Terapier
   Akupressur
   Akupunktur
   Biopati
   Ernæringsterapi
   Fytoterapi
   Heilpraktiker
   Holistisk hesteterapi
   Homøopati
   Kinesiologi
   Kopping
   Kraniosakralterapi
   Lymfedrenasje
   Lysstimulering
   Nat.med. aromaterapi
   Nat.med. muskelterapi
   Øreakupunktur
   Polaritetsterapi
   Refleksologi
   Rosenmetoden
   Soneterapi
 

05.10.2008
Generelt om NNH-terapeuters behandlingstilbud

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) organiserar terapeutar som praktiserar ulike terapiformer innan naturterapeutisk behandling. Einskilde terapeutar praktiserar bare ein terapiform, men hovudtyngda av medlemsmassen nyttar fleire terapifag/metodar i sin praksis.


Ettersom ein NNH terapeut ikkje har lov til å marknadsføra seg med anna enn det/dei hovudfaga vedkomande er godkjent i, kan pasientar være trygge på å få ein kvalifisert behandling i dei terapiformene som blir nytta - uansett om dette er ein eller fleire. Dei ulike faggruppene eller sentralstyret/landsmøtet i NNH har hovudansvaret for å fastsetja utdanningsnivå i dei ulike faga. Omsynet til at dei fleste integrerar fleire terapifag i sin praksis, har gjort at NNH satsar på å kvalitetssikra solide grunnutdanningar tilpassa ein naturterapeutisk praksis og med gode føresetnadar for vidare spesialisering - jfr. dei ulike fagkrava under Terapibeskrivelser.

Fagkrava i dei allmenndannande faga er i dag på minimum 300 undervisningstimar eller tilsvarande 30 studiepoeng i høgskulesystemet for grunnmedisinske fag (anatomi, fysiologi, patologi osb.), 50 undervisingstimar i Generelle fag (etikk, kommunikasjon osv.) og 110 timar i Naturmedisinsk grunnutdanning. Hovudmålet med desse allmenndannande faga er å utdanna terapeutar med ein høg etisk standard, gjera dei i stand til å kommunisera med andre fagprofesjonar og utvikla ei kritisk tenking til både seg sjølv, sitt eige fag, etablerte sanningar og nyare forsking/kunnskap. Vidare å skapa ei forståing for hovudprinsippa innan ulike klassiske naturmedisinske system for dermed å tydeleggjera den naturterapeutiske identiteten og komplettera forståinga og utøvinga av dei ulike terapiformene.

NNH har vedtektsfesta etiske regler som medlemma er forplikta til å fylgja. Organisasjonen har også eit klageorgan/etisk råd som pasientar kan bruka om dei meiner seg feilbehandla i forhold til nemnde regelverk. Terapeutmedlem pliktar å ha oppslag om dette på venterom/kontor.
 
OPPDATERT 10.09.2010








 




 
 
Tlf. 21 01 37 00 Faks 21 01 37 05 Postboks 9397 Grønland, 0135 Oslo Besøksadresse: Brugata 19, Oslo post@nnh.no