Einar Kringlen, naturmedisin og kvakksalveri | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 Mangfald i behandlinga

 Skrivekurs med Geelmuyden

 Pasientsikkerhet - SABORG

 Må elska det ein held på med

 Aromatherapychallenge 2017

 Unnfallen helseforvaltning

 Utdanning til fytoterapeut

 Naturterapeuten 4-2016

 Brobyggerprisen 2016

 Alternativt ved depresjon

 På høstkonferanse 2016

 Erfaringsseminar 2016

 Samhandling om sikkerhet

 Politiske meninger

 Naturterapeuten 3-2016

 Vis alle artikler

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

12.08.2013
Einar Kringlen, naturmedisin og kvakksalveri

   
Faksimile Dag og Tid
Leiar i NNH, John Petter Lindeland, er i ordskifte med professor emeritus i psykiatri, Einar Kringlen – i Dag og Tid sine spalter.  Ordskiftet handlar om Kringlen si bokmelding av Snåsakoden av professor i biologi Kristian Gundersen. Kringlen føretrekk å kalla sektoren for kvakksalvarmedisin.


Av
John Petter Lindeland
 
Alle samfunnsaktørar må tåla kritiske blikk knyta til si verksemd. Naturmedisin og alternativ behandling bør ikkje vera noko unntak. Og spesielt sidan dette er ein relativt lite regulert sektor, er behovet kanskje endå større.
 
Som organisasjonsleiar er eg i debatten påpasseleg med å ikkje gjera meg til talsmann for heile feltet, sidan spriket i utdanningsnivå og organisasjonsutvikling er stort. Eg kan berre ta ansvar for det arbeidet som Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) gjer i denne samanhengen: auka profesjonalisering gjennom fagutvikling og høg etisk medvit knyta til terapeutrollen. 
 
Høgstemt indignasjon
Dei mest markante kritikarane i den siste tida har vore lege Jørgen Skavlan og professor i biologi Kristian Gundersen. I Dag og Tid fredag 3. mai har professor emeritus i psykiatri, Einar Kringlen, slutta seg til dette kritikarlauget gjennom ei positiv bokmelding av Kristian Gundersen si bok Snåsakoden
 
Einar Kringlen sitt innlegg i Dag og Tid kan lastast ned frå http://nnh.no/vedlegg/1005.pdf
 
Kringlen opnar meldinga si i høgstemt moralsk indignasjon: «I ei tid med høgt opplysingsnivå og framsteg for den tradisjonelle medisinen er alternativ medisin eigentleg eit merkeleg fenomen. For det er ikkje berre uopplyste truskuldige menneske som søkjer seg til desse kvakksalvarane, men òg folk med akademisk utdanning.» Han gjentek seinare at han helst føretrekk å kalla sektoren kvakksalvarmedisin.
 
Einar Kringlen målber her i praksis ei nærast totalitær og gamalmodig tilnærming til korleis folk flest skal forholda seg til fenomen som ein pr. i dag ikkje har god nok vitskapeleg dokumentasjon for. Det er ei undervurdering av dei erfaringane tusenvis av menneske og terapeutar/legar har hatt med andre medisinske metodar enn det som er definert som offentleg adekvat behandling. Sidan me alle er individuelle skapningar og responderer ulikt på ulike intervensjonar, er det viktig å ha eit mangfald i det terapeutiske feltet. Men slike gjerningar skal alltid vera styrt av sunne etiske haldningar.
 
Vitskapleg dokumentasjon
Det biokjemiske hegemoniet innan medisinen har også skapt ein vitskap som på mange måtar underkjenner individualisert behandlingspraksis og framhevar det ein i dag kallar for evidensbasert praksis, der kontekstfri tilnærming er målet. Den biokjemiske medisinen er som skapt for RCT-designet, men røyndomen og levd liv seier noko anna. Dette trur eg er hovudårsaka til at bort i mot ein tredjedel av det norske folk nyttar våre tenester. Dei vil ha individualisert behandling. 
 
Eller for å sitera professor i psykologi, Tor-Johan Ekeland: «skreddarsaum  i samdesign med klienten».Innan naturmedisinen er økologisk tenking grunnfundamentet for både å forstå sjukdom og utarbeiding av ein behandlingsstrategi der samanheng/samspel mellom ytre og indre faktorar er sentrale – både fysiske, psykiske, mentale og sosiale.
 
Aarbakkeutvalet
Einar Kringlen svingar også sitt verbale sverd over Aarbakke si utgreiing i NOU 1998:21 Alternativ medisin – og tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten.
 
Slik eg ser det, var utgreiinga eit forsøk på å skapa ei nærast sosiodiagnostisk kartleggjing av både tilstand og status, behandling og prognose i forhold til ein sektor som aldri hadde vore i nærleiken av å få merksemd og omsorg av forvaltning og politisk nivå. Utgreiinga og dei rettslege/utanomrettslege forslaga var også eit sivilisatorisk arbeid det står respekt av. Kontakta mi med både forskarar, politikarar og terapeutar/legar i Europa stadfestar dette ved at dei ofte nemner Noreg i slike samanhengar. At Kringlen meiner dette er eit tilbakesteg for eit sivilisert samfunn, treng ingen kommentar frå mi side.
 
I glashus
Ironisk nok var det i same utgåva av Dag og Tid ein artikkel av Andreas Skartveit med Psykiatrien i uføre som overskrift. Når Kringlen kritiserer andre for lågt vitskapleg nivå, sit han sjølv i glashus når det gjeld psykiatrien sin historie. 
 
Sjølv om han framhevar at «den vitskaplege medisinen har i stor grad vore viljug til å forlata tvilsame terapiar når prov for manglande effekt vert lagt på bordet», er psykiatrisk historie eit godt prov på at slike prosessar har vore svært seigliva og med uboteleg skade for mange menneske. 
 
Innlegget er tidlegare trykt som lesarinnlegg i Dag og Tid nr 21/2013


Vedlegg:
Dag og Tid 3. mai 2013 - Alternativ medisin utan effekt


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers