Draumen om den kontekstsfrie og verdinøytrale sanninga | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

27.03.2014
Draumen om den kontekstsfrie og verdinøytrale sanninga

   
Bokomtale av "Evidensbasering – det nye sannhetsmaskineriet" av Trond Skaftnesmo.
 
Med NRK-programmet ”Folkeopplysningen” friskt i minne, er denne boka eit kjærkome innslag når det gjeld å skapa kunnskap om korleis me i framtida kan byggja bru mellom såkalla objektiv og subjektiv vitskap.


 
 
 
Av 
John Petter Lindeland
leiar i NNH
 
For me som til dagleg arbeidar med individuelle behandlingsstrategiar, er boka høgaktuell og gjev solid innsikt i dei utfordringane som gjer seg gjeldande når ein ynskjer å dokumentera slik praksis.
 
I motsetnad til boka Snåsakoden av Kristian Gundersen, der føremålet var å slå fast at naturmedisin og alternativ behandling saknar eit kvart vitskapleg fundament og difor bør kastas på den medisinske likhaugen, set Skaftnesmo si bok fokus på vitskapshistoria og prøver å forstå den såkalla evidensrørsla (les gjerne: hard science) i ein større kulturhistorisk kontekst. Boka fyller etter mi meining ”det vitskaplege tomrommet” som oppsto etter Folkeopplysninga og Foreningen Skepsis sin kampanje mot vår sektor. Vona er at me i framtida kan få eit meir nyansert ordskifte og spesielt at diverse mediefolk les denne boka.
 
Boka har også eit interessant og klargjerande forord av professor i psykologi ved Høgskulen i Volda, Tor-Johan Ekeland. Han skriv blant anna: ”Evidensrørsla har klart å skape ei oppfatning av at dei er meir på parti med vitskapen enn sine kritikarar, mens den i praksis har fleire dogmatiske trekk og er lite open for kritikk. Det dogmatiske ligg m.a. i trua på at å sortere kunnskapen etter eit bestemt hierarki av metodedesign vil gi rangering av kva kunnskap som er best for bruk i praksis. I vitskapshistoria er ikkje dette nokon ny tanke, men blant vitskapsteoretikarar rekna som å vere oppgidd for lengst, og ei kvar moderne metodebok vil leggje vekt på at det er fenomena og problema ein studerer sin eigenart som må avgjere metodebruken. Ingen metodar er teorinøytrale – dei impliserer førestillingar om den verda dei vil (be) gripe”.
 
Struktur og metodediskusjon
Boka har tre hovudtema: – klargjering av omgrepet evidens og historia bakom det som blir nemnt som evidensrørsla og korleis dette har påverka utdanning, fagpolitisk forvaltning, forsking og klinisk praksis – vitskapshistorisk og filosofisk bakteppe – og evidensbasering i skule og samfunn. Det siste temaet er spesielt knytta opp til at forfattaren er lærar og har blant anna vore leiar ved Institutt for Steinerpedagogikk frå 2003 – 2007. Han er dessutan utdanna naturforvaltar frå UMB (Universitet for miljø- og biovitenskap) og har hovudfag i filosofi ved UiO (Universitetet i Oslo).
 
Forfattaren viser under temaet evidensbasering i skule og samfunn, at ei slik tilnærming har fleire tangeringspunkt med den metodediskusjonen me har innan naturmedisin og alternativ behandling. Hierarkiet av ulike metodar der RCT (randomized clinical trials) tronar øvst, kan gje eit resultat som ikkje fangar opp dei individuelle og meir komplekse forholda som kan ha betydning for resultatet. Og i vår praksis møter vi sjeldan dei pasientane som er mest tilpassa ein RCT-metode. Dei fleste pasientar har eit komplekst sjukdomsbilete og vil krevja ein individualisert behandlingsstrategi. Kombinert med at ein slik forskingsmetode er svært ressurs– og kostnadskrevjande, tilseier dette at det stort sett er aktørar med store økonomiske «musklar» som har høve til å gjennomføra slik forsking og som dermed kan skaffa seg store økonomiske fordelar på sikt. Sanninga om kva som i eit kvart tilfelle er best praksis, er såleis ikkje berre avhengig av best forskingsmetode og kvalitet, men også storleiken på pengebingen dei ulike aktørane forvaltar. At biokjemien er dominerande innan vestleg medisin, er difor ikkje noko overrasking. At dette er ei demokratisk utfordring og på sikt eit svært kostnadskrevjande prosjekt, burde ikkje overraska nokon som fylgjer litt med i helsedebatten.
 
Sjølv om forfattaren er kritisk til RCT-metoden, utelukkar han ikkje metoden: «RCT er åpenbart et kraftig verktøy for å gi statistisk belegg for visse effekter, spesielt slike som er relativt svake, universelle og lite kontekstsensitive. Men det betyr ikke at slike studier er best egnet til alle typer spørsmål og faglige kontekster».
 
Dei to kulturar og vegen vidare
Den engelske fysikaren og forfattaren Charles P. Snow skapte omgrepet 'the two cultures', med spesielt å visa til skilnaden mellom det ein på norsk kallar naturvitskap og humanoria. Naturvitskapen held seg til den romlege og stofflege og etterspør kausalitet (årsak/verknad), medan humanoria held seg til medvit og kultur og etterspør meining og hensikt. Dette meiner forfattaren kunne ha vore ei grei arbeidsdeling om verda var slik, og stillar spørsmåla: «Men verden er dessverre - eller heldigvis – ikke skarpt oppdelt på denne måten. Det oppdager vi straks vi spør: Hvor hører levende organismer hjemme? Hva med oss mennesker?» Vidare: «Siden mennesket er et kronisk psykosomatisk fenomen, holder det ikke å si: Soma til naturvitenskapen og psyken til humanoria. Spørsmålet er: Hvor finner vi den vitenskapen som betrakter og behandler som et hele det som foreligger som et hele?» 
 
Til det siste kunne ein kanskje tilføya: når lidinga blir oppfatta som sjølve sjukdomen, blir behandlingsstrategien fragmentert og me får ei oppdeling i spesialitetar som hindrar ein å sjå heile menneske – både som heilskapleg organisme og biografi.
 
Konklusjon
Boka er prega av ein forfattar som er sterkt engasjert i vitskapsteoretiske spørsmål, og som samstundes klarar å gjera dette forståeleg for ein lekmann/-kvinne. Det er reint ut vakkert å kunna lesa ei tekst som til dei grader er konsistent i sin argumentasjon, og som ikkje er i nærleiken av å skapa nye skyttargraver. Tvert om; den står som eit lysande døme på kva eit danna menneske kan frambringa av innsikt til sine medmenneske og vera med på å skapa eit nyansert ordskifte.
 
Om eg skulle koma med ein liten kritikk, kunne eg ynskja meg eit stikkordsregister og ei oversiktleg forklaring på einskilde sentrale ord og omgrep.
 
Trond Skaftnesmo har i år takka ja til å vera med som forelesar ved Nordisk naturmedisinsk fagkongress på Sundvolden i slutten av oktober i år. Nytt høvet til å bli undervist av ein dyktig pedagog som eg trur også kan gje heile sektoren vår eit anna og meir nyansert syn på kvar me står i forhold til den vitskapsteoretiske tradisjonen – og ikkje minst i forhold til den ofte nedlatande og ironiske mediedebatten.
 
 
Sjå nærare omtale av
Nordisk naturmedisinsk fagkongress 2014
 
Sjå Paradigmeskifte forlags egen omtale av boka
Evidensbasering - Det nye sannhetsmaskineriet 
http://www.paradigmeskifte.nu/2013/12/evidensbaser...


Vedlegg:
NT 01 2014 - Draumen om den kontekstfrie og verdinøytrale sanninga


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers