld fagidentitet og vera med på å auke kompetansenivå og profesjonalisering. Fagretningslinjene i soneterapi dannar grunnlag for vurdering når det gjeld søknad om godkjenning av studieplanar i dette faget.
 
NNH har valt å laga separate fagretningslinjer i soneterapi og refleksologi, sjølv om desse to fagfelta har mykje samanfallande historie og faglege referansepunkt. Årsaka er ulike forklaringsmodellar og praktisk bruk av kroppsprojeksjonar som vanskeleg lar seg foreinast i eit felles dokument.

Fagdokumentet blir sendt til alle skuler som NNH har samarbeid med og elles til offentleg forvaltningsorgan. For andre interesserte,  kan dei venda seg til NNHkontoret på e-post post@nnh.no eller telefon 22 33 32 20.


Vedlegg:
NT 03 2014 - NNH ferdig med nytt fagdokument i soneterapi


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers