Då vi demoniserte mjølkefeittet | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

02.11.2014
Då vi demoniserte mjølkefeittet

Foto: Tine

For femti år sia la ein regjeringsutnemnd komité fram si Betenkning om forholdet mellom feitt og hjartekar-sjukdommar. Grunnlaget for vurderinga var den dramatiske nedgangen i dødelegheit av hjarteinfarkt under krigsåra i Noreg, og den snøgge aukinga i dødelegheit alt frå slutten av 1940-åra og inn i 1960-åra.


Av
Dag S. Hjelle
Professor emeritus
 
Aukinga etter krigen var brattare enn i noko anna europeisk land bortsett frå Nederland. I 1975 nådde hjarteinfarktepidemien sitt høgste nivå i Noreg. Då hadde ein vaksen mann 20 prosent sannsyn for å døy av hjarteinfarkt føre fylte 75 år og aukinga i forventa livstid for vaksne menn gjekk attende for fyrste gong på femti år.
 
Forklaringa på denne epidemien veksla mellom alder, røyking og stress, men den største vekta la ein på feittet i kosten og kolesterol i blodet. Det siste var grunna på resultata av ei norsk undersøking frå slutten av 1950-åra der ein kunne syna korleis nye tilfelle av angina pectoris og hjarteinfarkt auka sterkt med stigande serum-kolesterol og høgt blodtrykk.
 
Samstundes hadde amerikanske kostforsøk synt at metta feittsyrer mellom andre dei ein finn i mjølkeprodukta, auka serum-kolesterolet. Dermed var koplinga mellom mjølk og hjartesjukdomar på plass – trudde ein. Den norske studien synte også at diabetes var knytt til høgre kroppsvekt. Undersøkinga vart verdskjend på grunn av storleiken og den nitide gjennomføringa. Seinare studiar i Noreg og andre land, heilt inn i dette hundreåret, har stadfest desse funna.
 
I 1975–76 kom den fyrste Stortingsmeldinga om norsk ernæringspolitikk. Her fekk førebygging av hjartesjukdomar ein viktig plass og det metta feittet kom under lupa. I 1982 fylgde ein opp ernæringsmeldinga.
 
Råda var dei same som  tidlegare, men no støtta ein seg på resultata frå kost- og røykesluttforsøka til Ingvar Hjermann og medarbeidarar i Oslo. Dei kunne visa ein tydeleg nedgang i risiko for hjarteinfarkt ved enkle kostråd. Hovudbodskapen i kostråda var at energiinntaket frå alt feitt i kosten ikkje skulle gå over 30 prosent, og særskilt skulle det metta feittet ned.
 
Frå 1980-åra til i dag har dødelegheita av hjarteinfarkt gått dramatisk ned i Noreg. Ho ligg no på same nivå som Spania og Frankrike og risikoen for at ein mann under 75 år skal døy av hjarteinfarkt er 4 prosent. Nedgangen dei fyrste tjue åra mellom 1975 og midten av 1990-talet, heng fyrst og fremst saman med magrare kosthald og mindre røyking. Det er ikkje før i 1990-åra at handsaminga av hjartepasientane byrja få noka målbart å seia for dødelegheita. På det viset er dette eigentleg ei suksesshistorie for førebyggjande innsats.
 
Striden om mjølka byrja då Stortingsmeldinga om norsk ernæringspolitikk blei kjend i 1975–76. I Noreg kom ein stor del metta feitt frå mjølk og meieriprodukta, og helsefolka retta mellom anna skytset mot desse varene. Men mjølk og meieriprodukt var også økonomiske verktøy og politiske instrument. I 1975 fekk stortingsrepresentanten Berge Furre gjennom at bonden si løn skulle auka frå 60 til 100 prosent av industriarbeidarløna, det såkalla «jamstellingsvedtaket». Og mjølka skulle vera sentral i dette spelet. Litt kortslutta kan ein seia at om ein visste kor mange bønder som skulle ha løn, kor stor ho skulle vera, kor mykje som skulle koma frå mjølka, og prisen på mjølka, ja så var det ei enkel likning å finne fram kor mykje som måtte produserast. Dermed var mjølkeproduksjonen ikkje ein funksjon av etterspurnad. Dette var reinodla planøkonomi. Men på den andre sida stod helsefolka og kravde mindre eller magrare mjølk og ost. Og mjølkedrikkinga gjekk attende. Mjølka vart demonisert.
 
I 1988 vart det reist mistanke om at transfeittsyrer som oppsto ved herding av feitt frå planter og fisk hadde uheldig verknad på hjarte- og karsystemet, men det var først to år seinare då nederlandske forskarar synte korleis forsøkspersonar reagerte på transfeittsyrer at saka fekk større merksemd. Norske ernæringsmyndigheiter tok problemet på alvor, og i løpet av 1990-talet hadde norsk matvareindustri redusert transfeittinnholdet monaleg i norskproduserte matvarer. Men vi i Noreg har vorte utsett for meir transfeitt enn dei fleste andre i Europa frå den herda fiskeolja som blei brukt i margarinindustrien, og det er truleg at dette bidrog til den raske aukinga i hjarteinfarkt både før og etter den andre verdskrigen.
 
Ernæringsråda frå 1975 skilde ikkje mellom transfeitt og metta feitt, men retta seg mot å redusera mengda metta feitt og auka fleirumetta feitt. Frå denne tida gjekk feittforbruket i Noreg attende. Samstundes byrja nedgangen i dødelegheita av hjarteinfarkt. Dette var føre effektiv behandling med bypassoperasjonar og ballong-sprengring hadde fått nokon verknad. Kor stor del av nedgangen i sjukelegheit og dødelegheit som ligg i endringa av metta feitt og transfeitt veit vi ikkje. Og sjølvsagt kan ikkje heile nedgangen forklaras av kostendringar åleine. Folk slutta også å røyka i denne tida. Men i nyare studiar finn vi ikkje att den skadelege effekten av mjølkeprodukta. Dei går heller i motsett retning. Mjølkeprodukt som ost og yoghurt (usukra) har heldige verknader på fleire faktorar knytte til hjarte- og karsjukdommar, og i oppfølgingsstudium har ein ikkje funne nokon samanheng mellom mjølkedrikking og risiko for slike sjukdommar.
 
I 1975 visste vi ikkje noko om transfeitt, og dei råda vi gav var dei beste vi hadde den gongen. Mykje gjekk godt. Med bodskapen om å minske feittforbruket gjekk også transfeittet ned. Men otten for mjølka var nok ikkje nødvendig. I staden for å sjå på enkeltfaktorar som for eksempel serum-kolesterol aleine, søkjer vi no etter den samla effekten av eit produkt, og med dei mange heldige verknadene av mjølka, ja, då kjem denne næringskjelda godt ut.
 
Denne kronikken har tidlegare stått på trykk i Dag og Tid nr. 11.


Vedlegg:
NT 03 2014 - Då vi demoniserte mjølkefeittet


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers