Faggrupper i NNH | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 
    Faggrupper
   Akupunktur
   Biopati
   Fytoterapi
   Heilpraktiker
   Helhetsterapi
   Holistisk hesteterapi
   Homøopati
   Kinesiologi
   Kopping
   Kraniosakralterapi
   Nat.med. aromaterapi
   Nat.med. ernæringsterapi
   Nat.med. muskelterapi
   Øreakupunktur
   Polaritetsterapi
   Refleksologi
   Rosenmetoden
   Soneterapi
   Terapeutisk healing

 

01.12.2015
Faggrupper i NNH

Dei ulike faggruppene er fundamentet i NNH sin organisasjonsstruktur og har som hovudmål å hegna om og utvikla dei ulike naturterapeutiske terapifaga.
 
I NNH sine vedtekter er kvar faggruppe plikta til å utarbeida fagretningslinjer i sine respektive terapiformer. Desse vil så danna grunnlaget for søknad om godkjenning av studieplanar ved utdanningsinstitusjonar og seinare individuelle søknadar om terapeutmedlemskap.

 




Organisatorisk er ei inndeling i faggrupper, i staden for meir eller mindre autonome underorganisasjonar, fordelaktig ved at det skapar mindre byråkrati og gjer at tida frå idé til handling og vedtak blir vesentleg kortare. NNH har som mål at dei fleste faggrupperingar er representert i sentralstyret.
 
Inndeling i faggrupper er også ei forutsetning for å ha kontakt med internasjonale naturterapeutiske fagorganisasjonar som driv med utvikling av fagstandarar i dei ulike faga.
 
NNH har valt ein organisasjonsstruktur som integrerer og tek vare på dei særeigne fagidentitetane representert ved dei ulike faggruppene.  Samstundes har vi skapt ein felles utdanningsidentitet gjennom dei allmenndannande faga som alle må ha uansett kva naturterapeutisk terapifag den einskilde vel som sine hovudterapifag. Dette skapar ein organisasjon som er effektiv og mindre byråkratisk og terapeutar som kan tilby behandlingsopplegg som er mangfaldig og differensiert.
 
------------
 
Aktiviteten i dei ulike faggruppene kan variera frå tid til anna. NNH sin administrasjon vil likevel alltid sørgja for å ha tilgjengelege kontaktpersonar som er med på å oppretthalda kontinuiteten og kan vera hjelpsam med informasjon. Ta elles kontakt med NNH sin administrasjon.


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers