Fyresdal kommune satsar på naturmedisin og alternativ behandling | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Behandling av barn

 Forbrukerombudet tilsynsvarsel

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

20.11.2013
Fyresdal kommune satsar på naturmedisin og alternativ behandling

Fyresdalordførar Erik Skjervangen (Foto: TA)

Kommunestyret i Fyresdal har vedteke at kommunen skal satse på alternativ medisin, i tillegg til vestleg medisin. NNH gratulerar kommunen med initiativet når det gjeld å integrera naturmedisin og alternativ behandling i det kommunale helsetilbodet.


- Målet er at Fyresdal skal bli best i landet på folkehelse, spesielt innan barnefamiliar. Med bruk av alternativ medisin skal barna i Fyresdal bli friskare og gladare enn før. Me skal ha dei friskaste barna i Noreg, og gjennom det marknadsføre Fyresdal. Me skal ha så interessant profil at det blir ein magnet for nye innbyggjarar. Då er alternativ medisin nykelen. Er dette så bra som eg trur, kjem det me gjer i Fyresdal til å ha revolusjonerande effekt.
 
Det seier ordførar Erik Skjervangen til Vest-Telemark Blad i ein artikkel om kommunen si satsing på naturmedisin og alternativ behandling. Sjå http://www.vtb.no/vis.php?id=6287
 
I eit møte med Fyresdal-foreldre demonstrerte Erik Skjervagen nyleg førebyggjande arbeid som ein kan gjere i barnehagen. Barnehagestyrar Liv Johre Bakke er klar for satsinga på alternativ medisin blant unge. (Foto: Stein Olav Lie)
 
 
I eit ope brev til Fyresdal kommune skriv NNH:
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) ynskjer med dette å gratulera Fyresdal kommune med initiativet når det gjeld å integrera naturmedisin og alternativ behandling i det kommunale helsetilbodet.
 
Det kan i denne samanhengen vera på sin plass å sitera WHO sin generaldirektør dr. Margaret Chan, som i talen ved WHO sin kongress for tradisjonell medisin i Beijing 7. november 2008 uttala: ”Dei to systema tradisjonell og vestlig medisin treng ikkje stå i eit konfliktfylt forhold til kvarandre. Dei kan innanfor primærhelsetenesta tvert imot utfylla kvarandre i gjensidig harmoni, ved å ta i bruk dei beste eigenskapar frå kvart system og kompensera for innbyrdes veikskapar. Dette er ikkje noko som vil skje av seg sjølv. Det krev tvert imot tilsikta politiske vedtak. Men det kan gjennomførast på ein suksessfull måte.”

NNH har gjennom vår tjue år lange historie, arbeida aktiv for at naturmedisin og alternativ behandling skal få sin rettmessige plass i den norske helsetenesta som står i forhold til interessa folk flest har til ein slik behandlingstradisjon.  I fylgje den siste undersøkjinga frå Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin (NAFKAM), har bruken av naturmedisin og alternativ behandling vore stabil dei fem siste åra.  Om lag ein tredjedel av landets vaksne befolkning nyttar denne behandlingstradisjonen.  Ein stor del av pasientgruppa er faktisk offentleg helsepersonell, noko som tilseier ei pragmatisk innstilling til verdien av å ha eit mangfald i det førebyggjande/terapeutiske feltet.

NNH har gjennom åra opparbeida betydeleg kompetanse når det gjeld generell kunnskap om sektoren, både fagleg og politisk.  Organisasjonen har også satsa sterkt på kvalitetssikring av utdanning for dermed å styrkja fagkompetansen og pasienttryggleiken.  NNH trur difor at me kan vera ein god kompetansepartnar for Fyresdal kommune framover.  Me har dyktige folk i administrasjonen og høgt kompetente terapeutar innan mange terapiområde som kan vera hjelpsame med rådgjeving i det vidare arbeidet.  Innan førebyggjande arbeid, kan kosthald og ernæring vera sentrale element som det er verdt å fokusera på.

Om dette er av interesse, nøl ikkje med å ta kontakt med oss.

 

Med helsing

John Petter Lindeland
Leiar NNH 
 
Sigrun Kirkeberg
Generalsekretær
 
Oslo 7.november 2013 


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers