Forbrukarombodet ynskjer strengare regleverk for alternativ behandling | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

26.06.2014
Forbrukarombodet ynskjer strengare regleverk for alternativ behandling

- Vi jobbar ikkje for at alternativ behandling skal bort, men for at det skal vere trygt, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Nordmenn med helseplager nyttar 3,8 milliardar kroner i året på alternativ behandling - utan offentleg kvalitetssikring. Forbrukarombodet har møtt Helse- og omsorgsdepartementet for å diskutere regelverket.


– Det er bekymringsfullt at styresmaktene verken fører tilsyn med den alternative behandlinga eller stiller offentlege krav til utdanningskvaliteten innan dei ulike behandlingsformene, seier  forbrukarombod Gry Nergård. 
 
Forbrukarombodet har i 2014 gjennomført kontrollaksjonar og avdekt mange lovbrot i marknadsføringa av alternative behandlingstilbod. I dagens lovverk er det berre marknadsføringa som er regulert, og ikkje sjølve utøvinga av alternativ behandling. 
Denne uka la Forbrukerombudet fram fleire grep dei tykkjer Helsedepartementet bør ta for å sikre nordmenns forbrukarvern ved kjøp av alternativ medisinsk og fysiologisk behandling.
 
– Vi har lenge oppmoda om politisk gjennomgang av regelverket, og er glade for at dialogen no er i gang, seier Nergård. 
 
Det er særlig tre grep Forbrukerombudet tykkjer styresmaktene bør ta:
  • Krav til grunnleggende medisinsk utdanning for alle som driver alternativ behandling for å redusere risikoen for feilbehandlinger
  • Sette ned et fagutvalg som jobber frem et tryggere og bedre regelverk som sikrer forbrukervernet
  • Opprettelse av et offentlig organ som fører tilsyn med utøvingen og kvaliteten på behandlingene
 
Brei semje om behov for tryggingstiltak 
Forbrukarombodet meiner grunnleggjande medisinsk utdanning bør vere eit krav for å få utøve behandling. 
 
– Vi bør stille offentlege krav til utdanninga av alle alternative behandlarar. Dette vil redusere risikoen for feilbehandling. Vi kan dra vekslar på erfaringar frå andre land som har innført liknande  ordningar, seier Nergård. 
 
Offentlege aktørar som Helsetilsynet og NAFKAM (Nasjonalt forskningssenter innen komplementær  og alternativ medisin), er samde i at dagens lovverk for alternativ behandling ikkje fungerer.  
 
Fleire bransjeorganisasjonar innan alternativ behandling, mellom anna NNH (Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon) og SABORG (Sammenslutning av alternative behandlerorganisasjoner), støttar også ein gjennomgang regelverket, spesielt med tanke på å  forbetre registerordninga for utøvarar av behandling.  
 
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) tek sjølv til orde for ei kraftig innskjerping i krava for alternative behandlarar.
 
- Det bør bli strengare krav til kven som kan stå oppført som alternative behandlarar. Det er nestan ingen krav for å få autorisasjon i dag, og mange har altfor dårleg kompetanse, seier NNH-leiar John Petter Lindeland til Dine Penger.
 
Sammenslutningen av alternative behandlingsorganisasjoner (SABORG) er ikkje like sikre på at dei ynskjer skjerpa krav.

 

- Alternative behandlarar har veldig gode rammevilkår i dag, og dei tykkjer vi det er viktig å ta vare på, seier leiar Kari Brøtmet til Dine Penger. 
 
Sjå artikkelen Ber helsedepartementet kontrollere alternativbehandlere [Dine Penger 26.06.2014]
 
Sjå pressemelding hjå Forbrukarombodethttp://www.forbrukerombudet.no/2014/06/skal-droeft...


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers