Lov og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling er mogen for revisjon | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

05.07.2014
Lov og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling er mogen for revisjon

   
NNH støttar Forbrukarombudet sitt ynskje om revisjon av lover og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling – jfr. pressemelding i samband med møte med Helseministeren.


PRESSEMELDING
3. juli 2014
 
Dette bør gjerast ved å setja ned eit breitt samansett utval som blant anna bør koma med forslag om standard fagprofesjonalitet og organisasjonskompetanse knyta opp til Registeret for utøvarar av alternativ behandling.

Registeret for utøvarar av alternativ behandling fungerer ikkje etter dei intensjonane som både Helse- og omsorgsdepartementet/Stortinget i si tid la til grunn. Ordninga skulle blant anna bidra til auka fagprofesjonalitet og organisasjonskompetanse. Med innføring av fritak for meirverdiavgift knyta til registeret, er dette blitt den viktigaste motivasjonsfaktoren for mange organisasjonar som ynskjer registreringsrett for sine medlemmer. Resultatet er blitt ei endå større fragmentering av bransjen og ei svekking av dei organisasjonane som aktiv arbeidar for auka profesjonalisering og pasienttryggleik. Ettersom det i fylgje forskriftene er opp til organisasjonane å definera sine fagkrav, har Helsedirektoratet inga heimel til å vurdera kva som burde vera standard fagprofesjonalitet i ein slik samanheng. I dag blir derfor dei aller fleste organisasjonar som søkjer registreringsrett godkjende, uavhengig av fagkrav og organisasjonskompetanse. Motivasjonen for å ta lenger utdanning, er meir eller mindre borte fordi det ikkje gjev utslag med omsyn til meirverdiavgift eller fritak. Vinnarane i dette «spelet», blir dei organisasjonane som har lågast fagkrav og lågast kontingent. Overført til offentleg helsepolitikk/utdanning, ville ei slik ordning stilla kandidatane fritt med omsyn til utdanningsomfang, og i tillegg få dei same rettane og lønn. Slikt er ikkje bra for pasienttryggleiken og vil på sikt føra til ei svekking av kompetansenivået i organisasjonane.
 
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med
leiar i NNH John Petter Lindeland
e-post leiar@nnh.no eller mob. 948 90 152


Vedlegg:
Pressemelding som pdf - nynorsk og bokmål


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers