Helseministeren - ein angrande alternativmedisinsk syndar | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

23.12.2013
Helseministeren - ein angrande alternativmedisinsk syndar


Helse- og omsorgsminister Bent Høie har i intervju med to riksdekkande aviser uttala at han sin interesse for, og bruk av, alternativ medisin, er å rekna som ei ungdomssynd.


Av
John Petter Lindeland
leiar NNH
 
Eg stillar meg undrande til at ein helseminister, som også skal forvalta lovverk og etablerte ordningar innan naturmedisin og alternativ behandling, uttalar seg i slike generelle vendingar om ein sektor.  At han også brukar uttrykk som meir høyrer heime i religiøs terminologi, gjev ein klang av stigmatiserande og fordomsfulle tonar overfor eit felt som ein tredjedel av det norske folk brukar jamleg.
 
Hendeleg uhell
Eg vel å tolka dette som eit hendeleg arbeidsuhell frå ein nybakt minister som kanskje har behov for å markera seg i forhold til andre interessegrupper.  Å skapa større legitimitet ved å vedkjenna seg noko ein angrar på eller nedvurdera andre, kan sjølvsagt vera ein brukbar strategi.  Men som innleiing til ein god kommunikasjon, er dette ein tvilsam strategi.  Helseminister Bent Høie bør snarast koma på banen og fortelja oss om han i det heile teke har tankar om denne sektoren, og helst i tydelege ordelag kva strategiar han har for framtida.  Som professor Jarle Aaabakke, tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø og leiar for den fyrste offentlege utgreiinga om alternativ medisin i Norge, sa i sin opningstale ved EUs Cambrella’s Final Conference i november i fjor: kritikarar av alternativ medisin må innsjå at denne medisinske tradisjonen er komen for å bli.  Vegen framover er å auka kunnskapen om feltet og skapa gode rammevilkår for integrering og samarbeid til beste for befolkninga.

 

Verdas helseorganisasjon – WHO
Helseminister Bent Høie har heller ikkje vondt av å bli minna om kva WHO sin generaldirektør dr. Margaret Chan, sa i talen ved WHO sin kongress for tradisjonell medisin i Beijing 7. november 2008: ”Dei to systema tradisjonell og vestlig medisin treng ikkje stå i eit konfliktfylt forhold til kvarandre. Dei kan innanfor primærhelsetenesta tvert imot utfylla kvarandre i gjensidig harmoni, ved å ta i bruk dei beste eigenskapar frå kvart system og kompensera for innbyrdes veikskapar. Dette er ikkje noko som vil skje av seg sjølv. Det krev tvert imot tilsikta politiske vedtak. Men det kan gjennomførast på ein suksessfull måte."

 

Pasienttryggleik

NNH har gjennom lang tid, både gjennom eigen organisasjon og SABORG, arbeida med kvalitetssikring og profesjonalisering for å styrkja pasienttryggleiken. Sunne etiske haldningar og gode kommunikasjonsevner er sentrale element i dette arbeidet. Organisasjonen ser fram til vidare samarbeid med helsestyresmaktene om rammevilkår som byggjer opp under dette arbeidet.  I fylgje den siste undersøkjinga frå Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin (NAFKAM), har bruken av naturmedisin og alternativ behandling vore stabil dei siste fem åra.  Om lag ein tredjedel av landets vaksne befolkning nyttar denne behandlingstradisjonen.



Vedlegg:
NT 04 2013 - Helseminister Bent Høie - ein angrande alternativmedisinsk syndar


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers